EU: Sanningas time nærmar seg

Då EFs stats- og regjeringssjefar med Helmut Kohl og Francois Mitterrand i spissen vedtok Maastricht-traktaten, i desember 1991, tenestegjorde eg ved den norske ambassaden i Bonn. Det var denne traktaten som førte til overgangen frå EF til EU og frå nasjonale valutaer til euroen. Europearen i meg gledde seg over det som skjedde, men innerst inne undra eg meg over korleis politisk logikk kunne overkøyra dei mange, særleg tyske, fagøkonomiske innvendingane. Maastricht-traktaten la grunnlaget for ein «økonomisk og monetær union.» Men han medførte ingen politisk union som kunne bakka opp ØMU, og i røynda heller ingen økonomisk union. Korleis kunne dette gå? Det gjekk då heller ikkje. Det veit vi i dag.

David Marsh skildrar i si bok The Euro. The Battle for the New Global Currency (2011) bakgrunnen for miseren.

Lenge såg det ut til å gå bra. Så bra at til og med tyske sentralbankøkonomar vart omvende. Delvis pga. gunstige omstende og delvis pga. kortsiktige tilpassingstiltak (og i alle fall for Hellas» vedkomande, triksing med tal) konvergerte kjerne-EU-landas økonomi nok til at euroen kunne innførast i samsvar med timeplanen på byrjinga av 2000-talet.

Over evne

Den tilsynelatande økonomiske konvergensen i eurosona, saman med optimistisk politisk retorikk, førte til at alle eurolands regjeringar frå innføringa av euroen og fram til 2009 kunne låna pengar til same rente som Tyskland. I tillegg segla Kina opp som ny økonomisk stormakt med enorme valutareservar. Kina investerte ein god del av desse reservane i Europa, mellom anna for å styrka euroen som internasjonal reservevaluta ved sida av dollaren og fordi USA under finanskrisa 2007-2009 var mindre interessant som investeringsmål.

Dette førte til vekst og entusiasme i eurosona i perioden ca 2001-2009. Men bak fasaden skjedde det i følgje Marsh fatale ting:

  • Euroens one size fits all-rentepolitikk oppmuntra medlemsland med svak økonomi til å leva over evne;
  • Europeiske regjeringar og finansstyresmakter, ikkje minst Den europeiske sentralbanken, viste spektakulært manglande evne til å sjå faresignal og gå til mottiltak før det var altfor seint;
  • Spesielt påfallande var trua på at ØMU i seg sjølv ville føra til utjamning av det aukande underskotet i betalingsbalansen til svake økonomiar. Fordi det såg slik ut dei første åra, oppstod ein sjølvforsterkande prosess der sløsaktige regjeringar, selskap og forbrukarar vart belønna heller enn straffa av finansmarknadane.

Marsh skildrar korleis ein valutaunion utan mogelegheit til devaluering svekka konkurranseevna til svake økonomiar med høg inflasjon, som Irland, Hellas, Spania, Portugal og Italia. Ein euro med ein internasjonal styrke tilsvarande den tidlegare D-marken prisa desse landas varer og tenester ut av internasjonale marknadar. Dei brukte den låge lånerenta til tysk nivå ikkje til å byggja opp produktiv kapasitet, leggja til rette for teknologisk utvikling og til å styrka konkurranseevna, men til å fyra opp under eit sløsaktig forbruk og spekulative investeringar i finansielle instrument og eigedom som seinare stupte i verdi.

Fordi renta i løpet av euroens åtte første år var klart for låg for desse landa, oppstod ein kredittboom som førte til høge vekstratar, men også høg inflasjon, noko som undergrov konkurranseevna ytterlegare. Dette førte i sin tur til aukande underskot på betalingsbalansen som måtte finansierast med nye lån, forutan til eksepsjonelt høg arbeidsløyse.

