Europa som fornufts- og lagnadsfellesskap

Ved inngangen til det som kan bli eit annus horribilis for EU kan det vera grunn til igjen å spørja: Kvifor treng vi europeisk integrasjon?  Kva slag EU treng vi? Korleis skal ein argumentera for EU i dag? (Og då meiner eg ikkje for norsk EU-medlemskap.) For å svara på dette kan vi ta utgangspunkt i tre typar pro-europeisk diskurs som har vore framført opp gjennom åra: ein som legg vekt på fornuftsbaserte argument, ein som argumenterer normativt og ein kulturell og historisk diskurs. Alle desse argumentasjonsmåtane bør inngå i ein framtidsretta visjon som kan føra EU og Europa ut av det nåverande uføret.

Fornufts- eller nyttebasert argumentasjon

Fornufts- eller nyttebasert argumentasjon for europeisk samarbeid har vore vanlegast. Mest grunnleggjande blir denne uttrykt i læresetningar som at:

  • felles utfordringar krev felles løysingar;
  • samarbeid er betre enn krig;
  • marknadsintegrasjon gir stordriftsfordelar, konkurranse, vekst og velstand;
  • ein får større styrke overfor omverda ved å stå saman; og
  • det gir større innverknad å vera med enn å stå utanfor eit fellesskap.

Merk at slik argumentasjon for samarbeid og overordna styresmakt kan brukast for all kollektiv samhandling og fellesskapeleggjering, inkludert i nasjonalstaten. I EU sitt tilfelle har argumenta for fred og vekst hatt særleg gjennomslag.

Grunnleggarane av EU tok det som gitt at denne diskursen ville ha stor effekt, ja, nærast var sjølvinnlysande riktig, spesielt med andre verdskrig friskt i minne. Meiningsmålingar, offentleg debatt og politiske vedtak viste då også at det i den tidlege fasen var brei semje i samfunnet («permissive consensus») om europaidéen.

Men europatilhengarane gjekk også ut frå at det som skulle bli EU ville vinna ytterlegare støtte ved å levera resultat som viste samarbeidets nytte og nødvende over tid. Og etter kvart ekspanderte som kjent samarbeidet enormt, slik at mest alle saksfelt og mest heile Europa nå er dekka. Likevel har vi over tid sett ein svakt fallande trend i folkeleg støtte til EU (jamfør mitt tidlegare innlegg om Europa og «folket»). I dag ser vi til og med eit nasjonalistisk tilbakeslag i ein del medlemsland.

Dette har etter mitt syn samanheng med følgjande forhold:

  • Fornufts- og nyttediskursen er overordna og strategisk. Etter kvart som EU er blitt fordjupa og utvida har samarbeidet blitt stadig meir teknokratisk, komplisert og kontroversielt. Det er blitt vanskelegare å få auga på den overordna fornufta og nytteeffekten;
  • EU er blitt ein del av normalpolitikken og blir tatt for gitt. Samstundes er unionen blitt viktigare i kvardagen til folk og blir dermed utsett for meir kritisk søkelys i offentlegheita. Kritikk og fallande oppslutnad betyr ikkje nødvendigvis motstand mot EU i seg sjølv, men kan uttrykka misnøye med det EU leverer og korleis det fungerer;
  • Den fornufts- og nyttebaserte argumentasjonen  appellerer til hovudet og ikkje til hjartet. Han er dessutan universalistisk og dermed Europa-uspesifikk. Han byggjer ikkje kjensler av lojalitet og tillit til Europa, av at vi er i same båt og at Europa også er ein lagnadsfellesskap;
  • den store arbeidsløysa og dei økonomiske utfordringane elles for Europa blir knytta til euroen, som dermed i aukande grad blir oppfatta som eit ufornuftig prosjekt.

Normativ argumentasjon

Jürgen Habermas (f. 1929)

Dei seinare åra har det vokse fram ein pro-europeisk diskurs som er meir prosessorientert og normativ. Den tyske filosofen Jürgen Habermas har vore ein pådrivar her, og i Noreg har europaforskingssenteret Arena ved Universitetet i Oslo, grunnlagt av Johan P. Olsen og nå leia av Erik Oddvar Eriksen, blitt eit kraftsenter for slik tenking.

Denne diskursen er prinsipielt antinasjonalistisk og kosmopolitisk, og støttar EU som ein «postnasjonal konstellasjon». Til erstatning for nasjonalismen går ein inn for «grunnlovspatriotisme», det vil seia at lojalitet til EU (og statar) skal knyttast til eit verdigrunnlag og regelsett som er fastsett i eit grunnlovsliknande basisdokument. Dette skal mellom anna fastslå at samarbeidet skal byggja på demokrati, respekt for menneskerettane og rettsstatsprinisppet.

På dette normative grunnlaget skal europeisk identitet og politikk utviklast gjennom «kommunikativ» rasjonalitet og demokratisk «deliberasjon», det vil seia fornufts- og kunnskapsbasert offentleg diskusjon etter bestemte reglar. Denne argumentasjonen legg hovudvekta på utvikling av demokratiske institusjonar og demokatisk praksis (spesielt eit levande offentleg ordskifte) for å styrka EUs legitimitet.

Men også denne typen diskurs talar til fornufta heller enn til kjenslene og er i utgangspunktet universalistisk og Europa-uspesifikk.

Slik universalisme har ført til paradoks som at Europas mest sjølvmedvite verdslege stat, Frankrike, går mot EU-medlemskap for det tilsvarande sekulære og delvis europeiske Tyrkia utan heilt å kunna forklara kvifor. I praksis forsvarar Frankrike eit EU avgrensa til det historisk kristne Europa. Ja, fransk argumentasjon for eit kjerne-EU som svar på eurokrisa kan til og med tolkast som eit forsvar for det opphavlege, overvegande katolske sekslandsfellesskapet.

Med ein slik universalisme (eller kosmopolitanisme) blir det dessutan vanskeleg å forklara kvifor ein skulle ha større lojalitet til Europa enn til dømes til USA, som byggjer på same verdigrunnlag.

Faktum er, som Habermas sjølv har påpeika (i Zeit der Übergänge), at røtene til idéar som menneskeverd, menneskerettar og ytringsfridom ikkje er sekulære eller universelle, men spring ut av jødisk og kristen etikk. (Hallvard N. Jørgensen og Silje Kvamme Bjørnstad minner om dette i eit innlegg i Aftenposten 12. januar 2012.) Dagens førestillingar om demokrati og rettsstat har også som kjent opphav i europeisk/vestleg kultur og historie. Utan ei djupare kjensle av ein spesifikt europeisk identitet er det vanskelegare å argumentera for europeisk solidaritet til dømes for å redda euroen.

Kulturell og historisk argumentasjon

Dermed kjem vi over på den den kulturhistoriske diskursen, som dreiar seg om kjensler av og tradisjonar for kollektiv tilhøyrigheit. Eg hevda i mi doktoravhandling at kulturelle faktorar i praksis var nødvendige, om ikkje tilstrekkelege, føresetnader for at EU oppstod. Grunnleggjarane av EU, som i stor grad var kristelegdemokratar, såg på Europa som eit historisk skapt verdifellesskap. Wolfram Kaiser har skildra korleis vesteuropeiske, katolske kristelegdemokratar i sine transnasjonale fora på femtitalet (og før) mana fram Karl den Stores rike, den tidlege Kristenheita (res publica christiana eller christianitas) og Det heilage romerske riket som historiske modellar for Europa. Så seint som for ti år sidan gjekk pave Johannes Paul II inn for polsk EU-medlemskap for å styrka kristendommens stilling i Europa (men også for å forankra demokratiet, menneskerettane og rettsstaten i tidlegare kommunistland).

Utan at kristelegdemokratar hadde site med makta i dei seks grunnleggarstatane i perioden frå slutten av førtitalet til slutten av sekstitalet trur eg vi i beste fall i dag berre hadde hatt det mellomstatlege Europarådet, eller EFTA. Det europeiske folkepartiet, som er dominert av kristelegdemokratar, er framleis Europas mest føderalistiske partigruppering.

Men gjenskaping av eit sameint Europa på kristendommens grunn er nok ei tapt sak. Utan tvil har likevel Europa ein særskilt, kulturell fellesarv som både definerer EU og som EU har som ei av sine oppgåver å ivareta. Kristendommen er ein svært viktig del av arven, men det er også den humanistiske og rasjonalistiske arven som har svekka kristendommen, i alle fall som religion. I det nye forordet i EU-traktatane heiter det at grunnleggjarane (medlemslanda) er inspirerte av

Europas kulturelle, religiøse og humanistiske arv, som er grunnlaget for utviklinga av dei universelle verdiane: det einskilde menneskets ukrenkelege og umistelege rettar forutan fridom, demokrati, likskap og rettsstaten…(mi omsetjing frå dansk)

Ei utfordring ved å fremja ein kulturell og historisk europeisk identitet for mange, spesielt på venstresida, er at dei identifiserer Europa først og fremst med imperialisme, utbytting og undertrykking av andre land og kulturar, med slavehandel, rasisme, nazisme/verdskrigar og andre negative fenomen. Dette er i seg sjølv typisk europeisk: systematisk sjølvkritikk, for ikkje å seia sjølvpisking, er kanskje det mest framtredande europeiske karaktertrekket, i alle fall blant intellektuelle.

Men dei fleste frå det moderate høgre til det moderate venstre vil vera samde i at Europa også kan knyttast til eineståande idéar, prestasjonar og særtrekk når det gjeld demokrati, fridom, menneskerettar, rettsstat, velstand, velferd, solidaritet, marknadsøkonomi, industri, vitskap, teknologi, medisin, filosofi, filologi, samfunnsvitskap, individualisme, liberalisme, sosialisme, kunst, kultur, arkitektur, musikk, mat, drikke osv., osv. Dette er noko av grunnen til at Europa framleis er nordmenns mest populære reisemål. På godt og vondt, men mest på godt, har Europa forma mykje av den verda vi har i dag. Her manglar historisk kunnskap og medvit heller enn kjensgjerningar og praksis.

Paul Valéry (1871-1945)

Faktum er, som José Ortega y Gasset har skrive, at fire femdelar av vår åndelege rikdom er europeisk fellesarv (Revolt of the Masses, 1932, s. 180). Ta eit nasjonalt symbol som det norske flagget: krossen symboliserer kristendommen, fargane er den franske (og amerikanske) revolusjonens. Paul Valéry føreslo følgjande definisjon av Europa i 1922:

Wherever the names of Cæsar, Cajus, Trajan, and Virgil, of Moses and St. Paul and of Aristotle, Plato, and Euclid have had simultaneous meaning and authority, there is Europe. Every race and land that has been successively Romanised, Christianised, and, as regards the mind, disciplined by the Greeks, is absolutely European (sitert i de Rougemont, The Idea of Europe, 1966, s. 367).

Framtidas diskurs

Men tilbake til kva argument for europeisk integrasjon som er mest aktuelle i dag. Kva europadiskurs har framtida for seg? Kva slag EU vil vi ha? Kan EU knyttast til ein framtidsretta visjon for Europa? Og kven skal målbera den?

Alle dei tre nemnde diskursane er etter mitt syn framleis høgst relevante og må inngå i ein visjon for EU. Europeisk samarbeid bør grunngjevast ikkje berre instrumentelt og geografisk, men også normativt og kulturelt.  På sikt bør EU få større emosjonell appell og klarare demokratisk forankring. Ordentleg legitimitet får ikkje unionen før dei utøvande leiarane på ein eller annan måte er direkte valde eller utgått frå det direktevalde Europaparlamentet.

Men på kortare sikt må EU likevel rettferdiggjera seg gjennom å levera gode svar på konkrete felles utfordringar. Mest akutt nå er det å redda eurosamarbeidet og samtidig få til auka vekst og sysselsetting. Dette krev eigenleg omfattande nye traktatendringar for å etablera ein reell politisk union, i tillegg til nasjonal strukturreform for liberalisering og auka konkurranseevne.

Men det er her den fornufts- og nyttebaserte diskursen støyter mot eit paradoks: når det er snakk om overføring av vedtaksmakt, demokratisering og straumlinjeforming av EU tar kjenslene over og det viser seg at mange har eit religiøst og ikkje eit rasjonelt forhold til nasjonal suverenitet. Dette er kritisk fordi det i dag blir stilt heilt andre krav til demokratisk medverknad i EU-byggverket enn i nasjonsbyggingas historie.

Fokuset på nasjonal suverenitet har mellom anna ført til at terskelen for folkerøystingar er blitt mykje lågare i EU-politikken enn i annan politikk.  At talet medlemsland samstundes har auka sterkt har også ført til langt større sjansar for nasjonale veto mot overføring av makt til EU-nivået, og dermed til vanskelegare traktatforhandlingar. Høge krav om demokratisk konsensus hindrar både vidare integrasjon og europeisk identitetsbygging.

Viljen det siste EU-toppmøtet viste til å omgå dette ved å utarbeida ein ny traktat utanfor nåverande traktatverk og som ikkje alle treng vera med på, kan vera vegen ut av dette uføret. Men det er mange skjær i sjøen, og utfallet er ikkje gitt. Eurohavari ville vera eit historisk tilbakeslag med uoverskodelege konsekvensar. Og det er lite som tyder på snarleg føderalistisk revolusjon.

