EU-toppmøtet tok nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg steg ut av krisa

Angela Merkel, Mario Monti og Herman Van Rompuy på møtet i Det europeiske rådet. Foto: Bundeskanzleramt

EU-toppmøtet denne veka overraska positivt og gav grunn til litt meir optimistisme for euroens framtid. Men det er framleis mange skjær i sjøen. Euroforien i finansmarknadane vil gå over når ein innser kor langt det er igjen før euroen kan friskmeldast.

På førehand var eg skeptisk til at Det europeiske rådet ville kunna einast om ei langsiktig løysing på eurokrisa. Men toppmøtet vedtok seint natt til fred ei utsegn om eurosona som legg eit nødvendig, om ikkje tilstrekkeleg, grunnlag for ei langsiktig løysing. Det var truleg nok til å stabilisera marknadane ei stund, kanskje ut dette året.

Viktigast er at utsegna inneheld eit vegkart mot bankunion. Ho set til og med ein frist for når Kommisjonen må framleggja forslag til ei ny, overnasjonal bankovervakingsmekanisme tilknytta Den europeiske sentralbanken: innan utgangen av året. Når og viss denne mekanisma kjem på plass, kan EUs langsiktige redningsfond ESM brukast til å skyta pengar direkte inn i kriseramma bankar som dei spanske og kjøpa statsobligasjonar i kriseramma land som Italia. I dag kan berre nasjonale styresmakter gjera dette, men der behovet er størst har styresmaktene minst pengar. Dermed oppstår ein vond sirkel som den europeisk løysinga som nå ligg på bordet er meint å bryta. Opplegget førte til at rentene på italienske og spanske statsobligasjonar fall og aksjekursane og euroverdien steig på fredag.

Utfallet er blitt tolka som først og fremst ein spansk, italiensk og fransk siger, men også forbundskanslar Angela Merkel var nøgd (les nøkterne kommentarar om kven som «vann» her og her). For Tyskland var det viktig at løysinga skulle bli fellesskapeleg for at landet skulle ha tilstrekkeleg medråderett over bruken av redningsfondet, som i stor grad vil bestå av tyske pengar. Men alle euroland må avgi suverenitet for å ta dei stega mot fiskalunion og dermed ein reell økonomisk og monetær union som det nå blir lagt opp til.

Som Jean Pisani-Ferry ved tankesmia Bruegel skriv (her), er det likevel mykje som skal falla på plass før ein kjem så langt. Og alle EU-land må gi sin tilslutnad, også dei som ikkje brukar euroen. I Tyskland må grunnlovsdomstolen ta stilling til fem klager før forbundspresident Gauck vil skriva under dei nødvendige vedtaka (les meir om det her).

Frankfurter Allgemeine Zeitung sin kommentator Holger Steltzner meiner Merkel har late seg pressa til å ta rekninga for gjeldskrisa, akkurat motsett det ho sa før møtet (les kommentaren her). Men den tyske forbundsdagen vedtok fredag med to tredels fleirtal å ratifisera den tidlegare vedtatte fiskalpakta og ESM (sjå videoreportasje her). Det er dette grunnlovsdomstolen må godkjenna, noko han truleg gjer. Men vedtaket i Brussel natt til fredag inneber utvida bruk av ESM, og saka må derfor truleg innom forbundsdagen på nytt.

Financial Times skriv nøkternt om toppmøtevedtaket at det faktum » that all the significant euro member states moved towards tying their fates more inextricably together makes the threat of disintegration a bit more remote than just days ago.» The Economist sin Charlemagne-kommentator skriv tilsvarande om «less disunion.» Økonomiprofessor Paul de Grauwe tvitrar at EU-toppmøtet har kjøpt seg tid, men at ESM har for små midlar til at marknadane held seg stabile på sikt. Sjefspessimist Nouriel Roubini hevdar at EU igjen «is kicking the can down the road.» Eurointelligence stiller ei rekke vanskelege, men høgst relevante spørsmål til utfallet av toppmøtet (her).

EUs akilleshæl, alle medlemslands vetorett, består. Problemet er ikkje å bli enige på toppnivå (sjølv om det kan vera vanskeleg nok), men å få med seg parlamenta og veljarane. I dette tilfellet kjempar ein også mot klokka og ein stagnerande verdsøkonomi. Men toppmøtet viste igjen at når krisa bankar på døra, kan det finnast både vilje og veg. Måtte EU ha ei framleis god krise!

…………………………..

Gode kommentarar etter at eg publiserte ovanståande:

Den innsiktsfulle Wolfgang Münchau (Financial Times Deutschland og Eurointelligence) skreiv 1. juli at Angela Merkel var den eigenlege vinnaren i Brussel. Dette fordi ho klarte å unngå at Tyskland måtte ta på seg større ansvar for kriselandas gjeld. Storleiken på ESM er uendra €500 mrd., noko som Münchau (liksom professor de Grauwe) meiner er altfor lite. Han påpeikar dessutan at bruk av ESM til å rekapitalisera bankar kan koma til å krevja endringar i ESM-traktaten. Dessutan står Merkels nei til euro-obligasjonar «i hennar levetid» fast. Dette får Münchau til å meina at Merkel ikkje meiner alvor med pratet om politisk union og at eurosona ikkje vil overleva. Die Zeits Martin Schieritz er samd med Münchau i dette og at Merkel var vinnaren i Brussel.

Eurokrisa sett frå statsvitskapleg synsvinkel

Olav Anders Øvrebø hadde nyleg eit innlegg på den framifrå europabloggen.no med overskrifta «Eurokrisen og de usynlige statsviterne». Her framhevar han at det er økonomane som har dominert i media som ekspertkommentatorar til eurokrisa/gjeldskrisa, mens statsvitarar altså har vore så godt som usynlege.

Nedrebø er samd med Øvrebø i observasjonen. Særleg ettersom han er så vennleg å visa til min og professor Erik Oddvar Eriksen sin blogg som heiderlege unntak.

Statsvitaranes fråver frå debatten er desto meir påfallande fordi dette først og fremst er ei politisk krise. Ho er politisk skapt og må løysast politisk. Den beste innfallsvinkelen til å forstå krisa er dessutan i djupaste forstand statsvitskapleg. Ho skuldast eksisterande nasjonalstatars manglande evne til å gå utover seg sjølv, og dermed statssvikt på europeisk nivå: ein har innført ein overnasjonal valuta utan den nødvendige overnasjonale politiske ryggrad. Det dreiar seg dermed om ei krise for EUs mellomstatlege og overstatlege hybrid-karakter. 

På den andre sida er det kanskje vel så rett å kalla det ei krise for den nasjonale suvereniteten, fordi det er den som hindrar ei effektiv, langsiktig fellesskapsløysing. Men samstundes er eurokrisa også ei legitimitetskrise fordi det er utbreidd – og tilsynelatande veksande – folkeleg skepsis mot politisk union.

Krisa er dessutan ideologisk eller kulturell: ho uttrykker motstridande oppfatningar og forventingar i EU om forholdet mellom stat/fellesskap og marknad, mellom næring og tæring, verdiskaping og verdifordeling. Og det i ei tid då den europeiske konkurranseevna og velferdsstaten er utfordra både av nye mellominntektsland og av eldrebølgja.

Eurokrisa er det mest akutte utslaget av desse innebygde problema i EU, og kan forklarast spelteoretisk utfrå desse. Dei ideologiske motsetnadene saman med mangelen på overnasjonal suverenitet i EU (at alle traktatendringar i EU treng tilslutting frå alle medlemsland), på reelle sanksjonsmogelegheiter og på insentiv til solidarisk oppførsel forklarer kvifor Den økonomiske og monetære unionen og nå eurokrisa er blitt eit nullsumspel og ikkje eit samarbeidsspel. Dette har sett EUs økonomiske og politiske framtid på spel.

Suverene statar har utfrå sin interne politiske og økonomiske situasjon rasjonelt spela på desse premissane for utfall som er optimale for seg på kort sikt, men suboptimale for fellesskapet på lengre sikt. Og spelet held nå fram for å unngå nødvendige, men smertefulle strukturreformer og heller få Tyskland og andre overskotsland til å betala gildet på ubestemt tid. Frankrikes fornya forventingar om å få både i pose og sekk – innføra nye velferdstiltak, behalda nasjonal suverenitet og samtidig pressa Tyskland til å stilla opp – er spesielt påfallande.

Eg er også redd det er den nasjonale suvereniteten som gjer krisa uløyseleg og dermed eurohavari uunngåeleg. Det spranget i retning av politisk union som er nødvendig for å unngå havari krev nokså radikale traktatendringar. Erfaring og dagens nasjonale stemningsleie tyder eintydig på at minst eitt medlemsland vil avvisa dette, og dermed nedleggja veto. Og det landet kan gjerne bli Tyskland, sjølv om Angela Merkel er den som snakkar klarast om politisk union. 

Samstundes er det spelteoretisk fullt forståeleg at Tyskland, som har stelt sitt hus vel, ikkje vil gi frå seg sitt kredittkort, som Frankrike, Italia, EU-kommisjonen og IMF synest å leggja opp til, eller i alle fall krev medinnverknad på nasjonal budsjettpolitikk til gjengjeld. 

EU har malt seg inn i eit hjørne. Og i Storbritannia aukar krisa sjansane for «Brixit», at landet melder seg heilt ut.

Dette er eit nokså enkelt statsvitskapleg resonnement som eg trur er det som økonomane og marknadane nå er i ferd med å ta innover seg. Derfor flyr kapital frå svake til sterke euroland og ut av eurosona, etc. Spørsmålet er mest kor ille det blir når EU for alvor møter sitt Waterloo. Toppmøtet 28.-29. juni vil i alle fall ikkje gi noko langsiktig løysing. Som Financial Times skriv 27.06.2012, «moves towards union take time. And time may be what the euro zone has least of.»

(Innlegget vart justert 27.06.2012 og 28.06.2012)