Olje på eit saktebrennande valutabål

Konkurransedyktige land som Tyskland opplevde samstundes det motsette: lågare vekstratar og lågare inflasjon som førte til endå betre konkurranseevne og større betalingsoverskot, som i sin tur vart ført tilbake som lån til underskotslanda. I følgje Marsh var dette som «å hella olje på eit saktebrennande valutabål.» Den europeiske sentralbanken fanga opp noko av dette, men på langt nær alt, og slo ikkje alarm. Nokre få fagøkonomar kom med åtvaringsrop, men vart overhøyrte.

Det var først under den amerikanske bustadlånkrisa i 2007 at varselklokkene vart høyrlege. Etter 2009 måtte eurolandas regjeringar gå til massive åtgjerder dei var heilt ubudde på og som i følgje Marsh (som er ajour pr april 2011) har medført utgifter som langt overgår den skadeserstatning Tyskland måtte betala etter første verdskrig og den amerikanske Marshall-hjelpa til Europa etter andre verdskrig. Til saman!

Marsh konkluderer at eurosona er avslørt som eit område med

nær permanent økonomisk divergens, forvitrande politisk polarisering og innebygde finansielle ubalansar, låst i ein evig halvskugge mellom von og smerte… Dei fleste europeiske veljarar knyter nå omgrepet «Europa» til upopolær og smertefull omstrukturering…. ØMU-regjeringane har vedtatt å setja av kolossale summar av skattebetalaranes pengar dei ikkje har råd til, til å retta opp interne avvik dei ikkje kan tilsløra, for å støtta opp under eit rammeverk mange meiner ikkje kan stå – i det minst ikkje i si nåverande form.

Euroen overlever

Marsh meiner likevel at det er svært lite sannsynleg at euroen bryt saman og forsvinn. For mykje politisk og økonomisk kapital er investert. Likevel er det stor fare for fragmentering ved at anten sterke eller svake land bryt ut og gjeninnfører ein nasjonal valutapolitikk i ei eller anna form. Kinesisk – og i mindre skala japansk – støtte er på den andre sida framleis ein samlande faktor. Men euroen er blitt ei brikke i eit større spel om global økonomisk makt mellom USA og Kina. Euroen har svekka Europa som global aktør, heller enn det motsette, slik meininga var. Marsh held fram:

Den fellesvalutaen som dukkar opp i vrakgodset etter den europeiske gjeldskrisa vil vera svært forskjellig frå den byggherrane førestilte seg. Motgangen vil splitta heller enn samla byggverket. Det vil oppstå blokker av kreditorar og debitorar som ligg i strid med ein annan. Årevis med dyre og komplekse finansielle støttetiltak, tilsvarande medisinske livreddingsåtgjerder, vil vera nødvendige. Eit Europa i to hastigheiter er blitt ein realitet, med ei nordleg gruppe av relativt integrerte, homogene og samansveisa kreditorland rundt Tyskland og Nederland på den eine sida og på den andre ei meir variert gruppe av hardt ramma debitorar i periferien – Italia, Spania, Portugal, Hellas og Irland. Frankrike, som er politisk og økonomisk nært Tyskland, men samstundes disponert for langvarig strid med tyskarane om drifta av valutaunionen, kjenner seg nervøst klemt mellom dei to gruppene.

Så langt David Marsh.

Tysk ironi

Sett frå tysk ståstad er det mykje ironi ved situasjonen.  Tyskland er landet der økonomane var mest skeptiske til ØMU og er nå også landet som er mest restriktiv til vidtgåande redningstiltak. Men det er også Tyskland som har tent mest på euroen og som derfor bør ha stor interesse av at han overlever. Samstundes er den tyske regjeringa redd for redningstiltak som vil belønna dei landa som har opptredd økonomisk uansvarleg, ved at fellesskapet (i praksis for ein stor del Tyskland) overtar ansvaret for deira gjeld og lettar presset på dei for omstrukturering. Nyordet «moral hazard» er eit diplomatisk uttrykk for denne uroa.

Det er også ironisk at eitt av formåla med Maastricht-traktaten var å sikra eit europeisk Tyskland, ved å binda det gjenforeinte landet fast i ein styrka europeisk union. Nå kan utfallet bli eit tysk Europa, i alle fall når det gjeld økonomisk disiplin.

Det føregår nå eit svarteperspel om euroen, dvs. om kven som tar rekninga (les ein god utjupande analyse her). Frankrikes nye president, Francois Hollande, har kasta seg inn i det. Også den nye greske valkampen er prega av gambling om at Tyskland til slutt stiller opp, i eiga interesse.

Valet av Hollande har gitt ny vind i segla til dei som går inn for å leggja større vekt på tiltak som kan stimulera til vekst og sysselsetting, og ikkje berre på innstramming. Det er klart eit stort behov for økonomisk vekst. Problemet er at det er lite rom for keynesiansk motkonjunkturpolitikk, spesielt i gjeldslanda. Derfor må kreditorlanda, og spesielt Tyskland, trø til med etterspørselsstimulerande tiltak. I det siste har det då også kome signal om tysk vilje til større lønnsvekst og inflasjon. Likevel er det ingen veg utanom at dei kriseramma landa strammar inn, restrukturerer og liberaliserer sin økonomi, slik at han blir meir konkurransedyktig. Dette må til for å skapa langsiktig vekst og sysselsetting.

Angela Merkel og Francois Hollande

Større krise før ny giv

Likevel kjem ein ikkje utanom ytterlegare og meir radikale krisetiltak på EU-nivå uomgjengelege om ein skal unngå eit stort tilbakeslag, slik The Economist påpeikar i ein leiarartikkel om euroen og EUs framtid denne veka. Tidsskriftet meiner EUs val står mellom full oppløysing av euroen og eit stort steg i retning av djupare integrasjon. Det normalt euroskeptiske bladet konkluderer klart: «a limited version of federalism is a less miserable solution than the break-up of the euro».

Spørsmålet er om til og med ein avgrensa fiskalunion er mogleg å få til i tide til å unngå eurokollaps. Eg er redd det må ei endå større krise til før ein kan dela ut korta på nytt.

Konsekvensane er uoverskodelege. Men EU er eit produkt av krig og kriser. Store sprang krev store kriser. La oss vona denne krisa ikkje blir bortkasta. Eg for min del ser ikkje bort frå at Kohl og Mitterrand kan ha innsett at ØMU kunne eller ville føra til eit samanbrot som i sin tur ville munna ut i den politiske unionen dei ikkje fekk til i Maastricht. Une fuite en avant.

Uansett vil Tysklands holdning, og i første omgang til utviklinga i Hellas, igjen avgjera euroens og EUs framtid. Angela Merkel har sjølv peika på kva som står på spel: «dersom euroen sviktar, så sviktar Europa.» Slik sett slår sanningas time for EU rundt 17. juni, då greske veljarar på nytt går til urnene.

Etterord pr. 27.06.2012:

Valutfallet i Hellas utsette «sanningas time» for EU ytterlegare. Dette er ei krise i langsom kino. Men utfallet synest gitt, som eg skriv i dette seinare innlegget. Dessverre.

EU og «folket»

Ein vanleg kritikk av EU er at det er eit eliteprosjekt, utan reell folkeleg støtte. EU manglar dermed legitimitet, heiter det. Argumentet blir framført med ekstra styrke nå under eurokrisa. Men sjeldan kjem kritikarane med empirisk belegg for påstanden, som gjerne blir framført bastant og unyansert. Noko av problemet er at meiningsmålingar er mest nærliggande å bruka til å finna emprisk belegg, og her er som kjent både spørsmålsstilling og tolking avgjerande. Som ein ropar i skogen får ein svar. Ein må dessutan sjå lange tidsseriar av respons på same spørsmål for å kunna seia noko fornuftig om trendar osv.

Dei fleste tyr til Europakommisjonens Eurobarometer for å måla lange trendar i folks holdningar til EU. Eurobarometer har undersøkt dette kvar vår og haust sidan 1973, og sporadisk også før det. Nokre spørsmål har vore identiske i heile perioden, mellom anna om EU-medlemskap har vore ei god eller dårleg sak for vedkomande medlemsland. Det viser seg at det er høg korrelasjon mellom dette og andre typar spørsmål om holdning til europeisk integrasjon. Grafen nedanfor viser utviklinga frå 1973 til og med våren 2011 for EU under eitt. Når vi ser på grafen, må vi hugsa at EU i 1973 nettopp var utvida frå dei opphavlege seks til ni og sidan har fått 27 medlemsland. Målingsgrunnlaget er dermed blitt mangedobla og EU har endra seg monaleg i perioden.

Som vi ser, tangerer nåverande nivå (47%) på dei som meiner EU-medlemskap er bra det tidlegare botnpunktet, hausten 1997. Men sjølv om den langsiktige trenden har vore svakt fallande, har det gått opp og ned og det er framleis mange fleire som er positive enn som er negative til medlemskap i EU under eitt.

Kva så med holdningar til euroen? Grafen under er også basert på Eurobarometer, og er henta frå CEPS-notatet «The Enduring Popularity of the euro throughout the Crisis»:

Til og med tyskarane støttar gjennomgåande euroen, slik det framgår av denne grafen frå CEPS-notatet «Do Germans support the euro?»:

Så blir det gjerne vist til at deltakinga i val til Europaparlamentet har falle, frå 63 prosent i 1979 til 43 prosent i 2009. Det er unekteleg sant, men kva betyr det? Låg deltaking i fylkes- og kommuneval i Noreg blir ikkje oppfatta som prov på at desse forvaltingseiningane er illegitime. Det er også sjølvsagt riktig at det var fleirtal mot den konstitusjonelle/Lisboa-traktaten i folkerøystingane i Nederland og Frankrike i 2005 og i Irland i 2008. Men som grafane over viser, betyr ikkje det at folk flest i desse landa meiner EU-prosjektet er illegitimt, dvs. i strid med alment aksepterte verdiar. Det viser strengt tatt berre at at eit fleirtal på røystingstidspunktet ikkje ville støtta det forslaget som dei då tok stilling til. Nasjonal politikk har også spela inn, spesielt i Frankrike

Når dette er sagt, har eg ingen problem med å vera samd i at EU er drive fram av elitar. Men det betyr ikkje at elitane opererer i eit vakum, utan folkeleg støtte. Også dei fleste av dagens europeiske nasjonalstatar var dessutan opphavleg eliteprosjekt. Det er sjeldan komplekse politiske prosjekt blir borne fram av folkeleg entusiasme.

På den andre sida: EUs og euroens popularitet kjem nok til å falla ytterlegare etter kvart som krisa utviklar seg. Det vil vera både forståeleg og naturleg. Men det treng ikkje bety at europatanken er ein dårleg ide eller at europeisk integrasjon ikkje er fornuftig. Det vil berre avspegla at samarbeidet i dag sviktar.

Norske nettstader om Europa

Dei siste dagane har eg prøvd å orientera meg om norsk informasjon og kommentar om EU og Europa på nett.  Her er dei beste eg har funne, med mine merknader:

Europabloggen.no: Stadig oppdatert og velinformert blogg ved norske journalistar busett i Brussel og Berlin. Veldig gode lenker, både til norske og internasjonale nettstader om Europa. Min favoritt.

Europapolitikken.origo.no: «sone» eller blogg om europapolitikk med redaktør i Bergensavisen, Olav Terje Bergo, som drivande kraft. Men mest gjengiving av presseartiklar på engelsk.

Europaportalen.no: Offisiell informasjon om Noregs forhold til EU og Europa frå regjeringa.

Den norske delegasjonen til EU i Brussel: Stadig oppdatert, med vekt på norske styresmakters aktivitetar i EU-hovudstaden

EUs delegasjon til Noreg: Europakommisjonens representasjon i Oslo.

Europalov.no: ei privat nettside driven av Tore Grønningseter, som er busett i Brussel. Følgjer EØS- og Schengen-regelverk frå EU og inn i norsk rett. Sakleg, nyttig og oppdatert.

Europautredningen: Offentleg utgreiing om EØS-avtalen og Noregs andre avtalar med EU. Leia av professor Fredrik Sejersted. Legg fram sin NOU i byrjinga av januar 2012.

LO-bladet Aktuells europasider: vedlikehaldne av LOs Brussel-kontor.

Arena, senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo. Fokus på mogelegheiter for demokrati i Europa.

Erik O. Eriksens blogg, professor og senterleiar ved Arena. Aktiv og meiningstung.

Europabevegelsen.no: ja-sidas nettstad, ikkje alltid på ballen etter mitt syn.

Nei til EU: nei-sidas versjon, langt meir på hogget.

Bernt Aardals heimeside, som mellom anna inneheld stadig oppdaterte diagram for utviklinga i det norske folks holdning til EU-medlemskap.

EU-krisa held fram

Rating-byråa Moody’s, Fitch og Standard & Poor’s er ikkje imponerte over utfallet av EU-toppmøtet sist veke. Dei meiner møtet ikkje kom med effektive nye tiltak mot krisa EUs økonomiske og monetære union er på veg mot. Marknadane har også reagert negativt. Nyheitstenesta EUobserver var ikkje sein med å stadfesta at det kan bli mykje offentleg debatt om den nye euro pluss-traktaten i mange EU-land. Ikkje berre i Irland, men også mellom anna i Danmark er det alt snakk om ny folkerøysting. I tillegg skal IMF-finansieringa av redningspakken vera i ferd med å rakna etter motstand frå mellom anna sentralbankane i Estland, Tsjekkia og Tyskland. I dagens Financial Times skriv Stephen King om «Why the eurozone deal will fail«. I Storbritannia er statsminister David Cameron likevel utsett for massiv kritikk for å ha avvist euro pluss-forslaget. Her på berget var finansminister Sigbjørn Johnsen søndag «positiv til ny EU-plan«. Elles har eg sett påfallande lite analyse av konsekvensar for Noreg og EØS-avtalen av planen, jamfør kva eg skreiv i forrige innlegg. Faktisk ingenting. Kanskje ein meiner det ikkje blir nokon ny traktat.

Nytt EU-tog utan Storbritannia: Euroen er bombe i lasta

Rådspresident van Rompuy og kommisjonspresident Barroso på EU-toppmøtet denne veka. © European Union, 2011

EU har lagt bak seg nok eit krisetoppmøte. Det er historisk at det store fleirtalet medlemsland steig på eit nytt høghastigheitstog med Tyskland og Frankrike som lokomotiv, mens Storbritannia stod igjen på perrongen.  Men euroen er med som ei bombe i bagasjevogna. Om bomba går av, vil truleg visa seg om kort tid. I så fall sporar det flotte nye toget av lenge før det kjem i ordentleg fart.

(Oppdatert 15.12.2011) Svært mykje kan seiast om utfallet av toppmøtet. EUs eigen informasjon kan du lesa her. Sjå spesielt ordlyden i erklæringa frå eurolandas stats- og regjeringssjefar. Eg meiner at det viktigaste som skjedde er følgjande:

  • Det skal koma ein ny, separat «euro pluss»-avtale utanom det eksisterande EU-traktatverket. Den nye avtalen skal ha meir robuste reglar for kor stort (dvs. lite) underskot deltakarlanda kan ha på sine statsbudsjett og kor stor gjeld dei kan ta opp. I tillegg kjem retningslinjer for sanksjonar mot overtredarar, overvaking, krisefond og liknande. Mykje gjenstår å avklara, mellom anna kva rolle Europakommisjonen og Europadomstolen vil ha i det nye systemet. Dette blir ikkje enkelt.
  • Den nye avtalen vil vera open for alle nåverande medlemsland, men vil  i utgangspunktet gjelda dei 17 landa som pr. i dag har euro som fellesvaluta. Ordlyden i erklæringa om dette er: «Considering the absence of unanimity among the EU Member States, they decided to adopt them through an international agreement to be signed in March or at an earlier date. The objective remains to incorporate these provisions into the treaties of the Union as soon as possible. The Heads of State or Government of Bulgaria, Czech Republic, Denmark, Hungary, Latvia, Lithuania, Poland, Romania and Sweden indicated the possibility to take part in this process after consulting their Parliaments where appropriate.»
  • David Cameron er dermed den einaste regjeringssjefen som har sagt seg uvillig til å delta. Men truleg vil det oppstå strid om deltaking i mange EU-land, og i alle land vil nasjonale parlament måtta gi sitt samtykke. Eg har vanskeleg for å tru at dette kan gå så fort som det vart påstått på toppmøtet, dvs.at den nye traktaten blir vedtatt på toppmøtet i mars. Det dreiar seg om overføring av ein god del nasjonal suverenitet, og all erfaring tilseier at dette fører til lang og hard debatt. Ikkje minst kan det gode, gamle EU-landet Nederland igjen bli ein torpedo.
  • For euroens overleving på kort sikt blir det viktig korleis finansmarknadane vurderer utfallet av toppmøtet. Eg ville bli overraska om dei slår seg til ro med dette. Viss ikkje, blir det avgjerande kor langt den Den europeiske sentralbanken er villig til gå. Mykje talar for at det går mot eit endespel der det blir opp til sentralbanken å redda euroen med støttekjøp av statsgjeld (populært sagt å la seddelpressa gå). I så fall vil nok banken måtta visa korta heller før enn seinare. Store statslån forfell alt tidleg i 2012. Dersom euro-samarbeidet bryt saman, må EU tilbake til teiknebrettet. Konsekvensane er uoverskodelege i dag.
  • I Noreg har vi halde orden i eige hus. Det hadde vi sikkert også klart om vi hadde vore med i EU, til og med om vi hadde hatt euro som betalingsmiddel (sjå på Finland). Vi hadde måtta stilt opp med større redningsmidlar enn nå, men det hadde vi også hatt råd til. Slik det er nå, observerer vi frå sidelinja. Men vi blir sjølvsagt sterkt berørt av det som skjer. To scenario avteiknar seg:
  • Dersom euroen overlever og ein ny euro pluss-avtale kjem på plass, vil framleis den indre marknaden liggja i botnen. Dermed vil EØS-avtalen bestå. Men fordi den indre marknaden truleg vil vera endå tettare knytt til den økonomiske og monetære unionen (ØMU) som euro pluss-avtalen regulerer, vil det bli endå vanskelegare for EØS-avtalen og dermed for Noreg å henga med. Vi vil dessutan i utgangspunktet stå utan nokon avtale med den nye, indre kjernen i EU. EU går inn i ein ny, endå meir overnasjonal fase og Noreg blir ytterlegare marginalisert.
  • Dersom euroen bryt saman, er alt opent. Vi kan i beste fall stå igjen med dagens EU minus ØMU, noko som i utgangspunktet ivaretar EØS-avtalen. Men truleg vil eit eurokræsj føra til atskilleg meir turbulens i EU, med uføreseielege følgjer for Noregs avtalar. EUs merksemd vil i alle fall ikkje først og fremst bli retta mot Noreg, Island og Liechtenstein. Respekterte kommentatorar som Wolfgang Münchau i Financial Times meiner ein ny europluss-traktat vil føra til at det nåverande EU bryt saman sjølv om euroen overlever. Då fell sjølvsagt også heile Noregs avtaleverk med EU bort, og vi må byrja heilt på nytt.
  • EU er uansett i støypeskeia igjen, og det meir enn nokon gong sidan Messina-konferansen i 1955. Det meiner eg er det viktigaste signalet frå toppmøtet i Brussel denne veka.

For ordens skuld: eg arbeider ikkje med EU-spørsmål i UD, og synspunkta over står heilt ut for mi egia rekning.