Den langsiktige visjonen bør likevel vera eit meir sameint, effektivt, demokratisk og profilert EU, eit EU som både ivaretar våre fellesinteresser og som vi kjenner tillit og lojalitet til. Dette EU vil framleis vera eit sentrumsprosjekt og representera ein middelveg både politisk og geografisk, med front mot ekstremisme, rasisme og nasjonalisme. Blant partia vil det ha sine viktigaste støttespelarar frå det moderate høgre til det moderate venstre. Det vil vera nært knytta til USA, men vil på grunn av sin geografiske posisjon, sine interesser og si historie stå for ei mindre konfrontatorisk linje i internasjonal politikk. Dette vil vera eit EU som representerer Europa som fornuftsfellesskap, verdifellesskap og historisk fellesskap og som kan ivareta Europas interesser i ei verd med endra maktforhold.

2 responses

  1. «Utan at kristelegdemokratar hadde site med makta i dei seks grunnleggarstatane i perioden frå slutten av førtitalet til slutten av sekstitalet trur eg vi i beste fall i dag berre hadde hatt det mellomstatlege Europarådet, eller EFTA. Det europeiske folkepartiet, som er dominert av kristelegdemokratar, er framleis Europas mest føderalistiske partigruppering.»

    Her var det mye spennende, ikke minst om EUs kristeligdemokratiske “gründere”. Avsnittet over oppleves som noe overraskende når en følger europeiske debatter om integrasjon i dag. På meg virker det som kristeligdemokratene nå er i ferd med å få betydelig konkurranse fra sosialdemokrater og ikke minst grønne/miljøpartier om å være mest føderalistisk orientert. I Tyskland merker en dette ved at regjeringen ikke møter noen EU-skeptisk opposisjon i debattene om eurokrisen. Tvert imot ønsker både SPD og De Grønne lengre skritt i retning et føderalt EU, i hvert fall mer bruk av fellesskapsmetoden og dypere integrasjon, for eksempel ved innføring av euro-obligasjoner som alle eurolandene skal garantere for sammen. Sterke krefter i CDU, framfor alle Merkel, taler derimot varmt (og vagt) om unionsmetoden og en “økonomisk regjering” styrt av Tyskland-Frankrike via toppmøtene, og avviser alt snakk om eurobonds. I det hele tatt virker det som det går en mer og mer tydelig skillelinje melllom venstresiden (den moderate delen, som du skriver) og høyresiden (ditto moderat) i Europa, der venstresiden er de sterkeste forsvarerne av EU-institusjonene og integrasjon. Dette passer veldig dårlig med norsk EU-diskurs, der EU fortsatt mest ses som et markedsliberalistisk prosjekt.

    Hva tror du om dette? Hvorfor har det moderate venstre skiftet syn?

    (PS Gratulerer med en veldig interessant blogg!)

    • Takk for hyggeleg kommentar med eit viktig poeng.

      Ja, og det er gledeleg at, både sosialdemokratar og grønne i Tyskland, Frankrike og i Europaparlamentet synest å ha blitt endå meir integrasjonsvennlege enn før. Dette har nok både med realpolitikk og med opposisjonspolitikk å gjera. Som eg er inne på i innlegget, er det logisk at sentrum-venstre nå bør bli endå større pådrivarar for solidaritetsprosjektet EU nå enn før. Utfordringane krev meir Europa, ikkje mindre. Dei er dessutan i mindretal/opposisjon så vel i Tyskland og Frankrike som i EU-institusjonane, og kan dermed markera seg som meir proeuropeiske.

      Når eg omtalar European People’s Party som Europas «framleis mest føderalistiske partigruppering» har dette samanhang med at kristelegdemokratane alltid har vore meir ideologiske og eksplisitte enn sentrum-venstre på dette. Inntil nyleg skreiv EPP-formannen Wilfred som følgjer på EPPs webside (finn det ikkje igjen nå):

      «the EPP is the leading political force on the continent. The EPP is a family of the political centre-right, whose roots run deep in the history and civilisation of the European continent and has pioneered the European project from its inception. The EPP is committed to a federal Europe, based on the principle of subsidiarity – a democratic, transparent and efficient Europe. [….]»

      I partiets grunnprogram heiter det i pkt 205: «The European Union must be founded on a relationship of federation and not subordination between it and its Member States. This federal concept will take account of local, regional, national and European levels. The European Federation will be a community of decentralized nations, not a unitary super-state». Jmf http://www.32462857769.net/EPP/e-PressRelease/PDF/athene-BASIC_PROGRAM001_.pdf

      Så vidt eg kan sjå, er verken sosialdemokratane eller dei grønne så uttalte i si støtte for f-ordet, sjølv om dei tydelegvis går inn for det i praksis. Om Angela Merkel er europaføderalist veit eg ikkje. Wolfgang Schäuble er det i alle fall, saman med store delar av CDU og (i mindre grad) CSU. Men også slike føderalistar kan ha ulike meiningar om korleis eurokrisa bør løysast, spesielt når dei er tyskarar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: