EU og «folket»

Ein vanleg kritikk av EU er at det er eit eliteprosjekt, utan reell folkeleg støtte. EU manglar dermed legitimitet, heiter det. Argumentet blir framført med ekstra styrke nå under eurokrisa. Men sjeldan kjem kritikarane med empirisk belegg for påstanden, som gjerne blir framført bastant og unyansert. Noko av problemet er at meiningsmålingar er mest nærliggande å bruka til å finna emprisk belegg, og her er som kjent både spørsmålsstilling og tolking avgjerande. Som ein ropar i skogen får ein svar. Ein må dessutan sjå lange tidsseriar av respons på same spørsmål for å kunna seia noko fornuftig om trendar osv.

Dei fleste tyr til Europakommisjonens Eurobarometer for å måla lange trendar i folks holdningar til EU. Eurobarometer har undersøkt dette kvar vår og haust sidan 1973, og sporadisk også før det. Nokre spørsmål har vore identiske i heile perioden, mellom anna om EU-medlemskap har vore ei god eller dårleg sak for vedkomande medlemsland. Det viser seg at det er høg korrelasjon mellom dette og andre typar spørsmål om holdning til europeisk integrasjon. Grafen nedanfor viser utviklinga frå 1973 til og med våren 2011 for EU under eitt. Når vi ser på grafen, må vi hugsa at EU i 1973 nettopp var utvida frå dei opphavlege seks til ni og sidan har fått 27 medlemsland. Målingsgrunnlaget er dermed blitt mangedobla og EU har endra seg monaleg i perioden.

Som vi ser, tangerer nåverande nivå (47%) på dei som meiner EU-medlemskap er bra det tidlegare botnpunktet, hausten 1997. Men sjølv om den langsiktige trenden har vore svakt fallande, har det gått opp og ned og det er framleis mange fleire som er positive enn som er negative til medlemskap i EU under eitt.

Kva så med holdningar til euroen? Grafen under er også basert på Eurobarometer, og er henta frå CEPS-notatet «The Enduring Popularity of the euro throughout the Crisis»:

Til og med tyskarane støttar gjennomgåande euroen, slik det framgår av denne grafen frå CEPS-notatet «Do Germans support the euro?»:

Så blir det gjerne vist til at deltakinga i val til Europaparlamentet har falle, frå 63 prosent i 1979 til 43 prosent i 2009. Det er unekteleg sant, men kva betyr det? Låg deltaking i fylkes- og kommuneval i Noreg blir ikkje oppfatta som prov på at desse forvaltingseiningane er illegitime. Det er også sjølvsagt riktig at det var fleirtal mot den konstitusjonelle/Lisboa-traktaten i folkerøystingane i Nederland og Frankrike i 2005 og i Irland i 2008. Men som grafane over viser, betyr ikkje det at folk flest i desse landa meiner EU-prosjektet er illegitimt, dvs. i strid med alment aksepterte verdiar. Det viser strengt tatt berre at at eit fleirtal på røystingstidspunktet ikkje ville støtta det forslaget som dei då tok stilling til. Nasjonal politikk har også spela inn, spesielt i Frankrike

Når dette er sagt, har eg ingen problem med å vera samd i at EU er drive fram av elitar. Men det betyr ikkje at elitane opererer i eit vakum, utan folkeleg støtte. Også dei fleste av dagens europeiske nasjonalstatar var dessutan opphavleg eliteprosjekt. Det er sjeldan komplekse politiske prosjekt blir borne fram av folkeleg entusiasme.

På den andre sida: EUs og euroens popularitet kjem nok til å falla ytterlegare etter kvart som krisa utviklar seg. Det vil vera både forståeleg og naturleg. Men det treng ikkje bety at europatanken er ein dårleg ide eller at europeisk integrasjon ikkje er fornuftig. Det vil berre avspegla at samarbeidet i dag sviktar.