Europearen Edvard Munch

Edvard Munch

Edvard Munch

I høve 150-årsjubileet for Edvard Munchs fødsel las eg i sommar Atle Næss sin Munch-biografi frå 2004. Ei velskriven og veldokumentert bok som eg varmt kan tilrå. Her framgår det tydeleg kor europeisk Munch var. Han reiste og oppheldt seg mykje ute i Europa, og spesielt i Frankrike og Tyskland. Det var også her han hadde sine viktigaste støttespelarar og fekk sitt kunstnarlege gjennombrot. Og sjølvsagt var Munch grunnleggjande påverka av tradisjonar og trendar i europeisk målarkunst, som han i sin tur sjølv kom til å påverka sterkt.

I 1916, under første verdskrig, laga Munch tre litografier med tittelen «Europas forente stater» (du ser to av dei under). I eit brevutkast som Næss gjengir (på s. 447) skriv Munch rett etter krigen i 1918: «Jeg står fast i min kjærlighet til Europa – jeg har en fedrelandsfølelse for det – og denne krigen har jeg opplevd som en borgerkrig».

Europas forente stater. Litografiar av Edvard Munch

Europas forente stater. Litografiar av Edvard Munch