Ein verdig fredsprisvinnar

Alfred Nobel

Alfred Nobel

«EU ingen verdig vinner» er parolen til «Fredsprisinitiativet 2012» og det alternative fakkeltoget søndag 9. desember, som Noregs fredsråd har tatt initiativ til. Tre tidlegare fredsprisvinnarar, blant anna Desmond Tutu, støttar initiativet. Til og med Redd Barnas Ungdom skal gå i tog mot EU. Kritikken mot fredspristildelinga går på at EU er eit politisk prosjekt med fleirfaldige militære dimensjonar som ikkje har gjort noko spesielt for nedrusting og forbrødring siste år. Det siste året har EU tvert om sådd uro og splid på grunn av eurokrisa, hevdar kritikarane. Fredrik Heffermehl, som lenge har meint at Nobel-komitéen går langt ut over sitt mandat, uttalar til Aftenposten at komitéformann Thorbjørn Jagland brukar Nobel-prisen som «sin private butikk

Nobel-komitéen viser i si grunngjeving til at «Unionen og dens forløpere har gjennom mer enn seks tiår bidratt til å fremme fred og forsoning, demokrati og menneskerettigheter i Europa.» Komitéen understrekar at «EUs virksomhet representerer «folkenes forbrødring» og utgjør en form for de «fredskongresser» som Alfred Nobel refererer til som kriterier for fredsprisen i sitt testamente av 1895.» Ordlyden i testamentet er at fredsprisen skal gå til den som«under det forlupne året […] har verkat mest eller bäst för folkens förbrödrande och afskaffande eller minskning af stående armeer samt bildande och spridande af fredskongresser.»

Eg for min del meiner Nobel-komitéen denne gongen har svært god dekning for si tolking av N0bels testamente. I dette innlegget vil eg visa at «Europas sameinte statar» faktisk var eit overordna, langsiktig mål som det knapt var strid om i den fredsrørsla som inspirerte Nobel til å oppretta fredsprisen. Til dømes støtta Bertha von Suttner, som gav Nobel idéen til prisen og som vart den første kvinna som vann han i 1905, dette målet (slik det framgår her). Den amerikanske historikaren Sandi E. Cooper avsluttar sitt standardverk om den europeiske fredsrørsla mellom 1815 og 1914 med følgjande setning: «The legacy of nineteenth century pacifism is modern liberal internationalism, most recently adapted in the new European Community, with headquarters in Brussels and Strasbourg» (Cooper 1991, s. 212).

For å forstå bakgrunnen for dette, må vi gå historisk til verks.

Fred som europeisk problem

Både fredsrørsla på 1800-talet og Alfred Nobel verka og tenkte i ein europeisk kontekst. Spørsmålet om internasjonal krig og fred var inntil den russisk-japanske krigen i 1905 først og fremst eit spørsmål om forholdet mellom europeiske stormakter. Europa dominerte verda og avgjorde dermed også om det var krig eller fred. Heilt inntil 1945 var det mest krig, og dermed også størst krigsskadar, i Europa. Derfor vart krigen som problem sett svært tidleg på den offentlege dagsorden i Europa.

Romarrettsleg og kristen ideologi medverka til det. Romarriket rettferdiggjorde si overnasjonale makt med førestellinga om ein romersk fred (pax romana). Denne vart overført til middelalderens idé om ei overnasjonal kristenheit, med den heilage romerske keisaren som verdsleg overhovud og paven som åndeleg. Ei av deira viktigaste oppgåver var å hindra krig mellom kristne.

På grunn av islams frammarsj i sør, krona med erobringa av Konstantinopel i 1453, og kristendommens frammarsj i nord, krona med kristninga av Litauen i 1386, vart kristenheita etter kvart praktisk talt lik med det geografiske Europa. Med framvoksteren av sjølvstendige bystatar og territorialstatar vart det meir krig i Europa. Keisarens overnasjonale makt vart sterkt innskrenka. Kyrkja utvikla ein teori om rettferdig krig, men heldt fast ved at paven måtte godkjenna krigar og mekla mellom statar.

For dei tidlege talsmennene for kristen einskap på tvers av dei framveksande statane i Europa var indre fred og felles front mot islam dei viktigaste argumenta. Den franske skribenten Pierre Dubois (?1250-?1312) blir gjerne rekna som den første som tok til orde for europeisk union. Dubois gjekk inn for at paven skulle gje opp all si verdslege makt og for at keisarverdigheita skulle overførast til kongen av Frankrike (som gjorde krav på arven etter Karl den Stores europeiske rike til liks med den tysk-romerske keisaren). Han skulle så leia ei ny krossferd mot Det heilage landet. Også Dante Aligheri, pave Bonifatius VIII og Ægidus Romanus, som publiserte mellom 1280 og 1315, vert av og til framstilte som tidlege europatilhengarar. Men diskursen til alle desse var framleis grunnleggjande kristen. Ingen av planane deira brukte ordet Europa eller europeisk.

Maximilien de Béthune, greve av Sully

Men vidare politisk og religiøs splid stimulerte til meir statsbygging og ei verdsleg statsforståing à la Machiavelli. Fleire innsåg at frivillig samanslutning av suverene statar var nødvendig for varig fred. Den første moderne planen for europeisk føderasjon vart utforma av statsministeren til den franske kongen Henrik IV, hertugen av Sully (Maximilien de Béthune, 1560-1641), mot slutten av den siste religionskrigen (trettiårskrigen, 1618-1648). Sullys Grand dessein var moderne i den forstand at han føreskreiv ei politisk sameining av suverene og likestilte statar for å fremja fred og felles velstand, basert på faste grenser, mellomstatlege forhandlingar, maktbalanse, religiøs toleranse og fri handel.

Freds- og Europa-prosjekt i opplysingstida

Dei stadig hyppigare og meir grusomme krigane på 1600- og 1700-talet motiverte eit aukande tal liknande forslag til europeisk føderasjon som garanti for «evig» fred. Nokre av dei mest omtalte slike planane frå denne perioden vart utgjevne av William Penn i 1693, av John Bellers i 1710, og av abbeden av Saint-Pierre (Charles-Irénée Castel) i 1713-1717.

Penn tok den nederlandske unionen som sin modell, mens Bellers skjelte til Sveits og sitt eige Storbritannia (den engelsk-skotske unionen oppstod i 1707). Desse demokratisk orienterte tenkarane planla ein føderasjon av konstitusjonelt styrte statar. I sitt Essay Towards the Present and Future Peace of Europe (1693) føreslo Penn eit parlamentarisk styrt Europa. Røystevekta til representantane i det Europaparlamentet han førestilte seg skulle bestemmast av den økonomiske tyngda til medlemslanda. Blant fordelane med europeisk einskap og fred Penn framheva, var mange liv og pengar spart, meir rasjonelle vegnettverk, tryggare og enklare reiser, større respekt for kristenheita blant dei vantru og større tryggleik overfor ottomanane.

Penn ønskte å ha med dei russiske og ottomanske rika i sitt europeiske forbund. Dette hadde vore uaktuelt for Sully, som det også var for dei fleste seinare fredsteoretikarar. For dei var russarane og tyrkarane framande og utanforståande, representantar for «orientalsk despoti». I sitt Projet pour rendre la Paix perpetuelle en Europe inviterte Saint-Pierre såleis berre statsoverhovud i det kristne Europa vest for Russland til å delta. Kvart medlemsland skulle ha ei røyst, og konfliktar skulle løysast ved skiljedom (valdgift) vedtatt ved fleirtalsavrøysting. Det var Rousseau som med sin inngåande kritikk seinare gjorde Saint-Pierres fredsprosjekt kjent.

Også Gottfried Leibniz (1646-1716) presenterte planar for europeisk fred og einskap. Sjølv om han var lutheranar gjekk Leibniz inn for kristen einskap, samarbeidde med både lutherske og katolske fyrstar forutan med den Habsburg-romerske keisaren i Wien. I 1677 og igjen i 1715 gjekk han inn for eit Dante’sk europeisk keisarrike med utgangspunkt i det tysk-romersk-habsburgske riket, styrt av eit råd eller senat av representantar for medlemslanda. Leibniz rekna seg som verdsborgar og sa han «ønskte å tena heile menneskeætta.»

Omgrepet «kristenheita» gjekk meir eller mindre ut av offisiell bruk i løpet av opplysingstida på 1700-talet og vart erstatta av «Europa» forstått som eit interesse- og identitetsfellesskap, basert på maktbalanse og menneskeleg framsteg gjennom fri flyt av ikkje berre varer, tenester, kapital og arbeidskraft, men også av idéar, opplysing og fornuft.

Émeric Crucé (1590-1648) gjekk inn for dette i sin fredsplan Le nouveau Cynée (1683), saman med standardisering av vekt og mål, til og med ein felles valuta. Ei fast mellomstatleg forsamling med sete i Venezia og der også muslimske land skulle vera med, skulle mekla dersom det oppstod splid. Éméric de Vattel (1714-1767) skildra Europa som “eit politisk system der nasjonane […] er bundne saman av sitt samkvem og sine interesser til éin organisme. Det er [….] eit slag republikk, med medlemmer som er sjølvstendige, men som er bundne saman av ei felles interesse: oppretthalding av orden og varetaking av fridom.»

Montesquieu (1689-1755) framheva internasjonal handels fredsskapande evne. David Hume (1711-1776) hevda at «nothing is more favourable to the rise of politeness and learning, than a number of neighbouring and independent states, connected together by commerce and policy”. Adam Smith (1723-1790) meinte laissez-faire økonomisk politikk, frihandel og ikkje-intervensjon var beste måten å fremja fred og velstand.

Etter kvart, og spesielt etter den franske revolusjonen (1789), kom dessutan liberalarar og radikalarar til å fremja ein fredstanke som William Godwin (1756-1836) uttrykte slik: «demokratiske land er naturleg fredsæle fordi det store fleirtalet vanlege folk alltid vil streva etter å unngå krig».

Framveksten av liberal internasjonalisme

Jeremy Bentham

Jeremy Bentham

Spesielt Jeremy Bentham (1748-1832) og John Stuart Mill (1806-1873) gav viktige bidrag til utforming av liberal internasjonalisme (og kom dermed til å inspirera seinare liberal internasjonal teori og funksjonalistisk integrasjonsteori). Dei trudde at statars hang til krig kunne overvinnast ved å fremja felles økonomiske interesser, folkeretten, kommunikasjon og forståing blant nasjonar. Bentham kalla si skisse ein Plan for Universal and Perpetual Peace (1843). Han føreslo ein «kongress» av statar, men såg ingen trong for overnasjonal makt. I staden satsa han på at «folkemeiningas tribunal» skulle sørgja for innføring av sanksjonar mot land som braut folkeretten. Mill framheva internasjonal handel som den beste åtgjerda mot krig.Ein annan framståande talsmann for liberal internasjonalisme på 1800-talet var den radikale frihandelstilhengaren og antislaveri-aktivisten Richard Cobden (1804-1865).  Cobden understreka moderne kommunikasjonars evne til å spinna menneska inn i ein vev av velstand og forståing. Cobden og Victor Hugo var blant dei mest framståande deltakarane på den den tredje internasjonale fredskongressen i Paris i 1849, som var via opprettinga av Europas sameinte statar (sjå under).

Immanuel Kant (1724-1804) sitt essay Zum ewigen Frieden (Til den evige fred, 1795) var meir radikalt. Som Mill og Bentham trudde Kant på handel som fredsmiddel. Han la likevel langt større vekt på dei politiske føresetnadane for fred enn dei britiske tenkarane. I følgje Kant kravde evig fred ein demokratisk konstitusjon i kvart land; ein folkerett grunnlagt på eit forbund av frie statar; og ei «kosmopolitisk» eller global lov som knesette «universell gjestfridom» (respekt for alle «fornuftige» menneskes rettar som verdsborgarar). I internasjonal politikk gjekk Kant inn for ein stadig utvida union av nasjonar (civitas gentium), som til slutt skulle omfatta alle folkeslag.

Kant var sterkt påverka av Jean-Jacques Rousseau (1712-1778), som i sin kritikk av Saint-Pierre hadde hevda at internasjonal fred er berre råd når den menneskelege fornuft er omforma, ny-forma, av-framandgjort og utvikla til sitt høgaste nivå av det gode samfunn. Både Kant og Rousseau understreka såleis den politiske viljens tyding. Rousseau meinte europeisk einskap kravde ein revolusjon som berre kunne gjennomførast med uakseptabel bruk av makt.

Europas sameinte statar som fredsgaranti

Claude Henri de Saint-Simon

Claude Henri de Saint-Simon

Den eksentriske franske grev de Saint-Simon (Claude Henri de Rouvroy, 1760-1825), som blir rekna som ein tidleg sosialist og banebrytar for sosiologien og positivismen, var meir radikal. Hans De la réorganisation de la Societé Européenne, ou de la nécessité et de moyens de rassambler les peuples de l’Europe en un seul corps politique en conservant à chacun son independance nationale (1814) var kanskje det mest ambisiøse forslag til føderal omorganisering av Europa nokon sinne.

Saint-Simon sin appell var retta til Wien-kongressen (1814-1815) som utarbeidde fredstraktatar og fastsette internasjonal orden i Europa etter napoleonskrigane og oppløysinga av Det heilage romerske riket. Wien-kongressen vart den første av ei rekke diplomatiske konferansar som fekk namnet «den europeiske konserten». Henry Kissinger (i Diplomacy, 1994, s. 82) og mange i samtida såg kongressystemet som eit slag «europeisk regjering». I så fall var det den antirevolusjonære gamle ordens regjering, som Saint-Simon og den radikale fredsrørsla på kontinentet vende seg mot.

Saint-Simon sin plan kom til å påverka dei fleste fredsplanane på kontinentet i neste generasjon. Alle gjekk inn for ei føderal europeisk regjering og argumenterte at krig var ei unødvendig sløsing med ressursar i eit moderne samfunn. Men Saint-Simon og hans arvtakarar insisterte på at føderasjonen måtte vera eit parlamentarisk styrt folkeforbund av demokratiske statar heller enn eit mellomstatleg forbund av konservative regjeringar à la den europeiske konserten. Krav om innanriksk rettferd var nå, etter den franske revolusjonen, knytta til kravet om utanriksk fred.

Saint-Simon sine idéar vart mellom anna vidareførte og vidareutvikla av Auguste Comte (1798-1857) og Guiseppe Mazzini (1805-1872). For Mazzini var menneskeætta ikkje ei kosmopolitisk verd delt inn i uforanderlige nasjonalstater, men ein heilskap, skapt av Gud, som sameinte folk i medvitet om eit felles opphav og ei felles framtid. Mazzini grunnla i 1834 Det unge Europa, ei internasjonal samanslutning av progressive nasjonalistar til forsvar av likskap og brorskap mellom alle folkeslag. I vedtektene vart ein europeisk føderasjon definert som «ein einskap som skal vera fri og spontan, slik han ville vera i ein vanleg føderasjon der alle folk er heilt likestilte … kvar [skal] framleis [vera] herre over sine eigne interesser, sin lokale saker, sin særtrekk.»

På 1840-talet hadde uttrykket «Europas sameinte statar» blitt vidkjent. Blant kontinentale fredsplanar inspirert av Saint-Simon kan nemnast Pierre Leroux sin Organon des vollkommenen Friedens (1837); Gustave d’Eichtal sin De l’Unité Européenne (1840); Victor Considérant sin De la Politique générale et du rôle de la France en Europe (1840) og Constantin Pecquereur sin De la Paix (1841).

Den organiserte fredsrørsla

Etter 1815 oppstod ei rekke fredsforbund, ligaer og foreiningar som kjempa ein lang og seig kamp for fred i Europa. Oppslutninga gjekk i bølgjer; store krigar førte gjerne til tilbakeslag, og dei fleste styresmakter og aviser latterleggjorde og motarbeidde fredsaktivistanes innsats som utopisk. Men fredsrørsla voks særleg under kapprustinga fram mot første verdskrig, då ho mobiliserte millionar europearar og amerikanarar i fredskampanjar. Rørsla bana veg for eit stort tal internasjonale institusjonar og organisasjonar som har overlevd fram til i dag, til dømes Den faste valdgiftsdomstolen i Haag og Den inter-parlamentariske unionen. Sandi E. Cooper reknar som nemnt også EU inn i arven etter fredsrørsla mellom 1815 og 1914 (men eg for min del vil føya til at i røynda spela kristelegdemokratar ei vel så viktig rolle som liberale internasjonalistar i opprettinga av EU, sjølv om sistnemnde så vel som sosialdemokratar også var aktivt med).

Fredsforbunda i Europa og USA organiserte aktivitetane sine på lokalt, nasjonalt og etter kvart internasjonalt plan. Internasjonale kongressar vart gjennomførte med ujamne mellomrom frå 1816 fram til den planlagde kongressen i Wien i september 1914 måtte avlysast. Etter første verdskrig vart kongressane gjenopptekne og heldt fram til det nye krigsutbrotet i 1939.

Fredsrørsla var først dominert av uortodokse kristne pasifistar i USA og Storbritannia, særleg kvekarar (som Penn). Etter kvart slutta liberalar, radikale, demokratar og også sosialistar og feministar seg til. Med eit spenn frå moderate høgre til det sosialistiske venstre, frå kristne fundamentalistar til ateistar og frå USA til Russland måtte det oppstå mange motsetningar. Men overordna mål, som (meir) demokrati, menneskerettar, frihandel og anna fritt samkvem mellom land og folk, forutan utvikling av folkeretten, obligatorisk mekling i internasjonale konfliktar, etablering av ein internasjonal skiljedomstol, og på lang sikt ein føderasjon av demokratisk styrte europeiske statar, vart det etter kvart stor grad av semje om.

Organisatorisk var fredsrørsla i første halvdel av 1800-talet dominert av ei rekke kvekar- eller andre kristne fredsforbund i England og Nord-Amerika. Det første fredsforbundet var New York Peace Society, grunnlagt i 1815 av kvekaren David L. Dodge. Kvekarar grunnla også British Society for the Promotion of Permanent and Universal Peace i 1816.

Desse tidlege amerikanske og britiske fredsforbunda gjorde mange forsøk på å mobilisera kontinentale europearar for sine idéar. Spesielt «den lærde smeden» Elihu Burritt agiterte for ein europeisk «nasjonanes kongress» etter amerikansk føderalt førebilete. I 1821 oppstod eit Société de la morale chrétienne i Paris. Men det første forbundet med fred som hovudformål vart oppretta av grev Jean-Jacques de Sellon, i Génève i 1830. Men også for han var fredssaka religiøs (Sellon var hugenott), og ikkje politisk. Dei fleste medlemmene tilhøyrde det høgare borgarskapet, og de Sellon var skeptisk til demokrati. Men han var også reformistisk og engasjerte seg spesielt mot dødsstraff og ståande arméar og for allmenn utdanning og eit internasjonalt meklingstribunal.

Internasjonale fredskonferansar

Den første internasjonale fredskonferansen vart arrangert av dei britiske og amerikanske fredsforbunda i London i 1843. Men for å oppmuntra fredsrørsla på kontinentet vart dei neste slike konferansane haldne i Brussel (1848), Paris (1849) og Frankfurt am Main (1850), før dei igjen vart tilbakeførte til Storbritannia (London 1851, Manchester 1852, Edinburgh 1853). Men på alle kongressane frå 1843 til 1853 kom dei fleste delegatane frå USA og Storbritannia.

Victor_Hugo

Victor Hugo

Opningstalen til den franske forfattaren Victor Hugo på fredskongressen i Paris i 1849 er blitt berømt:

«vi skal [snart] sjå to store samfunn, Amerikas sameinte statar og Europas sameinte statar, rekka kvarandre handa over havet. […] Ein dag skal koma då du, Frankrike – du, Russland – du, England – du, Tyskland – alle de, kontinentale nasjonar, utan å mista dykkar eigenart og dykkar strålande individualitet skal gå opp i ein overordna einskap og utgjera ein europeisk brorskap […] ved nasjonanes allmenne røysterett, ved høgtideleg vedtak i eit storarta, suverent senat, som vil vera for Europa det parlamentet er for England, det riksdagen er for Tyskland, det den lovgjevande forsamlinga er for Frankrike.»

Men 1849 var motrevolusjonens år, og få i den radikale fredsrørsla på kontinentet ønskte seg ein føderasjon der einevaldsherskarar deltok på linje med meir liberale regjeringar. Dette var ein av grunnane til at amerikanske føderalistar som Burritt fekk lite støtte og etter kvart sette seg meir moderate mål. Det var også lite oppslutnad om absolutt pasifisme på kontinentet. Dei fleste kontinentale fredsaktivistar godtok forsvarskrig og valdsbruk mot reaksjonære og undertrykkande einevaldsregime.

Krim-krigen 1853-56, den amerikanske borgarkrigen 1861-65 og den fransk-prøyssiske krigen i 1870 vart store tilbakeslag for fredsrørsla. Ingen ny universell fredskongress fann stad før 1889. Fredsaktivistane var overraska over at nasjonal opinion faktisk støtta regjeringanes krigspolitikk. Det kunne verka som om demokrati – i alle fall utviding av røysteretten – og nasjonalisme oppmuntra til krig heller enn fred. Dette førte til at mange i fredsrørsla mista tilliten til folkemeininga. Innsatsen for å påverka regjeringane direkte auka.

Det amerikanske fredsforbundet, som såg slaveri som eit større vonde enn krig, støtta nordstatane i borgarkrigen. Det britiske fredsforbundet derimot tok framleis avstand frå all vald, og fordømte i 1864 nasjonalisme som «ein dårleg, låg, egoistisk og ukristelig idé [….], lagnadstung ikkje berre for freden, men for all framgang i fridom og styresett.»

Frederic_Passy

Frédéric Passy

I 1867 oppstod to konkurrerande tyngdepunkt i den europeiske fredsrørsla, eitt basert i Paris og politisk orientert mot sentrum-høgre, og eitt basert i Génève og orientert mot sentrum-venstre. I Paris etablerte den franske økonomen og politikaren Frédéric Passy (1822-1912) Ligue internationale et permanente de la paix. Passy delte den første Nobel-fredsprisen i 1901 med Raude kross-grunnleggjaren Henry Dunant. Fredsrørsla til Passy var dominert av moralistiske, religiøse og antimilitaristiske holdningar. I Génève grunnla Charles Lemonnier same år Ligue internationale de la paix et de la liberté, inspirert av Kant, Saint-Simon og dei amerikanske Federalist Fathers. Blant dei visstnok seks tusen deltakarane på stiftingskongressen var Victor Hugo, John Stuart Mill og Guiseppe Garibaldi.  Anarkisten Mikhail Bakunin uttalte på møtet at «det er berre på ein måte at fridom, rettferd og fred kan vinna fram i europeisk internasjonal politikk og gjera borgarkrig uråd innan den europeiske familien: å oppretta Europas sameinte statar».  Fredskongressen i Génève vedtok som sitt fremste mål å arbeida for Europas sameinte statar, og ligaen byrja å utgi eit tidsskrift kalla Les États Unis de L’Europe.

Mens Passy sin liga var politisk og religiøst nøytral, var Lemonnier og hans tilhengarar radikale. Dei såg seg som arvtakarar av den franske revolusjonen og gjekk inn for å erstatta kongedømmet med republikk, protesterte mot kyrkjas makt og støtta demokrati og menneskerettar (etter kvart også kvinnefrigjering og likestilling). På stiftingsmøtet gjekk Garibaldi inn for revolusjon, og ei gruppe franske sosialistar kritiserte kapitalistisk undertrykking. Lemonniers liga var ikkje prinsipielt pasifistisk.

Christian_Lous_Lange

Christian Lous Lange

Den meir moderate linja til Passy hadde likevel mest framgang. Kampsakene var internasjonal nedrusting, mekling og valdgift. Den universelle parlamentariske fredsunionen, etablert i 1876 med parlamentarikarar frå mange europeiske land som medlemmer, samla seg om dette. Valdgifts- og fredsforbund vart grunnlagde i Danmark, Sverige og Noreg i 1882-3. I 1889 vart Den interparlamentariske konferansen for internasjonal mekling grunnlagt, og i 1892 Den inter-parlamentariske union og Det interparlamentariske byrået. Den energiske nordmannen Christian Lange (far til seinare utanriksminister Halvard Lange) arbeidde som generalsekretær for Den inter-parlamentariske unionen i Brussel frå 1909 til 1933 (bortsett frå i krigsåra, då han var i Kristiania). Han fekk Nobels fredspris saman med Hjalmar Branting i 1921 (les Langes Nobel-føredrag om internasjonalisme her).

Veksande nasjonalisme, imperialisme og kapprusting i 1880- og 1890-åra førte til ei gjenopptaking av dei internasjonale fredskongressane. Den første sidan 1853 fann stad i 1889. Den universelle fredskonferansen i Roma i 1891 inviterte dei europeiske fredsforbunda til å gjera Europas sameinte statar til sitt hovudsiktemål. Den universelle fredskongressen i 1892 tok til orde for europeisk konføderasjon etter linjene skissert av Lemonnier. Kongressen oppretta eit fast sekretariat, Det internasjonale fredskontoret (International Peace Bureau), som framleis finst.

Fire forskjellige typar fredsforbund var representerte på kongressen i 1892: angloamerikanske religiøse pasifistar, sekulære pasifistiske ligaer, organisasjoner etter lesten til Lemonnier sin føderalistiske Génève-liga, og folkerettslege foreiningar og International Arbitration and Peace Associaton of Great Britain and Ireland, grunnlagt av Hodgson Pratt i 1880. Mange kvinner hadde nå også engasjert seg i fredssaka. Men valdgift var i følgje Hinsley (1963) det einaste programpunktet 1892-kongressen kunne bli samde om.

Mot institusjonalisering av fred

Opprettinga av ein internasjonal domstol for frivillig valdgift vart då også det viktigaste resultatet av dei mellomstatlige første og andre fredskonferansane i Haag i respektive 1899 og 1907. Vonbrotne over dette gjekk nokre fredsaktivistar igjen inn for meir radikale, føderalistiske planar. Nå overtok faktisk britiske liberale føringa. Sir Max Waechter (1837-1924), ein forretningsmann og kunstsamlar fødd i Stettin, Tyskland (i dag i Polen), omfamna idéen om Europas sameinte statar i 1909 og grunnla ein European Unity League i 1913 (som mellom anna fekk Bertha von Suttners støtte). Det britiske fredsforbundet erklærte seg samd og gjorde seg til talerøyr for ei full samanslåing av nasjonal suverenitet. Dei britiske kvekarane gjekk inn for Europas sameinte statar i 1910. I 1911 gjorde den britiske National Peace League det same.

Men samtidig som deler av britisk opinion vart meir vennleg stemt til samling av Europa, vende kontinentale europeiske radikalarar seg mot. Stridens eple var spørsmålet om det tsaristiske Russland burde delta. Demokratar og radikale utanfor Tyskland fann dette «orientalske despotiet» uakseptabelt.

Fram mot første verdskrig skjedde det ei tilnærming mellom den liberale, borgarleg dominerte fredsrørsla og den sosialistiske arbeidarrørsla. Den andre internasjonale såg på imperialismen og militarismen som uttrykk for kapitalistisk konkurranse og åtvara at dersom arbeidsgjevarane framprovoserte ein krig, ville arbeidarane nekta å ta del. Jean Jaurès definerte proletariatet som «menneskemassane som kollektivt elskar fred og hatar krig.» Den andre internasjonales Basel-konferanse i 1912 omtalte proletariatet som «fredens fortropp i verda» og erklærte «krig mot krig.» Kontinentale katolske sosialistar og anarkistar, inspirert av franske intellektuelle som Charles Fourier, Philippe Buchez og Joseph Proudhon, etterlyste eit desentralisert, føderalt Europa. Men Den andre internasjonale braut saman i 1914 på grunn av manglande evne til å stå saman mot utbrotet av første verdskrig. I staden samla dei fleste av medlemspartia, liksom mange fredsaktivistar, seg rundt den nasjonale fana til sine respektive regjeringar.

Krigsutbrotet i 1914 provoserte først fram fornya agitasjon frå fredsrørsla etter eit føderalt Europa. Fleire opprop om det same kom etter krigen, då Penns essay og utdrag frå Saint-Pierre og Rousseau vart utgjevne på nytt i London. Men iveren kjølna snart. Fredsrørsla kom til å støtta eit mellomstatleg forbund heller enn europeisk føderasjon. Innan januar 1917 hadde dei fleste europeiske regjeringar slutta seg til president Woodrow Wilson sitt forslag om å oppretta eit Folkeforbund (League of Nations).

Folkeforbundet

Folkeforbundets gamle hovudkvarter i Geneve

Folkeforbundet vart etablert i Genève i 1919 og var den første permanente mellomstatlege regjeringsorganisasjonen. Forbundet oppnådde både suksessar og fiaskoar, men svikta i den avgjerande oppgåva med å førebyggja ein ny verdskrig. I 1946 vart det erstatta av FN, som er blitt ein verkeleg universell organisasjon.

I Europa er EU blitt ein regional oppfølgjar med eit meir forpliktande samarbeid som nå har hindra krig på kontinentet i over seksti år. EU har dermed kome langt på vegen mot nettopp den «forbrødring» den europeiske fredsrørsla 1815-1914 etterlyste, og som Alfred Nobel ville oppmuntra. På meg verkar det småleg, nærsynt og provinsielt å hevda noko anna. Dessutan er jo demokrati og respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippet, som fredsrørsla også kjempa for, nå ein føresetnad for EU-medlemskap.

Som eg har vist over, var dessutan store delar av fredsrørsla på 1800-talet verken nøytralistisk eller prinsipielt pasifistisk og anti-militaristisk. Å tolka Alfred Nobels testamente som om det var tilfelle ville gjera det praktisk talt uråd å dela ut fredsprisen i dag. Ei bokstavtru tolking som Heffermehl etterstrevar ville dessutan truleg skapa endå større reaksjonar enn Nobel-komitéens praksis. Ei slik forståing ville i tillegg vera anakronistisk. Ordlyden i testamentet reflekterer Nobels samtid. For at prisutdelinga skal gi meining i dag er det nødvendig å fri seg noko frå den (liksom frå fokuset på «siste år», som Nobel-komitéane i både Stockholm og Oslo alltid har tatt lett på). Men utdelinga i år er heilt i testamentets ånd.

Litteratur:

Cooper, Sandi E. (1991), Patriotic Pacifism. Waging War on War in Europe, 1815-1914. (New York, Oxford: Oxford University Press).

Hay, D. (1957), Europe. The Emergence of an Idea (Edinburgh.  Edinburg University Press).

Heater, D. (1992), The Idea of European Unity (Leicester: Leicester University Press).

Heffermehl, Fredrik S. (2008), Nobels vilje (Oslo: Vidarforlaget).

Hinsley, Francis H. (1963), Power and the Pursuit of Peace.  Theory and Practice in the History of Relations Between States (Cambridge: Cambridge University Press).

Knutsen, T.L. (1997), A History of International Relations Theory, 2nd edn. (Manchester: Manchester University Press).

Lange, Christian L. (1919), Histoire de l’internationalisme 3 b. (Kristiania: Aschehoug). Opptrykk 2009.

Nedrebø, Tore (2010), Past and Present Sources of European Union. A Comparative, Historical-Institutionalist Analysis (Dr philos-avhandling, Universitetet i Bergen).

Pagden, A. (ed.) (2002), The Idea of Europe: From Antiquity to the European Union (Washington: Woodrow Wilson Center Press).

Rougemont, D. de (1966), The Idea of Europe (New York: Macmillan).

Wilson K. and Dussen, J.v.d. (eds.) (1995) The History of the Idea of Europe (London: Routledge).

Oversikt over internasjonale fredskongressar på 1800- og 1900-talet: http://en.wikipedia.org/wiki/Peace_congress og http://peace.maripo.com/p_conferences.htm

7 responses

  1. Jeg gratulerer gjerne Tore Nedrebø med interessante innsikter i fredsarbeidets historie, men det han skriver er likevel helt irrelevant for spørsmålet om årets Nobelpris til EU. Nedrebø begår den samme kardinale misforståelse som Stortinget og Nobelkomiteen, de ser på uttrykk i testamentet og hva de finner det mulig/forsvarlig å tolke inn i dem. Lesning av testamenter handler om hva testator la i ordene, hva ville Nobel? Dette krever kunnskap om Nobels og datidens begrepsbruk, testamentets tilblivelseshistorie (spesielt løftene Nobel ga til Suttner om å gjøre noe stort for hennes bevegelse) osv.

    Dessverre har norske politikere i mange år vært skjønt enige om å se helt bort fra Nobels vilje. De har ikke tolket testamentet, ikke engang lest det. Som jeg har påvist i tre bøker om Nobelprisen (Nedrebø refererer bare til den norske) står det entydig og klart å lese i testamentet hva slags fredsarbeid Nobel ville støtte. Norske politikere har foretrukket å gi en pris for «fred» i sin store alminnelighet, i stedet for å sette seg inn i hvilke «fredsforkjempere» Nobel beskrev i teksten. Det å legge akkurat det som har passet norske politikere inn i begrepet «fred» har blitt en metode som har gjort det mulig for Stortinget å overta prisen å bruke den for egne formål.

    Det er helt i orden at den norske politiske eliten ønsker å holde fester for kolleger og feire favoritter, Ahtisari, Obama, Sirleaf Johnson og EU, om de bruker norske penger. Det er galt, ja kriminelt, å bruke Nobels penger og prestisjen som knytter seg til Nobelprisene til å fremme sine egne agendaer.

    Nedrebø har virkelig interessante poenger rundt Europas forente stater. Han må gjerne ha rett i at denne ideen var populær hos både Suttner og Nobel (jeg har ikke hatt sjansen til å sjekke). I så fall tenkte de to, slik Nedrebø bekrefter, på det som den gang var verden. De ønsket å finne løsninger for å sikre et nedrustet «nasjonenes forbrødring» på folkerettens grunn for det som gjaldt som datidens «internasjonale samfunn.» I dag teller verden mange fler aktører og en global fredsorden av nedrustede nasjoner må for å få mening omfatte alle stater på alle kontinenter. Dette er et typisk eksempel på de tilpasninger som er nødvendige for å realisere testamentets sentrale formål i dagens virkelighet.

    Det er ikke galt å modernisere prisen, det gale er å se helt bort fra Nobels visjonære hensikt om fred gjennom samarbeid om nedrustning, heller enn det mer og mer kostbare og farefulle spillet om å få overlegen makt og militær styrke. Det er det siste spillet EU går inn i for fullt. Med sine battle groups, våpenutviklings- og våenproduksjons- og våpenhandelsstimulerende tiltak har det markert seg for nettopp det motsatte av hva Nobel ville støtte – og ikke et sted i EUs politiske plattformer finner man noen tanke om å gå inn for en global fredsorden av nedrustede nasjoner.

    Jeg ser gjerne at Nedrebø med sin tilknytning til UD formidler kommentaren her til relevante personer i UD-systemet. Det ville være mye bedre om norsk utenrikspolitikk ble inspirert av Nobels fredsvisjon enn å fremme norsk utenrikspolitikk, slik det nå er.

    Fredrik S. Heffermehl, jurist og forfatter av flere bøker om Nobels fredspris

  2. Takk til Fredrik S. Heffermehl for kommentar. Men eg skjønar ikkje korleis han kan meina at det eg skriv er «helt irrelevant for årets fredspris», når eg etter å ha stilt same spørsmål som han, nemleg kva Nobel la i orda i testamentet, og i nokså stor detalj har gått gjennom «Nobels og datidens begrepsbruk» og også er innom fredsprisinspiratoren Bertha von Suttners oppfatningar, meiner at årets fredspristildeling ligg uvanleg nært opp til testamentets både bokstav og ånd.

  3. Tore Nedrebø ser, som norske politikere, bort fra at Nobel forfattet et juridisk dokument som ved hans død ble bindende for all fremtid. Såfremt de tiltenkte mottagere fortsatt fins er det ikke mulig å få tillatelse til å endre formålet. Nedrebø har gått inn i datidens begrepsbruk, generelt, men ikke spesialstudert hva Nobel la i begrepene ”fredsförfäktare” og ”nasjonenes forbrødring” – det jeg har gjort i mine bøker (http://www.nobelwill.org). Det påfallende er at i de fem år som er gått har ingen prøvd å diskutere eller motsi mine sentrale teser:
    1) at det er testator Nobels hensikt som teller, og
    2) at Nobel ønsket å støtte fredsbevegelsen som arbeidet for en global demilitarisering på folkerettens grunn.
    I mine bøker har jeg også forklart alle de avsporings- og forvirringsteknikker som er brukt for å slippe unna ubehagelige erkjennelser om Norges offentlige misbruk av Nobels navn, penger og prestisje. Nedrebø har gjort en grepa innsats og få vil ha tid til å ta stilling til den omfattende fremstillingen. Den er egnet til å komplisere fredsprisens innhold og tema og – ut fra Nedrebøs nære arbeidstilknytning til UD: kan jeg føle meg helt sikker på at han ønsker å klargjøre mer enn å forvirre?

    Fredrik S. Heffermehl

  4. Til dette vil eg berre presisera, som det også framgår andre stader på bloggen, at eg skriv i privat kapasitet og ikkje på vegner av UD. Ikkje minst i lys av fredspristildelinga i Liu Xiabo i 2010 er det elles drøyt å påstå at «Nobels pris brukes til å fremme norsk utenrikspolitikk».

    • Jo, dette er vanlig å hevde, selve glansnummeret for påstanden om at en komité av tidligere statsråder, stortingsrepresentanter og en leder som har vært statsminister, utenriksminister og stortingspresident er helt selvstendig og uavhengig. Jeg godtar at Xiaobo-prisen først og fremst passet godt med USAs interesser; også det er i stadig høyere grad norsk utenrikspolitikk. Ellers ble Nobelkomiteen satt tydelig på plass av det svenske stiftelsestilsynet (Länsstyrelsen) for å i et innlegg å ha hevdet at den er «helt selvstendig og uavhengig og ikke skal ta instrukser fra noen.» Feil, sa den svenske myndigheten, den svenske Nobelstiftelsen har det overordnede og endelige ansvar for å påse at alle tildelinger holder seg innenfor «testamentets formålsbeskrivelse.» Detaljer og dokumentasjon fins på nobelwill.org.

  5. Tilbakeping: The European Union: A Worthy Nobel Peace Prize Laureate « Europæus norvegicus

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: