Intellektuell vending mot Europa?

Morgenbladet er vel den norske avisa som mest medvite har intellektuelle som målgruppe. Avisa har lenge hatt god dekning av europeisk politikk og samarbeidsstrev, særleg gjennom den Roma-baserte Simen Ekern, tysklandseksperten Sten Inge Jørgensen og Frankrike- (og vin-) eksperten Tove Gravdal. Men tonegjevande europeiske intellektuelle kjem også ofte direkte til orde. I nr. 50 av 19. desember 2014 gjeld det den slovenske filosofen Slavoj Žižek og den franske økonomen Thomas Piketty. Dei har begge nyleg vore på noregsbesøk, førstnemnde som føredragshaldar i Litteraturhusets serie «Universalismen 2014» og sistnemnde for å lansera sin internasjonale bestseljar Kapitalen i det 21. århundre i norsk omsetjing. Morgenbladet trykker eit essay basert på Žižeks føredrag og intervjuar Piketty på flytoget på veg tilbake til Gardermoen og Frankrike.

Thomas Piketty

Thomas Piketty

Det som slår meg og som støttar opp under eit tidlegare inntrykk eg har hatt, er den proeuropeiske innstillinga begge desse to venstreorienterte intellektuelle målber. Piketty observerer i Morgenbladet at skattekonkurranse mellom land har gjort at kapitalen slepp stadig lettare unna, og tar til orde for ein global formuesskatt. Dette kallar han «ein nyttig utopi», men ser på regionale skattar, særleg på europeisk nivå, som meir realistiske startpunkt. Her uttalar han i følgje Morgenbladet: «Vi trenger et demokratisk europeisk parlament hvor hvert land er representert proporsjonalt med sin befolkning, hvor vi kan ta beslutninger innen økonomisk politikk.»  Piketty ønskjer at ein koalisjon, eller indre eurokjerne, skal ta leiinga i ei omfattande institusjonell endring av EU som skal leggja grunnlaget for eit europeisk skatteregime. Også dette er nok dessverre urealistisk, men tidlegare president Valéry Giscard d’Estaing har i ei ny bok i haust, Europa. Dernière chance de l’Europe tatt til orde for noko liknande (sjå hans blogg her).

Frå Slavoj Žižeks essay «Et forsvar for universalismen» siterer eg siste avsnitt:

På sine eldre dager uttrykte Sigmund Freud forvirring over spørsmålet «Hva vil kvinnen?» I dag er spørsmålet heller «Hva vil Europa?» For det meste tar Europa rollen med å regulere den globale kapitalistiske utviklingen, og flørter i blant med det konservative forsvaret av tradisjoner. Begge disse veiene fører til glemsel, til marginalisering av Europa. Den eneste veien ut av denne fullstendig fastlåste situasjonen, er hvis Europa blåser liv i sin radikale og universelle frigjørende frigjøringsarv. Oppgaven blir å bevege seg forbi kun det å tolerere andre til en positiv, frigjørende leitkultur som kan opprettholde en autentisk sameksistens og miks av ulike kulturer. Ikke bare respektere andre, men tilby dem en felles kamp, for utfordringen vår i dag er den samme for alle.

Slavoj Zizek

Slavoj Žižek

Žižek meiner at «den kristne arvens» sanne kjerne er at «hvert individ har umiddelbar tilgang til det universelle – Den Hellige Ånd, eller i dag Frihet og menneskerettigheter. Jeg kan ta direkte del i den universelle dimensjonen uavhengig av min plass i verdens sosiale orden». Han held fram: «Det virkelige problemet er at kritikerne av anti-innvandringsbølgen ikke forsvarer denne dyrebare kjernen i den europeiske arven, men i stedet begrenser seg til det endeløse ritualet med å bekjenne Europas egne synder, til ydmykt å akseptere den europeiske arvens begrensninger, og til å juble over andre kulturers rikdom».

Piketty og Žižek synest for meg å representera ei både praktisk og filosofisk vending mot Europa blant europeiske venstreorienterte intellektuelle. Eg har tidlegare skildra EU som «eit sentrumsprosjekt, ein middelveg både politisk og geografisk, mellom ekstremisme, rasisme og nasjonalisme,» som har sine viktigaste støttespelarar på det moderate høgre og det moderate venstre. Mykje tyder på at også moderate norske venstreorienterte, og då reknar eg med store delar av SV, er i ferd med å revidera si ideologiske tenking når det gjeld Europa. Dette er i tilfelle resultat både av innverknaden frå europeiske intellektuelle som Piketty og Žižek (Habermas og mange andre kunne også nemnast) og frå utviklinga på bakken i Europa, ikkje minst det som har skjedd i Ukraina og styrkinga av høgrenasjonalismen.

Det sørgelege er at EU samstundes synest å ha malt seg inn i eit hjørne og er ute av stand til å ta dei tydelege grep som trengst for å koma ut av krisa og realisera sitt potensial. Dermed veks faren for ytterlegare desillusjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: