Geert Maks Europa

Geert Mak. Foto: Wikipedia

Ingen har medverka til ein opplyst folkeleg debatt om EU, Europa og europeisk historie som den nederlandske journalisten Geert Mak. Mak er kanskje det næraste vi kjem ein proeuropeisk populist i Europa i dag. NRK2 avslutta nyleg andre runde av Maks TV- serie, Europa – en reise gjennom det 20. århundre. Serien byggjer på boka In Europa (2004, på norsk Europa, 2008), som liksom TV-serien vart ein internasjonal bestseljar. Mak heldt fjorårets Arena- førelesing for forskingsprogrammet Arena ved Universitetet i Oslo.

Geert Mak vart 25. juni d.å. intervjua i Aftenpostens papirutgåve. Overskrifta var: -Europa er en katedral hvor taket faller ned. I innleiinga framgår det at sanninga om dagens EU gjekk opp for Mak då Hermann Van Rompuy vart utnemnd til fast president for Det europeiske rådet og Catherine Ashton til EUs «utanriksminister». Dette skjedde i november 2009, etter at den nye Lisboatraktaten hadde trådd i kraft. Mak vart rasande «over at Europa, som trengte en Franklin D. Roosevelt, i stedet fikk to byråkrater uten karisma og uten makt», heiter det.

Når Mak er så desillusjonert som det framgår av intervjuet, bør vi ta han på alvor. Eg vil derfor knytta nokre kommentarar til dei poenga han framførte der. Eg tar det punktvis.

Vi trenger en Roosevelt på europeisk nivå. En som kan snakke til oss om det store, demokratiske prosjektet, og som er i stand til å presse gjennom den New Deal som Europa desperat behøver. Vi trenger en felles og sterk utenrikspolitikk, og ikke minst trenger Europa en felles hær, nå som vi ikke lenger kan leve under amerikanernes paraply. Men ved å utnevne Van Rompuy og Ashton sa EUs ledere at det er nasjonalstatene som er det viktigste. EU skal ledes av kompromisser.

Uansett om ein deler Maks målsettingar (som eg gjer), er det ikkje realistisk med nokon «Roosevelt» for EU i overskodeleg framtid. Ein EU-president med verkeleg makt krev liksom ein felles og sterk utanrikspolitikk og ein EU-hær radikale traktatendringar med tilslutting frå nasjonalstatar som alle har vetorett. Vegen dit er strødd med kompromiss. Slik er berre EU, på godt og vondt. Eg tvilar på om eit meir demokratisk EU ville gjera det noko lettare. Det er dessutan stor usemje om kva «demokrati» i EU-samanhang inneber.

Lenge styrte Tyskland [EU] sammen med Frankrike. Franskmennene hadde ideene, tyskerne betalte. Men tyskerne har alltid ønsket å være Europas ledere, og for første gang er det nettopp det de er. Derfor er dette tidspunktet i historien så viktig, tyskerne må bestemme hvordan de skal bruke makten. Den som leder et fellesskap, må mer enn andre tenke på hva som tjener fellesskapet. Tyskland må selvfølgelig beskytte sine egne interesser, men de må også gi italienerne, grekerne og spanjolene en følelse av at de blir sett og hørt.

Franskmannen Jean Monnet var nok den viktigaste strategen bak det som vart Den europeiske kol- og stålfellesskapen, men idéane hadde vore diskutert lenge, særleg i kristelegdemokratiske organisasjonar der tyske parti og ikkje minst Konrad Adenauer spela ei viktig rolle. Dei viktigaste statsmennene bak EKSF var kristelegdemokratane Adenauer, den franske utanriksministeren Robert Schuman (opphavleg frå Luxembourg, med tysk som andrespråk) og den italienske statsministeren Alcide de Gasperi (frå det delvis tysktalande Trentino i Nord-Italia, tidlegare medlem av det austerriksk-ungarske parlamentet). Helmut Kohl var ein viktigare pådrivar for Maastricht-traktaten enn François Mitterrand.

Det er nok elles riktig at Tyskland er det mektigaste landet i EU i dag, og (som Mak påpeikar andre stader i intervjuet), har tent på euroen og er medansvarleg for eurokrisa. Men påstanden om at tyskarane «alltid har ønsket å være Europas ledere» spelar på populistiske antityske/antinazistiske holdningar og er problematisk. Kva betyr til dømes «alltid» her? Og kven er «tyskerne»? Min påstand er at ikkje noko EU-land har slikt behov for eit demokratisk, men også fungerande EU som Tyskland. Det er tunge politiske, økonomiske og historisk-kulturelle grunnar til det. Eg vonar å koma tilbake til dette i eit blogginnlegg seinare (men noko av resonnementet framgår her).

Eurokrisen er også en kulturkrise, en kulturkrig…. Et av de største feilgrepene i EUs historie er at vi undervurderte skillet mellom nord og sør i Europa.

Eg er i stor grad samd i dette. Eg har sjølv vore opptatt av å påpeika at kontinental- og søreuropeiske land av historiske (og delvis konfesjonelle) grunnar har vore meir proeuropeiske (villige til å avgi suverenitet til EU) enn nordeuropeiske land, men då har eg inkludert Tyskland og Nederland i førstnemnde kategori. Det blir spekulasjon, men eg trur skiljelinjene mellom nord og sør i eurokrisa dreiar seg om ein annan, kanskje delvis samanfallande dimensjon, nemleg budsjettkultur. Kanskje fordi fungerande statar oppstod tidlegare i Nord-Europa, som i tillegg har vore overvegande protestantisk, er det større tradisjon for å setja fellesskap framfor eigeninteresser og næring framfor tæring her. Uansett må Sør-Europa (og Frankrike) nå læra av nordeuropeisk disiplin og konkurranseevne og EU byggjast på eit solid økonomisk fundament. Elles får vi i alle fall ingen «sterk» utanrikspolitikk. Truleg ingen euro heller.

Europeer er ikke noe du er, men noe du blir…. Dagens unge tenker europeisk, beveger seg ofte og fritt over grensene, og utvikler en europeisk identitet.

