Bernt Hagtvet og freden i Westfalen

Bernt Hagtvet ønskjer i Dag og Tid 22.-26. april «velkomen til den vedunderlege nye verdssorden» som Russland og Kina fremjar. I ingressen spør han: «Er dette framtida? Diktaturlanda slår seg saman, Orwells framtidsdystopi slår til, og freden i Westfalen i 1648 er vår eiga framtid».  Eg har ingen problem med Hagtvets åtvaring mot verda Putin og Xi drøymer om. Det er hans omtale av freden i Westfalen i denne samanheng eg synest er underleg.

Måleri av Gerard ter Borch – Geheugen van Nederland : Home : Info : Pic, Offentlig eiendom, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=337672

Hagtvet utdjupar: «Vi anar konturane av ein restitusjon av grunndraget ved freden i Westfalen etter religionskrigane i 1648: nasjonal innestenging. Då vart det slutt på innblanding frå andre nasjonar i kva styresmaktene gjorde med folket sitt. Statane vart lukka einingar i eit system av skiftande alliansar utan noko normverk til regulering av framferd, og altså utan menneskerettslege krav til staten».

Offisielt går Russland med støtte frå Kina og ein del andre land inn for ein «multipolar, rettferdig og demokratisk verdsorden», som utanriksminister Lavrov uttrykte det i møte med sin kinesiske motpart i Beijing 30. mars i år. Det er uklart kva dette betyr, anna enn at det må vera ei meir illiberal verd som ikkje er dominert av Vesten og der Russland og Kina har langt meir makt enn i dag. Det er tydelegvis også ei verd der stormakter som Russland og Kina har rett til innverknadssfærar rundt seg, det vil seia kan setja grenser for suvereniteten til det russarane kallar «det nære utland».

Men det var ikkje dette freden i Westfalen handla om. Den tradisjonelle oppfatninga, som Hagtvet uttrykker, er at Westfalen-traktatane knesette nettopp prinsippet om territorial suverenitet og ikkje-innblanding i Europa. Russlands invasjon av det suverene landet Ukraina er stikk i strid med dette.

Men i seinare år har historikarar revidert si oppfatning av Münster- og Osnabrück-avtalane. Dei peikar på at freden primært innebar endringar i konfesjonelle og konstitusjonelle forhold i Det heilage romerske (tyske) riket og ikkje hadde den tydinga for suverenitetsprinsippet som mange har meint.  

Konfesjonen i dei einskilde rikslanda vart låst til stoda 1. januar 1624, kalvinistar fekk same rettar som lutheranar, minoritetar fekk rett til å praktisera sin konfesjon dersom dei hadde gjort det i 1624, og alle konfesjonelle stridsspørsmål skulle løysast gjennom forhandling i Riksdagen, ikkje krig.

Landfyrstane og stendene fekk styrka si stilling i høve til keisaren, men (i motsetnad til den tradisjonelle oppfatninga) ikkje i den grad at rikslanda vart suverene, keisaren ein rein symbolfigur og Riket handlingslamma. Freden i Westfalen gjorde det tvert om mogleg for keisarmakta å styrka seg i komande år. I tillegg stadfesta freden at Sveits og Nederland var uavhengige statar.

Freden i Westfalen skapte langvarig fred og stabilitet i Sentral-Europa og var eit viktig steg på vegen (men ikkje meir) mot eit sekulært europeisk system av suverene statar basert på religiøs toleranse, ikkje-innblanding og maktbalanse. Traktatane medverka såleis til å utvikla både folkerett og menneskerettar.   

Utgangspunktet for religionskrigane var elles som kjent at kyrkjereformatorar som Luther og Calvin ikkje lenger ville godta paven som kristenheitas øvste religiøse styresmakt. Fredsordninga galdt såleis ikkje «innblanding frå andre nasjonar i kva styresmaktene gjorde med folket sitt» (mi utheving), og kom dessutan til å setja grenser for pavens makt berre i protestantiske delar av det tyske riket.

Denne artikkelen stod på trykk i Dag og Tid 6.-12. mai 2022.

Ukraina-krigens best tenkelege utfall

Mange uroar seg over framtida etter Russlands krig mot Ukraina. Utfallet kan bli verkeleg ille. Samstundes kan det vera nyttig å tenka på  eit «best case scenario». Det kan tena som målsetting for kva utfall som på sikt vil vera det beste, ikkje berre for Ukraina og Russland, men også for oss i Vesten.

Av Kyivcity.gov.ua, CC BY 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=115567933

Slik krigen går nå, verkar dessutan utsiktene for eit slikt scenario langt lysare enn vi først kunne drøyma om. Det går faktisk i dag an å tenka at krigen vil føra til noko som vil få dei hardt prøva, men ufatteleg modige ukrainarane til å framstå som endå større heltar enn dei alt gjer.

Det overordna målet må vera at Russland skal bli eit «normalt» europeisk land. Det inneber eit demokratisk og liberalt Russland som samarbeider og integrerer, ikkje konkurrerer, med resten av Europa, inkludert Ukraina. Dette vil leggja til rette for fred, stabilitet og velstandsutvikling ikkje berre i Europa, men i store delar av Eurasia. Eit slikt Russland kan etter kvart bli medlem av EU. Utan Russlands undergravande verksemd kan også resten av verda blir meir fredeleg og føreseieleg. Krigen kan i så fall enda med å styrka, ikkje svekka, den liberale, regelstyrte verdsordenen.

For å oppnå dette langsiktige målet, bør følgjande skje på kortare sikt:

  • Russland taper eintydig krigen og står igjen med lite eller ingenting av dei ukrainske landområda dei har okkupert sidan 2014.
  • Dette blir eit så stort prestisjenederlag for Russland at president Putin blir tvinga til å gå av eller trekker seg frivillig. Putin kan til og med bli utlevert til Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det fortener både han og krinsen rundt han.
  • Sanninga om krigen og den reelle stoda i Russland går opp for tilstrekkeleg mange russarar til at det kleptokratiske og totalitære KGB-regimet Putin har bygd opp knekk saman. Det skjer ein demokratisk revolusjon, og russarane søkjer etter ein ny, sterk leiar, men med demokratisk sinnelag.
  • Dette fører Aleksej Navalnyj frå fengselet til Kreml, fordi han står for det rette, er kjent og karismatisk, har integritet og veit kva han vil. Navalnyj uttrykte tidleg i si offentlege karriere tradisjonelt russisk-nasjonalistiske synspunkt, men har tatt sterkt avstand frå invasjonen av Ukraina og innser tydelegvis nå at vestvending, demokratisering og liberalisering er einaste vegen å gå for Russland.
  • Dermed skjønar Navalnyj vonleg også at Russland må ta eit omfattande oppgjer med si stormaktsnasjonalistiske fortid. Dette for å utbreia ein offentleg aksept av at Russland verken er, bør vera eller kan bli ei supermakt igjen. Men det kan vera ei stormakt i Europa, på linje med Tyskland, Frankrike og Storbritannia.

Kva som bør skje med Nato i eit slikt scenario, er ope. Dersom vi får tilstrekkeleg grunn til å tru at eit reformert Russland gravlegg sitt tradisjonelle fiendebilde av Vesten, ikkje lenger utgjer noko trugsmål mot oss og helst samarbeider om å fremja fred, stabilitet og liberale verdiar i verda, kan Nato leggast ned eller omgjerast, med Russland som medlem, til ein forsvarsallianse mot Kina. Prøvesteinen på dette vil vera ei omfattande nedbygging av russisk militær slagkraft, og ikkje minst av atomvåpna.

Ein stor risikofaktor i dette scenarioet er kva som vil skje med Den russiske føderasjonen. Truleg vil tidlegare erobra og koloniserte delar av landet ønskja å bryta ut, slik som Tsjetsjenia gjorde i 1991. Jeltsins og Putins krigar der medverka etter kvart sterkt til å føra Russland tilbake på eit autoritært spor.

Å unngå at det skjer igjen vil vera kanskje den største utfordringa for eit demokratisk og liberalt Russland. Det er også derfor at det vil vera så viktig med eit ordentleg oppgjer med Russlands imperialistiske fortid. Oppsida ved dette er at ei eventuell avskaling kan gjera det lettare for Russland å bli ein «normal» nasjonalstat med ein moderne, nasjonal-liberal identitet.

På den andre sida vil ei klok, føderalistisk linje frå Moskva kanskje kunna redda det meste av Den russiske føderasjonen. I alle fall vil vidareføring av det nåverande russiske territoriet mest mogleg intakt truleg vera det som vil skapa minst uro og som vi i Vesten vil vera best tente med. Men Russland må ikkje og kan ikkje haldast samla med makt. Så pass bør russarane ha lært etter denne krigen.

Uansett er det viktigaste akkurat nå å hjelpa Ukraina med klart og tydeleg å slå tilbake Russland. Det er den avgjerande føresetnaden for at krigen trass alt kan føra til noko godt. Kanskje til og med det best tenkelege utfall.

Denne artikkelen vart først publisert i Aftenposten 9. mai 2022.

Den gode bistandsviljen

Frå "Den gode viljen". Foto: NRK

Foto: NRK

NRK-dokumentaren «Den gode viljen» har skapt ny bistandsdebatt i Noreg. Med rette og på ein god måte, synest eg. Serien er nyansert og balansert, og får fint fram dei dilemma bistand til utvikling frå rike til fattige land medfører. Nyleg avslutta eg ein jobb i UD der eg i tre år arbeidde til dagleg med desse problemstillingane. Desssutan hadde eg nærkontakt med realitetane på mottakarsida i mine fire år (2005-2009) som ambassadør til Nigeria, Benin, Togo og Ghana.

Min konklusjon når det gjeld bistand etter desse sju åra er kort oppsummert følgjande:

Eg trur bistand i eit langt tidsperspektiv har overvegande positive effektar. Sunn fornuft tilseier at det er fleire vellukka enn mislukka prosjekt. Dessutan er det så vidt eg har oppfatta flest empiriske studiar som tydar på at bistand gir høgare økonomisk vekst i mottakarlanda. Men dette varierer sjølvsagt etter kor store land det er snakk om, kva slags andre inntekter dei har, kor mykje konflikt det er i landet, kva styresett det er, og så vidare.

På eit meir overordna nivå meiner eg også bistand og utviklingssamarbeid medverkar til læring og diffusjon av modernitetens «beste praksis», og dermed til materiell framgang og global integrasjon. Det er det som gjer det relevant å skriva om dette i ein historisk orientert blogg om Europa og europeisk kultur. Men så ser vi også ein islamistisk reaksjon som protesterer nettopp mot denne moderniteten, som føreset Vesten som ein universalmodell. Det skal eg koma tilbake til i eit anna innlegg.

Men bistand har også mange problematiske sider, spesielt at han lett skapar feil incentivstruktur dersom han blir for dominerande. Transaksjonskostnadane er svært høge. Dessutan er store politiske og økonomiske ulikskapar eit alvorleg dilemma – det er eit faktum at i mange (dei fleste?) utviklingsland bryr makthavarane og dei rike seg mindre om dei makteslause og fattige enn vi som gjevarar. Vår bistand kan i slike tilfelle ikkje berre undergrava demokratisk ansvarlegheit og dermed godt styresett, men også i realiteten utgjera ei subsidiering av korrupsjon. Makteliten stel landets eigne pengar som burde gått til fattigdomsbekjemping og vi steppar inn og gjer jobben deira. Dermed slepp kanskje makthavarane lettare unna enn om vi ikkje hadde gjort det. Men det er jo her «den gode viljen» kjem inn: har vi ikkje ei moralsk plikt til å hjelpa uskuldige offer uansett?

Men uavhengig av kor mange paradoks, dilemma og miserar bistand i praksis måtte føra med seg, slik «Den gode viljen» og mange andre einskildoppslag i media viser, har eg lita tru på at vi vil redusera bistanden monaleg. Vi ser det som eit moralsk imperativ å dela vår rikdom uansett effekt. Vi norske er dessutan for opptekne av vårt eige omdømme i verda til at vi vil la bistanden falla noko særleg under ein prosent av brutto nasjonalprodukt. Både vi og andre forventar at vi gir rikeleg bistand. Dermed gjer vi det. Okke som.

Så enkelt er det. Utfordringa er og blir å gjera det beste utav det.

Kina i Afrika: Nykolonialisme eller ny økonomisk verdsorden?

Kinesisk byggeverksemd i Afrika

25. november heldt eg eit føredrag om temaet over for eit studentnettverk for Afrika på NTNU i Trondheim.  Under følgjer presentasjonen og talemanuset eg brukte. Les gjerne presentasjonen først.

Presentasjon: Tigers and Lions. Is Asia helping Africa take off economically?

  • Kinas engasjement i Afrika avspeglar den raske utviklinga i Kina sidan Maos død. Landet har hatt over ti prosent årleg økonomisk vekst dei siste tjue åra. Også India satsar i Afrika, men Kinas handel med og investeringar i Afrika er over dobbelt så stor som Indias, og veks raskare.
  • Kinas engasjement i Afrika veks langt raskare enn OECD-landas.  Dermed aukar Kinas innverknad på afrikansk politikk og økonomi både absolutt og relativt.
  • Samla sett er likevel Europas og USAs del av den totale bistanden til, handelen med og investeringane i Afrika framleis monaleg større enn både Kinas og andre nye aktørars. I alle fall som bistandsgjevar i vanleg forstand vil såkalla tradisjonelle aktørar under eitt også vera klart størst i overskodeleg framtid.
  • Det er grunn til å tru at utviklinga i Kinas og andre vekstøkonomiar har medverka monaleg til den økonomiske framgangen i Afrika dei siste åra.
  • Ein hovudgrunn til den afrikanske økonomiske veksten er auka asiatisk etterspørsel etter afrikanske råvarer og innanlandsk forbruk. Stigande råvareprisar fører til større eksportinntekter for mange afrikanske land. Men også investeringar og bistand frå nye aktørar medverkar til vekst i Afrika.
  • Kinas satsar breitt og langsiktig i Afrika. Beijing meiner Afrika har eit stort, unytta potensial på mange område som kinesiske investeringar, lån, teknisk ekspertise og forretningsmetodar kan vera med og utvikla til gjensidig fordel. Slagordet er ”vinn-vinn”.
  • Økonomiske interesser er den viktigaste drivkrafta bak den kinesiske satsinga i Afrika. Afrikas store førekomstar av strategiske råvarer, og spesielt olje, er særleg viktig.  Om lag ein tredel av Kinas oljeimport kjem frå Afrika, hovudsakeleg frå Angola, Nigeria og Sudan. Meir enn 80 prosent av koboltimporten kjem frå Afrika. Også afrikansk tømmer og krom er viktig for Kina.
  • Når det gjeld investeringar, er utbygging av fysisk infrastruktur (vegar, jernbane, hamner, flyplassar, telekommunikasjon, vasskraftverk, bygningar, idrettsstadia osv.) og tilrettelegging for næringsutvikling sentrale innsatsområde for Kina i Afrika. Men kinesarane fremjar i ein viss grad også arbeidsintensiv småindustri i Afrika, ikkje minst gjennom særskilte økonomiske frisoner oppretta etter kinesisk førebilete. I tillegg satsar kinesarar på produksjon av matvarer for eksport i Afrika.
  • Men Afrika er også politisk viktig for Kina. Delvis gjeld det å fremja eitt Kina-politikken, det vil seia å unngå at afrikanske land godkjenner Taiwan. Og delvis gjeld det å byggja ”sør-sør-solidaritet” med kinesiske interesser i internasjonale fora, til dømes i FN, WTO, G20 og i klimaforhandlingane.
  • Det kinesiske engasjementet blir i stor grad møtt med opne armar i Afrika. Afrikanske regjeringar er spesielt positive, men også mange vanlege afrikanarar set pris på Kina.
  • Men nokre stader, og spesielt i Zambia, har kinesisk verksemd blitt ei politisk stridssak. Kinesiske selskap er tungt inne i Zambia, og særleg i gruvedrift. Mange tilfelle av dårlege arbeidsvilkår og arbeidskonfliktar.
  • Som frivillige organisasjonar, media og forsking peikar på, er det lite tvil om at kinesarar framleis har vore involverte i tvilsam verksemd i Afrika, til dømes korrupsjon, ulovleg hogst, jakt og fiske. Når det gjeld krav til arbeidsmiljø, samfunnsansvar og miljøomsyn er det grunn til å tru at kinesisk praksis framleis ligg monaleg etter internasjonal standard. Kinesiske selskap følgjer ikkje vanlege internasjonale reglar for anbud, byggeleiing og generell kvalitetssikring. Eitt problem med dette er at konkurransen blir svekka, inkludert frå norske leverandørar. Kina er dessutan ein våpenleverandør til konfliktområde i Afrika, som Kongo (DRC), Zimbabwe og Sudan/Darfur.
  • Men vestlege aktørar er ofte blitt kritiserte for liknande forhold. Store delar av også vestleg støtte (bistand, lån, investeringar osv.) går til afrikanske land som ligg etter når det gjeld demokrati, menneskerettar, korrupsjon, miljø, arbeidsstandardar osv. USA og Europa eksporterer også våpen i stor stil til Afrika.
  • Trass i at kinesisk konkurranse til dels går ut over afrikansk produksjon, har vi også grunn å tru at kinesiske investeringar skaper arbeidsplassar for afrikanarar. Kinesiske (og indiske) firma produserer dessutan i større skala,  på fleire område og høgare i verdikjeda enn afrikanske bedrifter hittil har gjort. I tillegg medverkar kinesiske styresmakter som nemnt til større investeringar i fysisk infrastruktur enn før, noko som gir synlege resultat på bakken. Særleg utbygging av samferdsel er kritisk på eit kontinent med dårleg transportnett, spreidd busetjing og mange kystlause land. Det same gjeld satsing på kraftproduksjon.
  • Også med omsyn til kåra for demokrati, menneskerettar og godt styresett i Afrika skal ein vera varsam med å trekka for raske konklusjonar. Kina er slett ingen stor pådrivar for demokrati og menneskerettar, men det ser heller ikkje ut til at det veksande kinesiske engasjementet i Afrika fører til dårlegare styresett eller meir korrupsjon.
  • Når det gjeld opphoping av ny gjeld til Kina, har vi heller ikkje haldepunkt for å fastlå at kinesisk långjeving skaper ny afrikansk avhengigheit. Mykje av gjelda blir etter kvart avskriven.
  • Dessutan synest kinesiske styresmakter nå å koma kritikarar i møte på ein del område:
    • Ikkje minst er dei blitt meir opptekne av å motarbeida korrupsjon og av å ta miljø- og samfunnsansvar. Til dømes nyttar den kinesiske eksport- og importbanken (Exim Bank) nå europeiske konsulentselskap som finske Pöyry til å utarbeida miljøkonsekvensanalysar for mest alle sine prosjekt i Afrika.
    • Kina har underskrive Paris-erklæringa om bistandseffektivitet, og deltar i ei arbeidsgruppe om utviklingspolitikk med OECD/DAC.  Press frå øvste kinesiske hald kan ha vore utslagsgjevande for at Sudans regjering godtok ein AU/FN-fredsstyrke for Darfur i 2007. Noreg har nå ein god dialog med Kina om utviklinga i Sudan, der kinesiske selskap har investert tungt i oljeproduksjon. Kina har i aukande grad medverka til fredsoperasjonar i Afrika, og deltar også i den internasjonale marineinnsatsen mot sjørøveri utanfor Somalia.
  • Frå norsk side opprettheld vi nivået på engasjementet vårt i Afrika, og satsar til dels komplementært med Kina. Vårt samarbeid med afrikanske partnarar om godt styresett, demokrati, menneskerettar, helse, utdanning, kvinner og barn, miljø, klima og rein energi blir berre endå viktigare sett i lys av nye aktørars satsing på infrastruktur, næringsutvikling og handel.
  • Erik Solheim 26.08.2010: ”Jeg vet ikke hvor mange ganger jeg har hørt frivillige organisasjoner og andre uttrykke bekymring om Kina i Afrika. Er dette et problem? Det er snakk om land som helt frivillig utsetter seg for dette. Ja, Kina gjør mange ting utfra sin egeninteresse, men troverdigheten i forestillingen om at vi europeere kommer til Afrika med en bistand blottet for egeninteresser, er ikke videre stor. Etter min oppfatning er det Kina gjør i Afrika i all hovedsak bra. Det betyr ikke at vi ikke skal ha en dialog med kineserne og kritisere dem der vi er uenige.”
  • Oppsummering/konklusjon:
    • Langvarig økonomisk vekst i Afrika
    • Kina og andre utviklingsland bidrar. Reflekterer at ny økonomisk verdsorden utviklar seg.
    • Sårbar vekst i stor grad basert på råvarer og forbruk. Afrika er på veg, men har langt igjen. Treng breiare og djupare vekst, industrialisering, større produktivitet og fleire arbeidsplassar.
    • Framleis svært avhengige av utviklinga i verdsøkonomien, og nå spesielt av Kina (vis siste lysark).
    • Ny økonomisk krise i verda vil ramma både Kina og Afrika.

Untergang des Abendlandes avlyst

Professor Huang Jing

Tittelen på Oswald Spenglers berømte bok frå 1918, Der Untergang des Abendlandes, blir stadig meir aktuell. Vesten er visst først nå er i ferd med å gå under  for alvor. Det er Kina og andre nye stormakter som held på å ta over, sjølvsagt. Til og med Afrika er på veg opp. USA stagnerer i indre strid og Europa/EU er i sjølvskulda krise. Men ein klok, kinesisk professor frå universitetet i Singapore (Lee Kuan Yew School of Public Policy), Huang Jing, var nyleg i Oslo og sette skapet på plass. Det er ikkje slik at Kina er i ferd med overta, sa han. Det som skjer, er at Kina strevar med å slutta seg til Vesten. For å utvikla seg vidare, må landet bli meir liberalt og demokratisk. Professor Jing deltok på konferansen Asia og vi, arrangert av Utanriksdepartementet og Norsk utanrikspolitisk institutt 28. oktober. Du kan sjå opptak av hans føredrag her.