Om Europæus norvegicus

Europæus norvegicus betyr norsk europear, eventuelt europeisk nordmann.  Kulturelt og historisk sett er nordmenn først europearar og så norske. I denne bloggen kommenterer eg aktuelle og uaktuelle tema med dette som utgangspunkt. Bloggen handlar ikkje berre om EU og Europa, men også om å sjå norske, europeiske og globale problemstillingar fra ein europeisk synsvinkel. Eg skriv på norsk når målgruppa først og fremst er norsk, men om emne av meir generell europeisk og internasjonal interesse av og til på engelsk.

Pave Pius II, ex-Enea Silvio Piccolimini

Renessansepaven Pius 2., som regjerte i Roma frå 1458 til han døydde i 1464, var visstnok den som fann opp det latinske ordet europæus. Før han vart pave var Pius kjend som Enea Silvio Piccolimini og var ein lærd humanist. Han brukte europæus som synonym for kristen, det vil seia eit medlem av Kristenheita. Pius snakka vekselvis om Kristenheita og Europa som «vårt fedreland» og «vår heim».

Men kva er det å vera ein moderne europear (postmoderne er en annen diskusjon)? Kva kjenneteiknar europearane i dag? Eg synes det franske poeten, essayisten og filosofen Paul Valéry ga eit godt svar alt i 1922:

These, it seems to me, are the three essential conditions that define a true European, a man in whom the European mind can come to its full realisation. Wherever the names of Cæsar, Cajus, Trajan, and Virgil, of Moses and St. Paul and of Aristotle, Plato, and Euclid have had simultaneous meaning and authority, there is Europe. Every race and land that has been successively Romanised, Christianised, and, as regards the mind, disciplined by the Greeks, is absolutely European (sitert av de Rougemont 1966, s. 367).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s