Grunntanken i heile denne bloggen, er at vi som er vaksne opp i Europa alt frå barnsbein av har ein langt meir europeisk identitet enn vi erkjenner til dagleg. Identifisering med EU, som Mak synest å snakka om, er noko anna. Men slik omgrepsforvirring er svært utbreidd. I praksis er det då også viktigare for EUs framtid at europearane sluttar opp om EU enn om dei har ein europeisk identitet eller ikkje. Men som Aftenposten formulerer det, er det nettopp her det nå sviktar i følgje Geert Mak:

 I løpet av det siste tiåret er EU blitt et antidemokratisk, byråkratisk system. Vi har ikke lenger den unionen som pionerer som Jean Monnet så for seg. Ikke i det hele tatt.  [På spørsmål frå Aftenposten om Mak er samd med Jürgen Habermas, «som sa til Der Spiegel i fjor høst at vi gjennomlever et langsomt statskupp, hvor makten blir tatt ut av folkets hender og overført til institusjoner uten legitimitet, et «postdemokratisk» Europa, der folkestyret ofres for å redde markedet,» svarar han) Ja, slik er det, og det er ekstremt farlig…. Vi sluttet å utvikle en felles europeisk kultur og importerte i stedet markedsideologien fra USA.

Det var nettopp Jean Monnet som formulerte EUs metode som gradvis, teknokratisk integrasjon driven fram på elitenivå, over hovuda på vanleg folk. «Méthode Monnet» fungerer ikkje lenger i dag, slik Mak er inne på, men det skuldast først og fremst at omstenda har endra seg. Europa-prosjektet var monaleg meir populært på femti- og sekstitalet enn nå som det er blitt så omfattande og komplekst.

Når den såkalla marknadsideologien er blitt så sentral i prosjektet, er det dessutan fordi det er her dei mest nærliggande og målbare gevinstane har vore å henta og fordi det dermed har vore lettast å argumentera for marknadsintegrasjon. Men dette er ikkje noko nytt; det har vore slik heile tida, i alle fall etter at forslaget om ein europahær fall i det franske parlamentet i 1954. Det er faktisk i seinare år at EU har bevega seg inn på område som justis-, utanriks- og forsvarspolitikk og i det heile tatt blitt langt meir politisk ambisiøst. Til og med euroen er først og fremst eit politisk prosjekt, noko som også er grunnen til den nåverande krisa.

Ein kan og bør beklaga at demokratiet er blitt hengande etter, men i det store og det heile trur eg at alternativet hadde vore ikkje å ha hatt noko i EU i det heile. Og så må vi ikkje gløyma at EU består av demokratiske land og også har eit direktevald Europaparlament som bør få større merksemd om ein ønskjer å utvikla demokratiet i EU. Men om Mak meiner at EU treng ein direktevald president (ein Roosevelt heller enn ein Van Rompuy), er det mange som støttar han i det. Inkludert underteikna.

Eg er også til dels samd med Mak når han seinare i intervjuet hevdar at det demokratiske underskotet og mange av problema til EU elles skuldast Berlinmurens og Sovjetunionens fall:

I stedet for å fordype unionen gikk all energien med til å utvide den. Det var nødvendig, men det var uheldig for det europeiske prosjektet. … Noen vil gå enda lenger og også ta med Ukraina og Tyrkia, men det går ikke. Misforstå meg ikke, det er viktig å knytte Tyrkia tettere til EU, men for tiden er ikke unionen i stand til å håndtere Tyrkia. Tyrkia er klar, men ikke EU.

Til slutt i intervjuet spår Mak at «store deler av taket» til «den europeiske katedralen» truleg vil kollapsa saman med euroen:

Mye av avtaleverket vil [likevel] være intakt. Kanskje får vi mindre, overnasjonale strukturer, der landene i nord samarbeider om en felles valuta, mens landene i sør har en annen, mykere euro. … Ja, det er et godt bilde: Kapellene står selv om taket på den storslagne katedralen faller ned.

Einkvar står sjølvsagt fritt til å spekulera om dette. Men EU er ein rettsdriven prosess. Delar av rettsgrunnlaget, «acquis communautaire», kan ikkje setjast ut av spel utan at det får følgjer for heile byggverket. Ein kan heller ikkje innføra ny EU-praksis utan heimel i EU-traktatane. Det som kan skje (og til dels har skjedd), er at færre enn alle medlemsland innfører ny praksis på nytt juridisk grunnlag, utanfor EU-traktatane. Men dette aukar den institusjonelle og rettslege kompleksiteten, og dessutan også det demokratiske underskotet. Det finst diverre ingen snarvegar og ingen perfekte løysingar, berre kompromiss og trade-offs.

Også den tyske grunnlovsdomstolen vurderer nå (igjen) om EU kan gå lenger i integrasjonen utan større grad av demokrati, eller meir presist omden tyske  grunnlovas «evige» demokratipåbod gjer det mogleg for forbundsdagen å avgi meir suverenitet til EU (gjennom fiskalpakta og Den europeiske stabilitetsmekanismen, ESM). Men det er urealistisk å setja eit demokrati på EU-nivå tilsvarande demokratiet i nasjonalstaten som føresetnad for vidare integrasjon. I globaliseringas tidsalder må vi forsona oss med at den graden av demokrati som vi kanskje på eitt eller anna tidspunkt opplevde innan nasjonalstatens rammer, ikkje lar seg overføra til overnasjonalt nivå. Trøysta får vera at om nasjonalt demokrati blir avgrensa når suverenitet blir overført til EU, så aukar vår felles evne til å påverka overnasjonale utfordringar. Så må EU berre bli så demokratisk det kan over tid.

PS: Etter Maks Arena-førelesing på Litteraturhuset i fjor stilte eg han eit hjartelaust vanskeleg spørsmål. I førelesinga hadde han samanlikna Europa og USA, og eg spurte om han med eitt ord kunne oppsummera kva Europa står for, tilsvarande som at USA står for «fridom». Det hadde han naturleg nok vanskar med. For min del trur eg vi må ty til tre ord, den franske revolusjonens «fridom, likskap, brorskap» (eller «solidaritet») for å karakterisera det moderne Europas grunnleggjande ideal. Men dersom berre eitt ord skal karakterisera den europeiske kulturelle eller intellektuelle arven, føreslår eg «kritikk». Kritikk av alt og alle, ikkje minst seg sjølv, heile tida. Det er også ein grunn til at det er så vanskeleg å byggja EU. Men det er også Europas styrke.

Malta: Europas ”yderste nøgne ø”

Grand Harbour, Valletta, Malta. Foto: TN

Påskeferien vart i år lagt til Europas ”yderste nøgne ø” mot sør – Malta. Dette framleis nokså fattigslege øysamfunnet har vore nettomottakar av EU-overføringar sidan det vart medlem i 2004. Men i eit langt historisk perspektiv har Europa mykje å takka maltesarane for.

Kosmopolitiske Malta

Malta er med sine vel 400 000 innbyggjarar og 316 kvadratkilometer eit av Europas minste land. Malta vart medlem av EU i 2004 og innførte euro som valuta i 2008. Økonomien er avhengig av omskiping (spesielt av olje), industri (spesielt elektronikk og tekstilar) og turisme. Bank- og finansverksemd er også viktig. Levestandarden (BNI/capita) er likevel den lågaste i Vest-Europa. Malta er nettomottakar av EU-midlar, men mottar lite i høve til sentral- og austeuropeiske land.

Øygruppa, som består stort sett av kalkstein og har lite grøderik jord og ferskvatn, ligg sør for Sicilia og faktisk også sør for Alger og Tunis i Nord-Afrika (men litt nord for Kreta og Kypros). Malta har derfor også vore både møtestad og gnissingspunkt mellom Europa, Asia og Afrika. Opp gjennom historia har Malta vore regjert av grekarar, fønikarar, kartagarar, romarar, bysantinarar, arabarar, normannarar, Hohenstaufen-tyskarar, aragonarar, (spanske) habsburgarar, johanittarriddarar, franskmenn og britar.

Etnisk sett slektar dagens maltesarar truleg mest på dei gamle fønikarane, men dei har også italienske, arabiske, britiske og andre europeiske gener. Språket er klassifisert som semittisk, og er ein avleggar av siculu-arabisk (frå tida då arabarane kontrollerte Sør-Italia og Sicilia), med mange innslag av siciliansk dialekt, italiensk, fransk og etter kvart engelsk.

Katolske Malta

Påskeprosesjon i Valletta. Foto: TN

Malta var eit av dei første områda i verda som vart kristna. Det skal ha skjedd etter at apostelen Paulus av Tarsus stranda her i år 60 e.Kr. under ein seilas til Roma. Dette skal vera ein del av forklaringa på kvifor maltesarane er så ivrig praktiserande katolikkar. Tre av fire (75%) maltesarar oppgav i 2009 å gå i kyrkja minst kvar søndag. Det er fleire enn i noko anna land, inkludert Polen (63%) og USA (43%), for ikkje å nemna Noreg (3%). Det finst då også uvanleg mange flotte kyrkjer på Malta (dei fleste i barokkstil), som ute på landet gjerne står i sterk kontrast til heller usle omgivnader.

Men nyare historiske hendingar er truleg viktigare grunnar til maltesaranes kristendom. I middelalderen låg øygruppa midt i skjæringspunktet mellom kristendommen og islam. I 870 vart Malta herja av muslimske arabarar frå Sicilia, og vart liggjande øyde til ei siculu-arabisk rekolonisering frå 1048-49. Denne varte truleg til den normanniske hertugen Roger I tok øya i 1091. Som resten av den kristne delen av middelhavskystane, vart Malta utsett for gjentatte berberiske sjørøvarherjingar i åra som følgde. På det tidlege 1500-talet gjekk berberarane frå Nord-Afrika i allianse med den ottomanske sultanen mot den spanske krona, som hadde kasta dei ut av Spania og nå heldt på å erobra strategiske byar på kysten av Nord-Afrika. I 1551 herja berberiske piratar Gozo, den nordlege øya i øygruppa der Malta er hovudøya. Så godt som alle innbyggjarane, om lag 5000 i talet, vart ført til Nord-Afrika som slavar.

Johanittarordenen

Dette må sjåast på bakgrunn av at den spansk-tyske habsburgkeisaren Karl 5. i 1530 gav Malta til johanittarordenen (seinare derfor også kalla maltesarordenen), oppkalla etter døyparen Johannes. Til gjengjeld kravde keisaren berre å få ein maltesarfalk i gåve kvart år. Johanittarane var ein kristen riddarorden som vart oppretta på 1000-talet for å tilby sjukepleie til pilgrimar i Det heilage landet.

Etter at krossfararar tok Jerusalem frå arabarane i 1099 fekk ordenen gradvis meir militært preg. I 1154 vart ordenen lagt direkte under paven. Gradvis tok arabarane landet tilbake, og i 1291 vart dei siste riddarane kasta ut. Dei drog då i første omgang til Kypros, men erobra i 1309 Rhodos.

Sultan Suleiman I den Store

Johanittarriddarane klora seg fast på Rhodos i over to hundre år, trass i stadige arabiske og tyrkiske åtak, og dreiv herfrå utstrekt plyndring og slavetaking mot muslimske skip og område. Men sultan Suleiman I den Store sette i 1522 i land over 200 000 mann og gjorde johanittarane igjen heimlause. Riddarane fekk fritt leide ut av Rhodos mot løfte om aldri å plaga ottomanske skip igjen.

Det var etter dette johanittarordenen fekk overta Malta. Dei var snart i gang igjen med sine åtak mot muslimske mål. Suleiman bestemte seg derfor for å gjera endeleg slutt på plageåndene. Å ta Malta var dessutan strategisk viktig i den ottomanske ekspansjonen mot vest. Kontroll over Malta ville gi ottomanane eit avgjerande forsyningspunkt for erobring av Sicilia og Italia og kanskje vidare nordover. Det ottomanske riket hadde tatt Konstantinopel i 1453, og prøvde seg mot Italia for å ta Roma i tiåret etter. Hundre år seinare hadde Suleiman den Store lagt størsteparten av dagens Ungarn til eit rike som då omfatta langt meir enn det tidlegare austromerske riket. I 1529 tok han nesten Wien. Heile det austlege Middelhavet var ottomansk og muslimsk kontrollert. Det same galdt Svartehavet og i stor grad Raudehavet og Persiagolfen.

Beleiringa av Malta i 1565

I mai 1565 byrja ein flåte med truleg om lag 30 000 mann frå Konstantinopel og Nord-Afrika å beleira Malta. Øya vart forsvart av 6000-8000 menn, kvinner og barn, blant dei om lag 500 riddarar og 3000 maltesarar. I september, etter tap av minst ein tredel av styrkane på begge sider (og etter 130 000 tyrkiske kanonkuler), gav beleirarane opp.

Jean Parisot de la Valette, stormeister for johanittarriddarane på Malta under beleiringa i 1565

Då hadde ein unnsetningsstyrke på ca 8 000 mann kome frå Sicilia. Men dei kom så seint at i realiteten hadde ordenen og maltesarane, under leiing av stormeister Jean Parisot de la Valette, utmatta angriparane aleine. Utfallet sveisa då også riddarane og maltesarane saman og styrka dessutan maltesaranes kristne identitet. Johanittarordenen regjerte på Malta fram til han vart kasta ut av Napoleon i 1798.

Nederlaget i 1565 vart eit vendepunkt for den ottomanske ekspansjonen vestover. Konstantinopel prøvde aldri å ta Malta igjen (Suleiman retta i staden igjen merksemda mot Ungarn, men døydde året etter, i 1566). Sidan fekk dessutan Italia og dermed også Vest-Europa vera i fred. Eit nytt strategisk tilbakeslag kom då Den høge porten mista heile flåten sin og 30 000 mann i slaget ved Lepanto i 1571. Sultanen klarte likevel å ta Kreta på 1600-talet og beheldt kontrollen over mesteparten av den nordafrikanske kysten til 1800- og til dels 1900-talet. Men ein multinasjonal europeisk hærstyrke avviste tyrkaranes siste åtak på Wien i 1683. Dette vart det store historiske vendepunktet for det osmanske riket.

Nytt heltemot under andre verdskrig

Den neste store innsatsen for Europa gjorde Malta under andre verdskrig. Inntil 1937 var hamnene rundt Valletta, nå under britisk herredømme, hovudbasen for den britiske middelhavsflåten. Men då Italia erklærte krig i 1940, hadde britane berre ein garnison, nokre få fly og lite proviant på Malta. Som britisk koloni nær Italia og midt i aksemaktenes skipsfartslei, vart Malta bomba sønder og saman i løpet av krigen. Ingen annan stad i verden skal ha fått så mange bomber per kvadratkilomenter som byen rundt Grand Harbour. Men tyskarane lukkast aldri med å ta øya.

I 1943 tildelte den britiske kongen, Georg 6., georgskrossen til ”øyfestninga Malta og innbyggjarane” for utvist mot under bombardementet. Denne høgaste britiske sivile utmerkinga er nå ein del av det maltesiske flagget. Krigserfaringa medførte elles at maltesarane forsonte seg med Storbritannia og gjorde engelsk til sitt andre offisielle språk. Tidlegare hadde mange nasjonalistar gått inn for union med Italia, og italiensk hadde vore utbreidd.

Johanittarordenes flagg i historiespel på Fort St Elmo, Valletta, Malta, i 2005

Ein kuriositet til slutt: Johannittarordenens flagg liknar svært på det danske, berre at dei raude flatene er kvadratiske. Grunnen til dette skal vera at det var eit ordensflagg som dalte ned som frå himmelen då danskekongen var hardt pressa under slaget ved Lyndanisse (dagens Tallinn) i 1219. I følgje eit sagn skal flagget kan ha blitt tatt av vinden frå nokre tyske johanittarriddarar som kjempa i nærleiken. Det tilsynelatande underet sette mot i dei danske soldatane og gav kong Valdemar siger. Flagget er i dag det danske nasjonalflagget, Dannebrog (Høiberg 2011, s.24). Fordi det danske flagget er utgangspunktet for det norske, kan det såleis faktisk vera at vårt norske flagg har johanittarordenes flagg som førelegg.

Europeisk «payback time»

På denne bakgrunn kan overføringane frå EU til Malta sjåast som europeisk ”payback time”. Faktisk støttar også Noreg Malta, gjennom finansieringsordningane under EØS-avtalen. EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein har forplikta seg til å overføra 8,12 millionar euro til Malta i perioden 2004-2014 (NOU 2012:2, s. 765). I hovudbyen Victoria på Gozo kom vi då også over skilt som viser at vi hjelper til å pussa opp det gamle citadellet der, bygd som tilfluktsstad for berberiske sjørøvaråtak (sjå bildet under).

EØS-støtte markert på citadellet i Victoria, Gozo. Foto: TN

Fotnote om det ottomanske riket og Europa:

I lys av det som nå føregår i Tinghuset i Oslo er det sikkert ikkje uproblematisk å skriva at Europa kan «takka» Malta og johanittarriddarane for å ha slått tilbake den tyrkiske beleiringa i 1565. Ein ting er at det ingen av partane oppførte seg akseptabelt etter våre dagars mål. Både kristne og muslimar gjorde seg skuldige det vi nå vil kalla krigsbrotsverk. Til dømes gav stormeister de la Valette etter tapet av Fort St Elmo i 1565 ordre om å halshogga alle tyrkiske fangar og å skyta hovuda deira over til fienden med kanon. Dette skjedde etter at fire hovudlause riddarlik kom flytande med straumen over hamna frå tyrkisk side (Bradford 1961, ss. 139-141).

Ein annan ting er at «den stygge tyrken» har fått eit ufortent dårleg rykte i Europa. Til dømes let ottomanane kristne og jødiske innbyggjarar i områda dei erobra ha relativt stor fridom og sjølvstyre. Mange både ortodokse og protestantiske kristne ville heller bli styrt av muslimar enn av katolikkar. Etter Reformasjonen søkte ein del særleg franske protestantar tilflukt i Konstantinopel. Som habsburgarriket og Tsar-Russland var det ottomanske riket kosmopolitisk og derfor lenge ei viktig motkraft mot den øydeleggjande nasjonalismen som oppstod i Vest-Europa.

Men ottomanane dreiv trass alt eit aggressivt erobringstokt. Etter erobringa av Konstantinopel kalla sultanen seg medvite romersk keisar, og målet med ekspansjonen mot vest (og aust) var verdsherredømme. Dei representerte også eit autoritært, vilkårleg og i aukande grad korrupt styre som det er grunn til å tru at kristne og andre ikkje-muslimske og/eller -tyrkiske undersåttar etter kvart ville ha reist seg mot, slik det faktisk skjedde mellom anna i Hellas (jmf. mitt tidlegare innlegg her). Alle kristne så vel som jødar var dessutan heilt klart annanrangs innbyggjarar. Dei måtte mellom anna svara ein særskatt. Kun muslimar hadde alle rettar (Goffmann 2002). Det er vanskeleg å tenka seg at opplysingstida, demokratiseringa og industrialiseringa kunne ha utvikla seg i eit ottomansk-muslimsk styrt Europa.

Kjelder:

Wikipedia.

Carmel Cassar: A Concise History of Malta. Msida: Mireva Publications, 2000.

Ernle Bradford: The Great Siege. Malta 1565. Harmondsworth: Penguin, 1961.

Daniel Goffman: The Ottoman Empire and Early Modern Europe. Cambridge: Cambridge University Press, 2002.

Hanne Høiberg: Turen går til Malta. Oslo: Aschehoug, 2011.

NOU (Norges offentlige utredninger) 2012:2: Utenfor og innenfor. Norges avtaler med EU. Oslo: Departementenes servicecenter, 2011.

Hellas og Europa før og nå, del IV: Det moderne Hellas, EU og eurokrisa

I tre innlegg har eg vist korleis arvegods frå det klassiske Hellas har påverka det moderne Europa. Men geopolitiske endringar gjorde at grekarane seinare fjerna seg frå den antikke arven og ikkje var med då det nye, vestleg sentrerte Europa voks fram. Sidan sjølvstendet omkring 1830 har Hellas gått ein lang og krokut veg tilbake til det liberale Europa dei gamle grekarane inspirerte. Med EU-medlemskapen i 1981 nådde ein på mange måtar politisk i mål, men gjeldskrisa nå viser at det økonomisk er langt igjen før Hellas er på nivå med Vest-Europa. I dette innlegget drøftar eg vekselverknaden mellom Europa og Hellas fram til i dag. Min påstand er at utan påverknaden frå Vest-Europa hadde ikkje det moderne Hellas eksistert, men utan påverknaden frå det historiske Hellas hadde heller ikkje det moderne Vest-Europa vore det same.  

Brotet med det klassiske Hellas eg har skildra i tidlegare innlegg kom med med Alexander den stores erobring i 323 f.Kr. Alexanders ekspansjon innleia den hellenistiske perioden, då store delar av Midtausten vart hellenisert. Grekarane fekk eit vidare, meir kosmopolitisk utsyn. Denne perioden varte fram til neste historiske overgang, i 146 f.Kr., då den romerske republikken la under seg det greske fastlandet. Som vi har sett, førte det til at romarane overtok store delar av den greske kulturarven. Men samstundes vart den greske eliten romanisert.

Vendinga mot aust

Neste viktige geopolitiske endring var det vestromerske rikets undergang på firehundretalet. Då var rikshovudstaden alt flytta frå Roma til det greske Konstantinopel (tidlegare kalla Bysants). Her endra det gjenverande, austlege Romarriket seg etter kvart til det som opplysingstidas historikarar kom til å kalla Det bysantiske riket.  Bruken av latin fall etter kvart bort og gresk vart offisielt språk.

Lang tids dogmestrid og maktkamp mellom kyrkjeoverhovuda i Roma og Konstantinopel førte dessutan til eit skisma i 1074. Krosstoga, og særleg den «frankiske» okkupasjonen av Bysants frå 1204 til 1261, auka avstanden mellom det vestlege, latinsk-katolske og det austlege, gresk-ortodokse Europa ytterlegare. Keisaren måtte bruka store ressursar til å verja seg mot stadig nye bølgjer av persiske, slaviske, bulgarske, og etter kvart arabisk-islamske og tyrkisk-islamske åtak. Det bysantinske riket vart stadig mindre universalistisk og romersk, og meir nasjonalt og gresk, prega.

Konstantinopel som fødselshjelpar for Europa

Med sine kraftige forsvarsverk og strategiske posisjon var Konstantinopel gjennom tusen år ein klippe mot austlege åtak mot Europa

Men jamvel om det gresk-romerske riket fjerna seg meir og meir frå det nye Europa som var i ferd med å veksa fram i vest, var det også fødselshjelpar for framtidas vestverd på fire vis:

  1. Konstantinopel var ein klippe som verna mot arabiske, seljukiske, mongolske og ottomanske invasjonar frå aust. Dette gav Vest-Europa ly til å utvikla seg i middelalderen.
  2. Konstantinopel var arnestaden for den ortodokse kristendommen som spreidde seg nordvest- og nordover, inn i Aust-Europa. Dermed vart dei framveksande bulgarske og slaviske statane der, og framfor alt Russland, kristne og etter kvart også monaleg påverka av den moderne vestlege sivilisasjonen.
  3. Bysants førte på denne måten også den gresk-romerske arven til Aust-Europa og Russland og medverka via Italia dessutan til renessansen i Vest-Europa. Verken førkristen kunst eller lærdom vart forboden; mange klassiske meisterverk overlevde takka vera samvitsfull oppbevaring i Bysants; romarretten heldt fram som grunnlaget for rettsvesenet og rettslæra, og gresk filosofi for åndslivet. Riksinnbyggarane kalla seg framleis for romarar (gr. rhomaio),  og keisaren framstilte seg som verdas rettmessige allherskar. Den politiske arven etter Romarriket gav Konstantinopel heilt til fallet i 1453 ein særleg prestisje i middelalderens Europa.
  4. Konstantinopel vart ei så viktig kjelde til vestleg (hovudsakleg norditaliensk) velstand gjennom handel og plyndring at det medverka til å utvikla kapitalismen og den frie bystaten og dermed også demokratiet i det framveksande Vest-Europa. Italienske kystbyar (nokre, framfor alt Venezia, opphavleg under bysantinsk overherredømme) blomstra som knutepunkt for fjernhandel med det bysantinske og muslimske aust og det europeiske nord. Også dette medverka til den italienske renessansen, som i sin tur førebudde grunnen for dei seinare vitskaplege og filosofiske revolusjonane.

Men Det bysantinske riket vart også ein fødselshjelpar for Russland. Etter at Konstantinopel fall for ottomanane gjorde storfyrsten av Moskva arvekrav på romersk og bysantinsk tradisjon. Kravet låg bak Ivan den Stores giftarmål med Sofia, niese til den siste gresk-romerske keisaren. Barnebarnet deira, Ivan IV (betre kjent som Ivan den grusomme) vart krona til «tsar», eit ord avleidd av Cæsar, keisar. Han innførte bysantinske hoffseremoniar i Moskva, som han byrja å kalla «det tredje Roma», overtok den austromerske tradisjonen for keisarleg kontroll over kyrkja (cæsaropapisme) og brukte den russisk-ortodokse kyrkja aktivt til nasjonsbygging. Det russiske alfabetet er avleidd av det gamle greske alfabetet.

Tyrkokratiet

Tyrkaranes beleiring av Konstantinopel. Maleri av Jean Chartier, Siège de Constantinople (15. århundre). Bibliothèque nationale de France Manuscript Français 2691 folio CCXLVI v

Det tredje store brotet i grekaranes historie kom med dei ottomanske tyrkaranes erobring av Konstantinopel i 1453. Dette var Romarrikets endelege undergang, etter halvanna tusen års eksistens. Men grekarane fekk høve til å halda fram å dyrka sin religion og sin identitet under ottomansk styre.

Dei heldt også fram å kalla seg romarar. Stadnamnet Rûm (Roma) vart framleis brukt om områda der dei fleste grekarane budde, anten det var i Anatolia eller på det greske fastlandet. I den første fasen etter erobringa av Konstantinopel understreka elles også sultanen sitt krav om å bli sett som arvtakar til den romerske keisarkrona ved å kalla seg Kaisar-i-Rûm og riket sitt mamâlik-i-Rûm. Den kristne “nasjonen” som levde i det ottomanske riket vart kalla millet-i-Rûm.

Men i praksis vart grekarane under tyrkisk herredømme (gr. tourkokratia) endå meir isolerte frå Vest-Europa. Dei fekk ikkje del i verken renessansen, reformasjonen, sekstenhundretalets vitskaplege revolusjon, opplysingstida eller den franske og den industrielle revolusjonen. Avsondringa frå vestleg kristendom førte også til at den gresk-ortodokse kyrkja vart svært konservativ og grekarar flest desto meir anti-vestlege.

Også vilkårleg og korrupt ottomansk styre og ein svak rettsstat sette varige spor i gresk mentalitet, særleg når det gjeld holdningar til staten og styresmaktene.  Éin viktig måte å verja seg mot offentlege overgrep var å byggja personlege nettverk med personar høgt på strå. Dette vart kopla til ein utbreidd mistillit til folk som ikkje tilhøyrte eins eigen storfamilie. Omgrepa rousfeti,  gjensidige tenester som oljar samfunnsmaskineriet, og mesa, kontaktar som får dagleglivet til å gå rundt, fekk innhald under tyrkokratiet.

Desse holdningane følgde med på lasset etter det fjerde store brotet i gresk historie, frigjeringa frå tyrkokratiet på 1820-talet (stormaktene godtok Hellas som sjølvstendig stat i 1830). Etter innføringa av konstitusjonelt monarki i 1843 vart parlamentarikarar navet i klientnettverka. Til gjengjeld for sine røyster forventa røystarane at deira representantar skulle skaffa dei og familiane deira jobbar, gjerne i den stadig meir oppblåste offentlege sektoren, og dessutan tala deira sak overfor byråkratiet. Den private sektoren vart verande underutvikla.

Ny vending mot vest

Diktaren og lorden Byron stig i land i Missolonghi i 1821 for å hjelpa grekarane i deira frigjeringskamp. Maleri av Theodoros Vryzakis (1861)

Men frigjeringa førte også til  stadig nærare band mellom Hellas og Vest-Europa. Romantiske filhellenarar som Lord Byron støtta den greske oppstanden mot ottomanane, delvis ved sjølv å reisa til Hellas og delvis ved å mobilisera opinionen i vest. Desse vestlege intellektuelle gjorde samstundes sine greske motpartar merksame på Hellas» klassiske stordomstid og kveikte dermed ein sekulariserande gresk nasjonalisme.  Stormaktene England, Frankrike og Russland støtta utfrå kvar sine interesser den unge nasjonens fridomskamp. Mest avgjerande var øydelgginga av ein stor tyrkisk-egyptisk flåte i slaget ved Navarino i 1827. Den første greske kongen, Otho, var frå Bayern. Den andre, Georg, var dansk. Med England i spissen var dei også vernemakter for gresk sjølvstende fram til Det ottomanske rikets fall i 1922. På denne måten kan ein seia at det moderne Vest-Europa betalte tilbake noko av si gjeld til grekarane.

Med frigjeringa oppstod eit nytt traume i gresk politikk: skulle ein satsa på det vesle eller det store Hellas? På antikkens “nasjonale” Hellas eller på hellenismens, romartidas og bysantinismens kosmopolitiske Hellas? Dei tidlege greske nasjonalistane søkte inspirasjon utelukkande i det klassiske Hellas. Dei vart rasande då den austerrikske historikaren J.P. Fallmerayer på 1830-talet uttrykte tvil om at moderne grekarar stamma direkte frå dei gamle grekarane. Dei hadde berre forakt til overs for den bysantinske perioden.

Det var først mot midten av 1800-talet at Konstantinos Paparrigopolous, professor i historie ved universitetet i Aten, framheva element av kontinuitet mellom antikken, middelalderen og moderne gresk historie. På slutten av hundreåret var denne omtolkinga alment akseptert. Den bysantinske perioden vart rehabilitert i den grad at å gjenreisa ”den store idéen” (megali idea) om Hellas var blitt dei fleste greske nasjonalistars mål. Det innebar at alle delar av Det nære austen med gresk fleirtal skulle bli del av eit nytt gresk rike med Konstantinopel som hovudstad.

Som kjent skjedde ikkje dette. For å gjera ei lang historie kort: Etter mykje krig, folkeforflytting, kupp og stormaktspolitikk vart utfallet ein mindre, men nokså homogen gresk nasjonalstat med Aten som hovudstad. Igjen vart den klassiske, demokratiske greske bystaten idealet. Likevel måtte det ein borgarkrig mellom demokratar og kommunistar, NATO-medlemskap, nye kupp og til slutt EU-medlemskap til før Hellas eintydig kunne seiast politisk å tilhøyra det moderne Europa og Vesten, det vil seia at demokratiet, rettsstaten og menneskerettane vart grunnfesta.

1981: Inn i EU

Andreas Papandreou

Det var det konservative, vestorienterte og proeuropeiske Nea Demokratia som la løpet som førte Hellas inn i EU 1. januar 1981. Det greske sosialistpartiet (PASOK) var mot, og partiet har framleis ein nasjonalistisk, euroskeptisk fløy. Då PASOK tok over makta etter ein stor valsiger hausten 1981, godtok likevel den nye statsministeren, Andreas Papandreou, EU-medlemskapen. Etter kvart er PASOK blitt like proeuropeisk som noko sosialdemokratisk parti i Europa. Store økonomiske overføringar frå EU, særleg til greske landdistrikt, der PASOK står sterkt, har nok medverka monaleg til denne reorienteringa.

Elles har også den gresk-ortodokse kyrkja, som har sett seg som beskyttar av gresk identitet, vore skeptisk til det vestlege og gudlause EU. Men kyrkja snudde etter 2002, då det vart klart at fleire andre overvegande ortodokse land (Kypros, Bulgaria, Romania) ville bli medlem. Kyrkja understreka likevel, som pave Johannes Paul II, at EU i større grad måtte bli eit kristent europeisk prosjekt.

Hellas innførte euroen i 2002, sannsynlegvis på gale premissar, det vil seia med feil statistikk om kvalifisering i høve til EUs konvergenskriteria. Med euroen kunne landet nyta godt av låge renter på lån, og ein lånefinansiert boom byrja. Mykje gjekk til å byggja ut forsvarsevna mot Tyrkia. Finanskrisa 2008-2009 ramma særleg dei konjunkturkjenslege turisme- og skipsfartssektorane. Landets inntekter fall og gjeldsgraden auka ytterlegare. 9. mars 2012 gjekk Hellas i realiteten konkurs. Den største statsbankerotten i historia tillot landet å avskriva 152 milliardar euro av ei total gjeld på 350 milliardar.

Usikker framtid

Athenes/Minervas/visdommens ugle på gresk euromynt. «Det er først når ein kultur går mot slutten at filosofien byrjar å mala sitt dystre bilete. Biletet kan gi forståing, men ikkje nytt liv. Først i skumringa spreier Minervas ugle sine venger og flyg» (Hegel)

Den store utfordringa nå er sjølvsagt å få i gang økonomisk vekst igjen. Det krev at Hellas moderniserer både politikken og økonomien sin. Over svært lang tid har politiske klientnettverk ført til ein oppblåst offentleg sektor og omfattande byråkrati, reguleringar og avgifter som hindrar fri konkurranse. Dette har fremja korrupsjon, hindra verdiskaping og ført til skeive incentivstrukturar. Tilkarringsverksemd (eng. rent-seeking), når individ, organisasjonar eller bedrifter prøver å tena pengar ved å manipulera dei økonomiske og/eller juridiske rammevilkåra heller enn gjennom handel eller produksjon av varer og tenester, er blitt svært utbreidd. Fokus er på omfordeling, ikkje verdiskaping; på staten, ikkje på marknaden. Om lag ein av fire grekarar er offentleg tilsette. Hellas har den nest mest korrupte offentlege sektoren i EU (etter Bulgaria). Økonomar har rekna ut at om alle beskytta profesjonar i Hellas vart opna, ville gresk BNP stiga med 13,2 prosentpoeng. Og så vidare.

To store spørsmål gjenstår nå: Vil Hellas koma seg gjennom krisa utan å måtta gi avkall på euroen? Og viktigare: Klarar Hellas å bli ein moderne, konkurransedyktig økonomi? Akkurat nå ser det stygt ut på begge punkt. Men sikkert er det at Hellas, som Portugal, Spania og Italia, ikkje klarar nokon av delane utan kraftig drahjelp frå resten av EU, og spesielt Tyskland. Dette krev i sin tur meir europeisk integrasjon. Den gjensidige påverknaden mellom Hellas og Europa held fram.

 Litteratur:

C. M. Woodhouse: Modern Greece. A Short History. London: Faber & Faber 1991.

Richard Clogg: A Concise History of Greece. Second Edition. Cambridge: Cambridge University Press 2000.

George Ostrogorsky: History of the Byzantine State. New Brunswick, N.J.: Rutgers University Press 1968.

Judith Herrin: The Formation of Christendom. London: Phoenix Press 1987.

Daniel Philpott og Timothy Samuel Shah: «Faith, freedom and federation: the role of religious ideas and institutions in European political convergence.» I Timothy A. Byrnes og Peter J. Katzenstein (red.), Religion in an Expanding Europe.Cambridge: Cambridge University Press 2006.

Takis Michas: «Putting Politics above Markets: Historical Background to the Greek Debt Crisis«, Working Paper, Cato Institute, Washington D.C., 15. august 2011.

Tore Nedrebø: Past and Present Sources of European Union. A Comparative, Historical-Institutionalist Analysis. Doktoravhandling, Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen 2010.

Wikipedia, The Economist og Financial Times.

 

Dei førti dagane på Musa Dagh

Eg er nettopp ferdig med å lesa den mektige romanen De førti dagene på Musa Dagh av Franz Werfel. Den inneheld den dramatiske historia om sju armenske landsbyar på til saman fem tusen menneske i det nordaustlege hjørnet av Middelhavet, på grensa mellom Tyrkia og Syria, som i 1915 rømte opp på fjellet Musa Dagh (Moses» berg) for å unngå å bli utrydda av dei osmanske styresmaktene. Den høge porten (regjeringskvartalet) i Istanbul var då i gang med det som er blitt kalla folkemordet på armenarane i Det osmanske riket. Mykje i romanen er aktuelt i dag. Ikkje berre er anerkjenning av det som skjedde som eit folkemord ei varm politisk potet i mellom anna Frankrike. Historia er også relevant for Tyrkias forhold til EU. Ikkje minst illustrerer akademiske kontroversar omkring Det osmanske rikets overgrep mot armenarane og meir generelt om Edward Saids brannfakkel om Orientalismen frontane i Midtausten-studiar i dag .

Kartet viser den etniske samansetninga av Det osmanske riket ca 1911. Som det framgår, budde flest armenarar i aust. Musa Dagh ligg på austsida av bukta rett fram for spissen på Kypros.

Dei førti dagane på Musa Dagh er tida det tok frå dei sju landsbyane rømte heimane sine til dei som overlevde vart redda. Den sentrale figuren i romanen er Gabriel Bagradian (Moses Derkalousdian i røyndommen), som våren 1915 nyleg hadde vendt tilbake til familiegodset saman med sonen Stephan og den franske kona Juliette etter mange år i Paris. Han skjønar at dei osmanske styresmaktene planlegg nye massakrar på armenarane (det same hadde skjedd i 1895-96), 1908, 1909 og 1912) og overtel landsbyane nærast sitt gods til å forskansa seg oppe i fjellet heller enn å la seg fordriva og omkoma.

Takka vera hans leiarskap, som delvis byggjer på eiga krigseerfaring som offiser i den osmanske hæren, slår armenarane på Musa Dagh tilbake tre tyrkiske åtak. Angriparane blir påførte store tap, men mobiliserer til slutt maskingevær, bergartilleri og så store mannskap at det er klart armenarane er dømde.  Dei er dessutan i ferd med å svelta i hel, etter at all proviant er oppbrukt og tyrkarane har ført bort buskapen deira. Men heilt i siste liten dukkar ein fransk panserkryssar opp på havet utanfor. Etter nokre varselsskot avlyser tyrkarane åtaket og dei om lag fire tusen overlevande blir tatt ombord i kryssaren og tre andre franske og britiske skip som etter kvart dukkar opp. Dei vart førte til Port Said i Egypt.

Manøvrar under slaget om Musa Dagh

Dei førti dagane på Musa Dagh, som først kom ut på tysk i 1933, byggjer altså på ei sann historie. I røynda gjekk det 53 dagar før redninga kom, men den jødisk-austerrikske Franz Werfel skreiv det om til førti dagar for mellom anna å kalla fram bibelske minne om Moses» førti dagar på berget og dei førti dagane med syndflod. Werfels skildring av dei fem tusen armenaranes lagnad og det armenske folkemordet viste seg også å bli eit profetisk varsel om den jødiske holocaust under andre verdskrig.

Men sjølv om det gjekk godt til slutt med dei fleste Musa Dagh-flyktningane, framstår ikkje romanen som noko einsidig heltehistorie. Det er mange nyansar av både psykologisk, politisk og religiøs karakter. Den intellektuelle og forfina rikmannen Gabriel Bagradian er riven mellom sin identitet som europear og som armenar. Han viser seg som ein handlingas mann først når han stiller seg i spissen for sine landsmenn, men oppnår sine sigrar som militærførar på grunn av sin europeiske rasjonalitet og planleggingsevne (i tillegg til erfaringa frå Balkan-krigen i 1912). Identitetskonflikten slår også ut i hans motstridande kjensler for den praktisk udugelege franske sosietetskvinna han er gift med og den unge armenske jenta Iskuhi. Alle tre får livet sitt ødelagt av dei førti dramatiske dagane på Musa Dagh, og går tilsynelatande ei ulukkeleg framtid i møte, trass i redninga. Bagradians son Stephan har då alt dukka under. Vi forstår at hans franske oppvekst hadde gjort det uråd for han å overleva den brutale påkjenninga i det asiatiske «barbariet». Gabriel skjønar han har mista alt og blir frivillig igjen på Musa Dagh. Kva som då skjer, kan ein tenkja seg.

Det er altså til slutt Europa (ved franske og britiske krigsskip) som kjem dei sju armenske landsbyane på Musa Dagh til unnsetnad i det som må ha vore kanskje den første humanitære intervensjonen i verdshistoria. Det er også ein representant for det europeiske «sivilsamfunnet», den protestantiske pastoren, orientalisten og humanisten Johannes Lepsius, som framstår som den einaste som bryr seg om armenaranes lagnad. Hans forsøk på å overtala det tyske utanriksdepartementet til å ta affære strandar på stormaktspolitikk, men han klarar å samla inn store pengemidlar til armenaranes sak. Det er også interessant at Lepsius blir avvist av Den høge porten, men får hjelp til å overlevera pengane frå ei gruppe islamske tradisjonalistar. Dei tar avstand til regimets ungtyrkiske nasjonalisme til fordel for tanken på ein overnasjonal islamsk umma, der kristne og jødar kan utøva sin religion så lenge dei betaler skatt og elles held seg til dei gitte spelereglane. I prinsippet var det slik det gamle osmanske riket fungerte.Tyrkia nektar hardnakka å godta at det var snakk om eit «folkemord» på armenane i 1915-1916. Fleire gonger har tyrkiske styresmakter hindra at Hollywood har laga storfilm om Werfel si bok, som vart ein internasjonal bestseljar. Den amerikanske historikaren Donald Quataert understrekar då også at berre armenarar i det austlege Anatolia vart fordrivne. Armenarar som levde på Balkan eller i det vestlege Anatolia vart ikkje fordrivne. Grunnen skal ha vore at Den høge porten meinte armenarane der sympatiserte med Russland, som kryssa grensa inn i Aust-Anatolia i 1914.

Quataert peikar også på talrike regjeringsdokument som gir ordre om å ta godt vare på dei fordrivne under marsjen austover. Likevel medgir han at osmanske offiserar, soldatar og sivile embetsmenn myrda enorme mengder armenske sivile, kvinner, barn og eldre like så godt som vaksne menn. Om lag 600,000  menneske omkom på denne måten.

Quataert meiner dermed at tyrkisk nasjonalisme ikkje var årsaka til massakrane. Likeså meiner han at nasjonalisme ikkje var grunnen til at Det osmanske riket gjekk under i 1922. Det store fleirtalet av innbyggjarane, armenarar, bulgarar, serbarar, arabiske, kurdiske, tyrkiske osv. så vel som både kristne og muslimar, ville etter hans meining har føretrekt at det gamle multinasjonale og multireligiøse riket hadde overlevd.

Nasjonalistrørslene vart drivne fram av eit fåtal som søkte politiske og økonomiske fordelar dei ikkje kunne oppnå i Det osmanske riket. Avgjerande vart at dei oppnådde støtte frå dei vestlege stormaktene. Frankrike og Storbritanna overtok då også etter kvart kontrollen over store, tidlegare osmanske område, spesielt i Midtausten. Dersom dette er rett, gir det eit litt anna perspektiv på Europas rolle under i det osmanske sluttspelet enn Franz Werfels.

I 2006 trekte Quataert seg elles som styreformann for det amerikanske Institute of Turkish Studies. Det skjedde etter at Tyrkias ambassadør hadde truga med å stansa pengestøtta fordi Quataert hadde uttalt at det framleis måtte forskast på «folkemordet» på armenarane.

Men den revisjonistiske israelske historikaren Efraim Karsh tar klar avstand frå den «politisk korrekte» oppfatninga at alle problem i Midtausten er vestmaktene si skuld. Han hevdar at Den høge portens dekret om å ta god vare på armenarane under deportasjonane i 1915-16 var spel for galleriet. I følgje Karsh vart dessutan også mange armenarar på Balkan (Trakia) og Vest-Anatolia, inkludert Istanbul, fordrivne og drepne. Alle mista dessutan sine offisielle stillingar. Karsh siterer anslag på omkomne på opptil 950,000.

I følgje Karsh var det dessutan den osmanske regjeringa sjølv som var skuld i oppløysinga av riket i 1922. Trass i innstendige oppmodingar til nøytralitet frå ententemaktene Storbritannia, Frankrike og Russland valde Den høge porten å gå inn i første verdskrig på tysk side. Drivkrafta var ein tyrkisk-nasjonalistisk-islamistisk draum om eit revitalisert imperium. Derfor knuste den britiske hæren Det osmanske riket og eit nytt statssystem oppstod i Midtausten.

Kjelder:

Franz Werfel: De førti dagene på Musa Dagh. Den norske bokklubben, 1965  

Donald Quataert: The Ottoman Empire, 1700-1922. Cambridge University Press, 2000.

Efraim Karsh: Islamic Imperialism, A History. Yale University Press, 2006.

Wikipedia og BBC: sjå lenker i artikkelen.