Hellas og Europa før og nå, del I: Det greske opphavet til det geografiske og universelle Europa

Atens Akropolis

Hellas er eit sjarmerande land som kanskje går konkurs innan eit år, EU-redningspakkar eller ei. Med det vi nå veit om gresk økonomi og politikk, må vi lura på korleis Hellas så lett kom med i EU i 1981 og euroen i 2002. Eg trur ein viktig del av svaret er at Hellas er oppfatta som Europas vogge. At Europa ikkje ville vera ”komplett” utan Hellas, var eit viktig argument for EU-medlemskap. Og det er heilt riktig at europeisk sivilisasjon på mange måtar oppstod i Hellas. Men som vi skal sjå, er det så stor forskjell på Hellas før og nå at slik argumentasjon eigenleg er lite relevant.

Oppsummert vil eg hevda at dei gamle grekarane har påverka det moderne Europa på tre viktige måtar. Først og mest opplagt er at dei gamle grekarane fann opp “Europa” som geografisk omgrep og knytta det til ein idé om ein “vestleg”, kosmopolitisk og universell sivilisasjon. For det andre skapte dei gamle grekarane ein intellektuell og materiell arv som har blitt ein grunnleggjande del av europeisk identitet og samfunn. Desse to faktorane har inngått i nåtidas proeuropeiske diskurs. Men for det tredje vil eg hevda at protestantiske nordeuropearars tolking av oldtidas Hellas på 1700-talet medverka til utviklinga av nasjonalismen.

Eg vil drøfta desse greske bidraga til utforminga av det moderne Europa i tre påfølgjande blogginnlegg, og avsluttar med eit fjerde der eg samanliknar Hellas’ rolle i Europa før og nå. Innlegga hentar det meste av stoffet frå mi doktoravhandling, spesielt avsnitt 3.4. Alle omsetjingar er frå engelsk og mine.

Europas asiatiske opphav

Zevs og Europé framstilt på ein antikk gresk vase

“Europa” oppstod i den gamle greske mytologien. Den greske historikaren Herodot (ca. 484-424 f.Kr.) meiner Europa er oppkalla etter den fønikiske og dermed “asiatiske” prinsessa Europé, som sjølv aldri sette fot i Europa (Fønikia låg som kjent i området der Libanon er nå).[i] I det som ettertida har omtalt som ‘rovet på Europa,’ forelska overguden Zevs seg i denne dottera til Fønikias kong Agenor, skapte seg om til ein vakker, kvit okse og lokka henne til å bli med på ryggen sin til Kreta.[ii] Med Zevs fekk Europé sonen Minos, som vart kretisk konge og lovgjevar. Dagens europearar er hans avkom og Europé sjølv vart deira skytshelgen.[iii]

Men Herodot nemner også ein annan versjon, at det var vanlege grekarar frå Kreta som bortførte Europé som hevn for at fønikarar tidlegare fanga den greske kvinna Io frå Argos.[iv] Desse bortføringane skal ha vore den opphavlege grunnen til dei lagnadstunge krigane mellom grekarane og persarane. Desse byrja med den greske smadringa av Troja og enda med slaga ved Marathon i 490 f.Kr. og Salamis i 480 f.Kr. Dette er hendingar som seinare prega europearanes sjølvbilde i høve til den asiatiske ”andre”.[v]

Ordet ”Europas” opphav eller etymologi er elles ikkje sikkert kjent (sjå her). Ei utbreidd oppfatning er at det er semittisk (frå det gamle Midausten) og betyr ”solnedgangens land”, dvs. vest. Ein annan er at det kjem frå gresk og tyder ”andlet” eller ”syn”.

Europas geografiske grenser

Dei tidlegaste post-homeriske kjeldene brukar “Europa” om fastlands-Hellas, for å skilja det frå dei egéiske øyane. Under den greske koloniseringsperioden frå det niande til det sjette hundreåret f.Kr. vart omgrepet utvida til å omfatta heile det kontinentale Hellas og deretter også til områda vest og nord for Hellas. På denne tida kom også omgrepa Asia og Libya i vanleg bruk (romarane døypte om sistnemnde til Afrika).[vi] Først delte dei gamle grekarane verda inn i to delar, Vest og Aust, Europa og Asia (Libya/Afrika vart oppfatta som ein del av Asia). Men Herodot innførte ei tredeling han kan ha fått frå det gamle Egypt. Til å byrja med diskuterte ein om Nilen eller Suez utgjorde grensa mellom Asia og Afrika. Ei stund meinte ein også at den vesle elva Phasis (nå Rioni i Republikken Georgia), som flyt inn i den austlege enden av Svartehavet, utgjorde grensa mellom Europa og Asia. Men så vart det semje om at denne grensa gjekk langs elva Tanais (Don).[vii]

Grensedraginga ved Don var framherskande heilt til tsar Peter den Store byrja å europeisera Russland. Russland vart akseptert som ein del av det europeiske statssystemet etter innsatsen mot Sverige i Den store nordiske krigen (1700-1721). Europas endelege godtaking av Russland som europeisk stormakt kom etter den russiske medverknaden til å stansa Napoleon. Wilhelm Friedrich Volger stadfesta flyttinga av Europas austgrense til elva Ural og Ural-fjella i si Handbuch der Geographie frå 1833.[viii] For dei gamle grekarane utgjorde elles “Herkules’ søyler” (fjella på begge sider av Gibraltar-stredet) vestgrensa.[ix]

Det vestlege, men universelle Europa

I følgje Herodot var det persarkrigane som førte til at det vaks fram fiendskap mellom grekarar og persarar, vest og aust, “Europa” og “Asia”.[x] Det oppstod ei kjensle av hellensk fellesskap og alle utanforståande vart oppfatta som “barbarar” (eit lydmalande ord som betyr folk som snakkar uforståeleg slik at det høyrest som barbar).[xi] I det femte hundreåret f.Kr. assosierte grekarane “asiatisk” med overdriven luksus, vulgaritet, lovløyse, maktmisbruk og despoti – alt som stod i motsetning til Hellas og greske verdiar.[xii] Det overlegne sjølvbildet deira kom særleg til uttrykk i greske skodespel. Mest halvparten av dei overlevande greske tragediane frå det femte hundreåret f.Kr. skildrar barbarar.

Likevel var ikkje dei gamle grekarane fanatiske og rasistiske. Dyrkinga av fornuft og logikk førte til ei kosmopolitisk innstilling. Den amerikanske historiske sosiologen Michael Mann skriv: “Når alt kom til alt, mangla grekarane ei konsekvent oppfatning av seg sjølve som etnisk overlegne. Dei var for utettervende, for interesserte i særmerka ved (den mannlege) menneskeheita som heile, for tilbøyelege til å overføra den diplomatiske rasjonaliteten som deira eige fleirstatssystem bygde på til resten av verda.”[xiii] Mann siterer Sofokles’ skodespel Tereus, der borgarkoret erklærer at “[d]et finst éi menneskeætt. Éin einaste dag skapte oss alle av vår far og mor. Ingen mann er fødd overlegen ein annan. Men ein mann er dømd til ulukke, ein annan til lukke, og på andre fell slaveriets åk.”

Sokrates, den første verdsborgar?

Sokrates var den første filosofen som sa at heile verda var hans fedreland.[xiv] Denne erklæringa var ein av grunnane til at han seinare vart dømd til døden av fødebyen Aten.[xv] Det var såleis ein motsetnad mellom grekaranes idé om einskap mellom menneska og det at dei berre tilla fornuft til frie, siviliserte menneske, slik dei oppfatta seg sjølve. Denne motseiinga vart seinare delvis overvunnen ved at dei byrja å framheva mogelegheita alle har til å utvikla si eiga fornuft gjennom danning, eller skolering/kultur (det greske ordet er paideia). Isokrates skreiv at “den mann som deler vår paideia er i høgare forstand gresk enn han som berre deler vårt blod”.[xvi] Som Mann minner om, gjenoppstod den greske kosmopolitanismen i Midtaustens frelsesreligionar.[xvii] Ikkje minst er kristendommen grunnleggjande universell og kosmopolitisk. Men det gjeld også den europeiske opplysningstidas tenking, som er sterkt inspirert av gresk rasjonalisme.

Universalisme versus partikularisme

Ordet Europa kan altså å vera av orientalsk opphav, men det var dei gamle grekarane som gav det til territoriet vi nå oppfattar som Europa. Seinare knytta dei omgrepet til politiske og kulturelle verdiar som skilte dei nettopp frå Orienten, in casu persarane. Likevel var grekarane generelt ikkje rasistar eller nasjonalistar, men trudde på ei universell fornuft og kosmopolis, verdsstaten. Også i dag er spenninga mellom Europa og Asia, det almene og det særskilte, det universelle og det partikulære brennaktuelle tema som inngår i den store debatten om kulturrelativisme og multikulturalisme. Er til dømes menneskerettane verkeleg universelle, eller representerer dei europeisk kulturimperialisme? Skal alle lover og reglar gjelda likt for alle, eller skal vi ha unntak basert til dømes på religion? Kan det til dømes finnast gyldige kinesiske, russiske eller afrikanske variantar av demokrati som vi europearar ikkje ville godta som demokratiske? Finst det eit universelt danningsideal og ein universell fornuft som ligg til grunn for ei universell utviklingslinje mot eit universelt moderne samfunn? Eller kan det tenkast fundamentalt ulike, kulturelt særprega vegar til moderniteten? Er kanskje førestillinga om modernitet i seg sjølv kulturelt europeisk? Er det som i Kiplings dikt: East is east, and west is west, and never the twain shall meet?

………

Neste innlegg går altså nærare inn på det gamle Hellas’ bidrag til forminga av moderne europeisk identitet.


[i] Herodot, History: II, 45.
[ii] A. Pagden 2008, Worlds at War: The 2,500-Year Struggle Between East and West (Oxford: Oxford University Press), ss. 1-2.
[iii] J. Hale 1994, The Civilisation of Europe in the Renaissance (London, Fontana Press), s. 8.
[iv] Herodot History I, 2.
[v] P. den Boer 1995,”Europe to 1914: The Making of an Idea”, in K. Wilson and J. v.d. Dussen (red.), The History of the the Idea of Europe (London: Routledge), s. 15.
[vi] D. Hay 1957, Europe. The Emergence of an Idea (Edinburgh. Edinburg University Press), s. 2
[vii] Den Boer 1995, s. 15.
[viii] Hay 1957, s. 125; N. Davies 1996, Europe. A History (Oxford: Oxford University Press), s. 8.
[ix] D. de Rougemont 1966, The Idea of Europe (New York: Macmillan), s. 32
[x] Herodot, History: I, 4.
[xi] M. Finley i M. Finley (red.) 1981, The Legacy of Greece: A New Appraisal (Oxford University Press, Oxford), ss. 8-9; Keen, M. 1968, The Penguin History of Medieval Europe (Harmondsworth: Penguin) ss. 27-31.
[xii] Hay 1957, s. 3.
[xiii] M. Mann 1986, The Sources of Social Power, i: A history of power from the beginning to A.D. 1760 (Cambridge: Cambridge University Press), s. 225.
[xiv] De Rougemont 1966, s. 32.
[xv] S. Talbott 2008, The Great Experiment: The Story of Ancient Empires, Modern States, and the Quest for a Global Nation (New York, Simon and Schuster), s. 25.
[xvi] Sitert av de Rougemont 1966, s. 34.
[xvii] Mann 1986, ss. 225-226.