Vårt problem med å forstå Russland

Professor Øyvind Økland ved Høgskulen i Volda spør i eit innlegg i Dagsavisen 31. mars om det er propaganda eller trekk ved den russiske «folkesjela» som forklarar at det store fleirtalet av russarar støttar president Putins invasjon av Ukraina. I sitt forsøk på svar viser han til kulturforsking som tilseier at «russere har større maktavstand enn mange andre land i Vesten» og at Russland er meir prega av «maskuline» verdiar enn til dømes Noreg. Økland er inne på noko viktig, men prøver ikkje å forklara sine funn. Dette er symptomatisk for ei utbreidd vegring mot å ta inn over seg kva som faktisk har skjedd med Russland og russarane. Vi vil jo så gjerne tru det beste om alle, og det som Russland nå gjer i Ukraina er så ufatteleg.

Vasilij-katedralen i Moskva, bak monumentet over Minin og Posjarskyj. Forsidebilde til Olga Kuzmina The «Russian World»: Russia’s Soft Power and Geopolitical Imagination — Washington: Center on Global Interests, 2015.

Vårt problem med å forstå russarane botnar i at russisk politisk kultur er vidt forskjellig frå vår. Russarane lever så å seia i ei anna verd. Mykje av norsk, europeisk og vestleg identitet er dei seinare tiåra blitt stadig meir prega av radikalt liberale, «postmoderne» verdiar (antiimperialisme, postkolonialisme, antirasisme, LHBT-likestilling osv.).

Derimot er altfor mange russarar, godt hjelpte av offentleg sensur og løgnaktig propaganda, blitt hengande igjen i det ein i beste fall kan kalla eit «moderne» verdssyn frå 1800- og første halvdel av 1900-talet, prega av autoritarisme, stormaktstenking, nasjonalisme, imperialisme og anna tankegods som vi nå oppfattar som høgreradikalt.

Årsaka til dette er forskjellar i grunnleggande samfunnstrekk som geografi, historisk erfaring, religion og økonomi. Propaganda fungerer berre når han kan spela på lag med slike faktorar. Putin har fått så stor makt fordi han sym som fisken i det tradisjonelle russiske politisk-kulturelle vatnet, som han samstundes piskar opp så godt han kan.

Geografien har lagt til rette for russisk imperialisme fordi Russland oppstod i Eurasia, eit enormt sletteland med få naturgjevne grenser anna enn Nordishavet, Svartehavet og Stillehavet. Ei pregande historisk erfaring for russarane er den enorme russiske ekspansjonen som byrja på 1500-talet.

Tsarriket okkuperte raskt og brutalt uhorvelege landområde med etnisk og religiøst svært varierte folkesetnader, under streng kontroll av den eineveldige herskaren i Moskva. Den russiskortodokse kyrkja overtok samstundes den bysantinske tradisjonen for kvasireligiøs hylling av keisaren, framstilte Moskva som «Det tredje Roma» og fremja førestillinga om eit «Heilagt Russland» som skulle frelsa verda.

Ei rekke omstende gjorde samstundes at Russland vart verande fattig, med ein enorm, undertrykt, analfabetisk underklasse og ein liten, rik overklasse. Den vesteuropeiske opplysningstida gjorde lite inntrykk.

Den russiske revolusjonen førte til økonomisk, men slett ikkje politisk utjamning. Han knuste derimot den beskjedne middelklassen som kunne ha ytt motstand mot «proletariatets diktatur».

Sovjetunionen overtok tsarrikets enorme landområde og fekk på grunn av andre verdskrigen også kontroll over det meste av Baltikum, Sentral- og Aust-Europa. Stalins armear medverka avgjerande til å slå Hitler-Tyskland, men med ein menneskeforaktande bruk av vanlege folk som kanonføde. Stalin sjølv gjekk i Ivan den grusommes fotspor som «den raude tsar».

Det var hans ansvar at millionar ukrainarar døydde av svolt på 1930-talet. Det sovjetiske kommunistpartiets «demokratiske sentralisme» vart eit skalkeskjul for einmanns- eller fåmannsvelde. Sensur stengte ute dei fleste impulsar frå det frie Vesten, som propagandaen framstilte som eit dødeleg trugsmål.

Tilløp til liberalisering og demokratisering skjedde berre ca. 1906–1914 og så ca. 1985–1993. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 klarte ikkje russarane å finna ein ny, demokratisk nasjonal identitet tilpassa nye realitetar. Noko oppgjer med den russiske stormaktsnasjonalismen frå tsar- og sovjettida skjedde aldri.

Etter Jeltsins bombardering av parlamentet i Moskva i 1993 og invasjonen av Tsjetsjenia i 1994 sklei Russland derimot sakte, men sikkert tilbake i det gamle autoritære, nasjonalistiske og imperialistiske sporet. Mens den vestorienterte Gorbatsjov førestilte seg «ein felles europeisk heim» har eit stadig meir autokratisk og brun-raudt-kvitt Putin-regime, særleg etter 2012, propagandert ein reaksjonær og revisjonistisk russisk nasjonalisme-variant kalla «eurasianisme».

Denne ideologien har hatt den høgreradikale intellektuelle Aleksandr Dugin som viktigaste profet og ser Russland ikkje som ein «nasjonalstat», men som ein eigen «sivilisasjonsstat» mellom Europa og Asia. Financial Times-journalisten Charles Clover kallar Dugins bok om Russlands geopolitiske framtid frå 1997 «ei oppskrift på verdsdominans».

Ifølgje boka er den einaste regelen i internasjonal politikk at makta rår. Russlands nye eurasiske imperium må byggast på motstand mot amerikansk dominans, atlantisk samarbeid og liberale verdiar. Boka framhevar at «den fremste oppgåva er finlandisering av Europa».

Putin har nærast sitert frå Dugins bok ei rekke gonger. I ein tale i 2013 omtalte han til dømes Russland som «sivilsasjonsstat», langa ut mot vestleg forfall og skildra sin visjon for eurasisk integrasjon.

Den eurasiske unionen (som vart etablert året etter) skulle ikkje berre vera økonomisk, men også «eit prosjekt for bevaring av nasjonanes identitet i det historiske eurasiske rommet i det nye hundreåret og ei ny verd. Eurasisk integrasjon er ei mogelegheit for heile det tidlegare sovjetområdet til å bli eit uavhengig senter for global utvikling, heller enn å forbli Europas eller Asias utkant.»

Det er i lyset av denne visjonen ein må lesa Putins historiske essay om Ukraina frå i fjor. Han fornektar eksistensen av Ukraina som eigen nasjon og stemplar landets sjølvstende som eit vestleg, antirussisk prosjekt. Som Dugin og dei russiske slavofilane på 1800-talet, og med ivrig støtte frå den russisk-ortodokse kyrkja, kallar Putin samstundes det demokratiske, liberale Europa som Ukraina søkjer seg til dekadent og avfeldig.

Dette «råtne» (postmoderne) Europa strider ifølgje i Putin med alt den mektige russiske sivilisasjonen står for.

Men for å verkeleggjera Putins eurasiske prosjekt må Russland, Ukraina og Kviterussland først samlast i ein allrussisk, Moskva-dominert einskap. Denne «unionen av broderfolk» skal vera kjernen i det nye Eurasia.

Prosjektet er daudfødt utan Ukraina. Ukraina var ikkje berre den største sovjetrepublikken etter den russiske, men har nå også «stole» dei første fem hundreåra av den «allrussiske» historia (dvs. Kyiv/Kiev-riket), som er så viktige for Putins og dei fleste russarars russlandsidé. Derfor  han få kontroll over Ukraina, tilsynelatande for ein kvar pris.

Det er dette tankegodset som etter mitt syn best forklarar Russlands utanriks- og militærpolitiske kurs under Putin, inkludert allergien mot Nato-utviding og invasjonen av Ukraina.

Zbigniew Brzezinski skreiv med rette i «Foreign Affairs» i 1994 at «Utan Ukraina sluttar Russland å vera eit imperium, men med Ukraina underordna og undertrykt blir Russland automatisk eit imperium».

Men som Brzezinski la til: «Russland kan vera anten eit imperium eller eit demokrati, men ikkje begge deler på same tid».

……………………

Denne artikkelen stod på trykk i Dagsavisen 12. april 2022.

Kjelder (ikkje nemnt i Dagsavisen): Brzezinski 1994; Dugin 1997, Clover 2016; Kotkin 2022; Kuzio 2022; Ostrovsky 2015/2017; Plokhy 2017; Putin 2013, 2021.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: