Kva betyr det å vera europear i dag?

Europa gjennomgår ei identitets- og legitimitetskrise. I ei verd prega av nasjonalistisk populisme, ei pågåande flyktningkrise, ein stadig meir utstabil neoliberal verdsorden, klimakrise og koronapandemi må europearane på nytt ta stilling til kva det skal bety å vera europear.

Det hevdar Shane Weller, professor i samanliknande litteratur ved universitetet i Kent, i si nye bok The Idea of Europe. A Critical History (Cambridge University Press, 2021). For å bidra til offentleg ordskifte om kva vi nå bør meina med orda «Europa» og «europear» gjer Weller i boka ein omfattande analyse av Europa-idéens historie, sterkt inspirert av postmoderne, kritisk teori.

Weller meiner diskursen om Europa gjennom tidene har vore prega av tre vedvarande fordommar: 1) eurosentrisme: «europeisk sivilisasjon skuldar ikkje resten av verda noko som helst»; 2) eurosuprematisme: «europeisk sivilisasjon er overlegen alle andre»; og 3) eurouniversalisme: «europeisk sivilisasjon bør tena som modell for heile verda» (s. 9, mi omsetjing).

I følgje forfattaren har alle forsøk på å definera «Europa» medført nedvurdering av «den andre», til dømes som «Asia» eller islam. 1800-talets etnologar hylla Homo europaeus som ein overlegen rase, noko som hundre år seinare kulminerte i den nazistiske oppfatninga om det ariske herrefolket og i Holocaust. Europearar har framstilt Europa som den meste avanserte, ofte også som den einaste, «sivilisasjonen» i menneskas historie. Denne idéen, kombinert med politisk og teknologisk innovasjon, gav ifølgje Weller Europa mogelegheit til å leggja store delar av verda under seg, til å føra krigar som kosta millionvis av menneskeliv, til enorme naturøydeleggingar og til folkemord, ikkje berre på jødane i Europa, men også i Afrika, Amerika og Australasia. Det største barbari i verdshistoria har såleis utgått frå «sivilisasjonen» Europa, framheld Weller.

Hans mål er likevel ikkje å ta livet av Europa-tanken, men gjennom idéhistorisk basert kritikk å finna ein versjon som er tilpassa nåtida og framtida. Weller endar opp med å stadfesta at visse «europeiske» verdiar faktisk er overlegne og bør universaliserast, nemleg fridom, demokrati, mangfald og rettferd som politiske ideal og audmjuk sjølvkritikk som erkjenningsideal.

Konklusjonen verkar noko paradoksal på bakgrunn av Wellers omfattande, postmodernistiske dekonstruksjon av tekstar om Europa-tanken i boka, der han knapt finn éin som ikkje er prega av dei tre fordommane han definerer. Ei nærliggande forklaring på denne spagaten er konteksten Weller skriv i.

På den eine sida må han ta omsyn til at postmoderne – i dette tilfellet mest relevant postkolonial –  kritisk teori står sterkt i britisk humaniora og samfunnsvitskap (og endå sterkare i USA, men vi ser det same også i andre vestlege land, inkludert Noreg).

På den andre sida har brexit-debatten ført til at proeuropeiske britiske progressive og liberale har fått eit nytt behov for å kunna forsvara EU og Europa ideologisk. Som det framgår mellom anna av Maria Sobolewska og Robert Fords Brexitland. Identity, Diversity and the Reshaping of British Politics  (Cambridge University Press, 2020), fekk striden om utmelding av EU i 2016 britiske veljarar til å flokka seg i ein euroskeptisk Leave-leir som i stor grad består av etnosentriske, eldre, kvite, mindre utdanna og konservative veljarar, og ein proeuropeisk Remain-leir – liberale, kosmopolitiske, yngre veljarar med universitetsgrad og, ofte, innvandrarbakgrunn. Remainers tapte folkerøystinga fordi dei satsa på rasjonelle økonomiske argument, og Leavers vann fordi dei køyrde ei kjenslebasert identitetspolitisk kampanje.

Det føreligg mange bøker om Europa-tankens historie, men Wellers byr på den mest omfattande, inngåande og oppdaterte gjennomgangen eg har lese. Sjølv om dei tre hovudinnvendingane hans er sjablongaktige og forfattaren gjentar dei for ofte, er den kritiske drøftinga tankevekkande, relevant og aktuell. Dette er derfor ei bok mange samfunns- og historieinteresserte vil ha glede og nytte av. Sjølv sit eg likevel att med ein del innvendingar, spesielt følgjande.

Weller legg dagens moralførestillingar og kunnskapsstand til grunn for sin tilbakeskodande kritikk av fortidas teori og praksis. Til dømes sidestiller han implisitt dei gamle grekaranes forakt for deira dåverande «andre», persarane, med islamofobi i dagens Europa. Det er anakronistisk og villeiande.

Weller konsentrerer heile sin analyse om kva meiningsinnhald europearar av alle slags politiske avskyggingar gjennom historia har lagt i omgrepet «Europa», som om det fortel alt om kva det betyr å vera europear. Det verkar som om han dermed meiner Europa-tankens historie ikkje berre er representativ for, men at idéen også er ein sjølvstendig drivar i, utviklinga av europeisk identitet og idéhistorie, ja europeisk historie i det heile. Mest graverande i denne samanheng er at forfattaren tilslører det faktum at «Europa» heilt fram til moderne tid først og fremst var ein geografisk term utan ideologisk meiningsinnhald.

Fordi han ikkje var knytt direkte til omgrepet «Europa», nemner Weller knapt at Europas lange tradisjon for rasjonalisme, openheit, kosmopolitisme og toleranse oppstod lenge før opplysningstida, i det gamle Hellas og det hellenistiske Nære austen, og vart ført til Vest-Europa av romarane og den kristne kyrkja. Dermed forsvinn også mykje av den breie historiske bakgrunnen for dei verdiane Weller utpeikar som dei beste i europeisk tradisjon. På denne og andre måtar overdriv han dessutan kor fordomsfulle overfor «den andre» europearane har vore gjennom tidene.

Dei fleste menneske i verda vil nok i dag omfamna Wellers «europeiske» verdiar, i alle fall teoretisk. Dei er med andre ord blitt, eller har alltid vore, tilnærma universelle. For å ha aktuell interesse må Europa-tanken knytast til det geografiske Europa og til samarbeid her, først og fremst i EU.

Wellers abstrakte spørsmål om kva det skal bety å vera europear i dag kokar dermed i praksis ned til spørsmål som «kva forhold skal vi ha til EU?», «kva skal EU stå for?», og «kva vil vi med EU?». Då gir det også meir meining å snakka om ei identitets- og legitimitetskrise i eit EU som mellom anna er utfordra av nasjonalpopulisme, underskot på både demokrati og handling, endra maktforhold i verda og migrasjon.

Weller spør eigenleg «kva visjon skal venstresida ha for EU?». Det enklaste svaret på det er «same visjon som for samfunnet generelt.» Utfordringa er å finna ut kva rolle EU bør spela, og korleis, i verkeleggjeringa av denne visjonen. Men Weller har rett i at det trengst gode ideologiske – og emosjonelle – argument for EU, ikkje berre økonomiske og rasjonelle. Særleg i identitetspolitikkens tid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: