Malta: Europas ”yderste nøgne ø”

Grand Harbour, Valletta, Malta. Foto: TN

Påskeferien vart i år lagt til Europas ”yderste nøgne ø” mot sør – Malta. Dette framleis nokså fattigslege øysamfunnet har vore nettomottakar av EU-overføringar sidan det vart medlem i 2004. Men i eit langt historisk perspektiv har Europa mykje å takka maltesarane for.

Kosmopolitiske Malta

Malta er med sine vel 400 000 innbyggjarar og 316 kvadratkilometer eit av Europas minste land. Malta vart medlem av EU i 2004 og innførte euro som valuta i 2008. Økonomien er avhengig av omskiping (spesielt av olje), industri (spesielt elektronikk og tekstilar) og turisme. Bank- og finansverksemd er også viktig. Levestandarden (BNI/capita) er likevel den lågaste i Vest-Europa. Malta er nettomottakar av EU-midlar, men mottar lite i høve til sentral- og austeuropeiske land.

Øygruppa, som består stort sett av kalkstein og har lite grøderik jord og ferskvatn, ligg sør for Sicilia og faktisk også sør for Alger og Tunis i Nord-Afrika (men litt nord for Kreta og Kypros). Malta har derfor også vore både møtestad og gnissingspunkt mellom Europa, Asia og Afrika. Opp gjennom historia har Malta vore regjert av grekarar, fønikarar, kartagarar, romarar, bysantinarar, arabarar, normannarar, Hohenstaufen-tyskarar, aragonarar, (spanske) habsburgarar, johanittarriddarar, franskmenn og britar.

Etnisk sett slektar dagens maltesarar truleg mest på dei gamle fønikarane, men dei har også italienske, arabiske, britiske og andre europeiske gener. Språket er klassifisert som semittisk, og er ein avleggar av siculu-arabisk (frå tida då arabarane kontrollerte Sør-Italia og Sicilia), med mange innslag av siciliansk dialekt, italiensk, fransk og etter kvart engelsk.

Katolske Malta

Påskeprosesjon i Valletta. Foto: TN

Malta var eit av dei første områda i verda som vart kristna. Det skal ha skjedd etter at apostelen Paulus av Tarsus stranda her i år 60 e.Kr. under ein seilas til Roma. Dette skal vera ein del av forklaringa på kvifor maltesarane er så ivrig praktiserande katolikkar. Tre av fire (75%) maltesarar oppgav i 2009 å gå i kyrkja minst kvar søndag. Det er fleire enn i noko anna land, inkludert Polen (63%) og USA (43%), for ikkje å nemna Noreg (3%). Det finst då også uvanleg mange flotte kyrkjer på Malta (dei fleste i barokkstil), som ute på landet gjerne står i sterk kontrast til heller usle omgivnader.

Men nyare historiske hendingar er truleg viktigare grunnar til maltesaranes kristendom. I middelalderen låg øygruppa midt i skjæringspunktet mellom kristendommen og islam. I 870 vart Malta herja av muslimske arabarar frå Sicilia, og vart liggjande øyde til ei siculu-arabisk rekolonisering frå 1048-49. Denne varte truleg til den normanniske hertugen Roger I tok øya i 1091. Som resten av den kristne delen av middelhavskystane, vart Malta utsett for gjentatte berberiske sjørøvarherjingar i åra som følgde. På det tidlege 1500-talet gjekk berberarane frå Nord-Afrika i allianse med den ottomanske sultanen mot den spanske krona, som hadde kasta dei ut av Spania og nå heldt på å erobra strategiske byar på kysten av Nord-Afrika. I 1551 herja berberiske piratar Gozo, den nordlege øya i øygruppa der Malta er hovudøya. Så godt som alle innbyggjarane, om lag 5000 i talet, vart ført til Nord-Afrika som slavar.

Johanittarordenen

Dette må sjåast på bakgrunn av at den spansk-tyske habsburgkeisaren Karl 5. i 1530 gav Malta til johanittarordenen (seinare derfor også kalla maltesarordenen), oppkalla etter døyparen Johannes. Til gjengjeld kravde keisaren berre å få ein maltesarfalk i gåve kvart år. Johanittarane var ein kristen riddarorden som vart oppretta på 1000-talet for å tilby sjukepleie til pilgrimar i Det heilage landet.

Etter at krossfararar tok Jerusalem frå arabarane i 1099 fekk ordenen gradvis meir militært preg. I 1154 vart ordenen lagt direkte under paven. Gradvis tok arabarane landet tilbake, og i 1291 vart dei siste riddarane kasta ut. Dei drog då i første omgang til Kypros, men erobra i 1309 Rhodos.

Sultan Suleiman I den Store

Johanittarriddarane klora seg fast på Rhodos i over to hundre år, trass i stadige arabiske og tyrkiske åtak, og dreiv herfrå utstrekt plyndring og slavetaking mot muslimske skip og område. Men sultan Suleiman I den Store sette i 1522 i land over 200 000 mann og gjorde johanittarane igjen heimlause. Riddarane fekk fritt leide ut av Rhodos mot løfte om aldri å plaga ottomanske skip igjen.

Det var etter dette johanittarordenen fekk overta Malta. Dei var snart i gang igjen med sine åtak mot muslimske mål. Suleiman bestemte seg derfor for å gjera endeleg slutt på plageåndene. Å ta Malta var dessutan strategisk viktig i den ottomanske ekspansjonen mot vest. Kontroll over Malta ville gi ottomanane eit avgjerande forsyningspunkt for erobring av Sicilia og Italia og kanskje vidare nordover. Det ottomanske riket hadde tatt Konstantinopel i 1453, og prøvde seg mot Italia for å ta Roma i tiåret etter. Hundre år seinare hadde Suleiman den Store lagt størsteparten av dagens Ungarn til eit rike som då omfatta langt meir enn det tidlegare austromerske riket. I 1529 tok han nesten Wien. Heile det austlege Middelhavet var ottomansk og muslimsk kontrollert. Det same galdt Svartehavet og i stor grad Raudehavet og Persiagolfen.

Beleiringa av Malta i 1565

I mai 1565 byrja ein flåte med truleg om lag 30 000 mann frå Konstantinopel og Nord-Afrika å beleira Malta. Øya vart forsvart av 6000-8000 menn, kvinner og barn, blant dei om lag 500 riddarar og 3000 maltesarar. I september, etter tap av minst ein tredel av styrkane på begge sider (og etter 130 000 tyrkiske kanonkuler), gav beleirarane opp.

Jean Parisot de la Valette, stormeister for johanittarriddarane på Malta under beleiringa i 1565

Då hadde ein unnsetningsstyrke på ca 8 000 mann kome frå Sicilia. Men dei kom så seint at i realiteten hadde ordenen og maltesarane, under leiing av stormeister Jean Parisot de la Valette, utmatta angriparane aleine. Utfallet sveisa då også riddarane og maltesarane saman og styrka dessutan maltesaranes kristne identitet. Johanittarordenen regjerte på Malta fram til han vart kasta ut av Napoleon i 1798.

Nederlaget i 1565 vart eit vendepunkt for den ottomanske ekspansjonen vestover. Konstantinopel prøvde aldri å ta Malta igjen (Suleiman retta i staden igjen merksemda mot Ungarn, men døydde året etter, i 1566). Sidan fekk dessutan Italia og dermed også Vest-Europa vera i fred. Eit nytt strategisk tilbakeslag kom då Den høge porten mista heile flåten sin og 30 000 mann i slaget ved Lepanto i 1571. Sultanen klarte likevel å ta Kreta på 1600-talet og beheldt kontrollen over mesteparten av den nordafrikanske kysten til 1800- og til dels 1900-talet. Men ein multinasjonal europeisk hærstyrke avviste tyrkaranes siste åtak på Wien i 1683. Dette vart det store historiske vendepunktet for det osmanske riket.

Nytt heltemot under andre verdskrig

Den neste store innsatsen for Europa gjorde Malta under andre verdskrig. Inntil 1937 var hamnene rundt Valletta, nå under britisk herredømme, hovudbasen for den britiske middelhavsflåten. Men då Italia erklærte krig i 1940, hadde britane berre ein garnison, nokre få fly og lite proviant på Malta. Som britisk koloni nær Italia og midt i aksemaktenes skipsfartslei, vart Malta bomba sønder og saman i løpet av krigen. Ingen annan stad i verden skal ha fått så mange bomber per kvadratkilomenter som byen rundt Grand Harbour. Men tyskarane lukkast aldri med å ta øya.

I 1943 tildelte den britiske kongen, Georg 6., georgskrossen til ”øyfestninga Malta og innbyggjarane” for utvist mot under bombardementet. Denne høgaste britiske sivile utmerkinga er nå ein del av det maltesiske flagget. Krigserfaringa medførte elles at maltesarane forsonte seg med Storbritannia og gjorde engelsk til sitt andre offisielle språk. Tidlegare hadde mange nasjonalistar gått inn for union med Italia, og italiensk hadde vore utbreidd.

Johanittarordenes flagg i historiespel på Fort St Elmo, Valletta, Malta, i 2005

Ein kuriositet til slutt: Johannittarordenens flagg liknar svært på det danske, berre at dei raude flatene er kvadratiske. Grunnen til dette skal vera at det var eit ordensflagg som dalte ned som frå himmelen då danskekongen var hardt pressa under slaget ved Lyndanisse (dagens Tallinn) i 1219. I følgje eit sagn skal flagget kan ha blitt tatt av vinden frå nokre tyske johanittarriddarar som kjempa i nærleiken. Det tilsynelatande underet sette mot i dei danske soldatane og gav kong Valdemar siger. Flagget er i dag det danske nasjonalflagget, Dannebrog (Høiberg 2011, s.24). Fordi det danske flagget er utgangspunktet for det norske, kan det såleis faktisk vera at vårt norske flagg har johanittarordenes flagg som førelegg.

Europeisk «payback time»

På denne bakgrunn kan overføringane frå EU til Malta sjåast som europeisk ”payback time”. Faktisk støttar også Noreg Malta, gjennom finansieringsordningane under EØS-avtalen. EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein har forplikta seg til å overføra 8,12 millionar euro til Malta i perioden 2004-2014 (NOU 2012:2, s. 765). I hovudbyen Victoria på Gozo kom vi då også over skilt som viser at vi hjelper til å pussa opp det gamle citadellet der, bygd som tilfluktsstad for berberiske sjørøvaråtak (sjå bildet under).

EØS-støtte markert på citadellet i Victoria, Gozo. Foto: TN

Fotnote om det ottomanske riket og Europa:

I lys av det som nå føregår i Tinghuset i Oslo er det sikkert ikkje uproblematisk å skriva at Europa kan «takka» Malta og johanittarriddarane for å ha slått tilbake den tyrkiske beleiringa i 1565. Ein ting er at det ingen av partane oppførte seg akseptabelt etter våre dagars mål. Både kristne og muslimar gjorde seg skuldige det vi nå vil kalla krigsbrotsverk. Til dømes gav stormeister de la Valette etter tapet av Fort St Elmo i 1565 ordre om å halshogga alle tyrkiske fangar og å skyta hovuda deira over til fienden med kanon. Dette skjedde etter at fire hovudlause riddarlik kom flytande med straumen over hamna frå tyrkisk side (Bradford 1961, ss. 139-141).

Ein annan ting er at «den stygge tyrken» har fått eit ufortent dårleg rykte i Europa. Til dømes let ottomanane kristne og jødiske innbyggjarar i områda dei erobra ha relativt stor fridom og sjølvstyre. Mange både ortodokse og protestantiske kristne ville heller bli styrt av muslimar enn av katolikkar. Etter Reformasjonen søkte ein del særleg franske protestantar tilflukt i Konstantinopel. Som habsburgarriket og Tsar-Russland var det ottomanske riket kosmopolitisk og derfor lenge ei viktig motkraft mot den øydeleggjande nasjonalismen som oppstod i Vest-Europa.

Men ottomanane dreiv trass alt eit aggressivt erobringstokt. Etter erobringa av Konstantinopel kalla sultanen seg medvite romersk keisar, og målet med ekspansjonen mot vest (og aust) var verdsherredømme. Dei representerte også eit autoritært, vilkårleg og i aukande grad korrupt styre som det er grunn til å tru at kristne og andre ikkje-muslimske og/eller -tyrkiske undersåttar etter kvart ville ha reist seg mot, slik det faktisk skjedde mellom anna i Hellas (jmf. mitt tidlegare innlegg her). Alle kristne så vel som jødar var dessutan heilt klart annanrangs innbyggjarar. Dei måtte mellom anna svara ein særskatt. Kun muslimar hadde alle rettar (Goffmann 2002). Det er vanskeleg å tenka seg at opplysingstida, demokratiseringa og industrialiseringa kunne ha utvikla seg i eit ottomansk-muslimsk styrt Europa.

Kjelder:

Wikipedia.

Carmel Cassar: A Concise History of Malta. Msida: Mireva Publications, 2000.

Ernle Bradford: The Great Siege. Malta 1565. Harmondsworth: Penguin, 1961.

Daniel Goffman: The Ottoman Empire and Early Modern Europe. Cambridge: Cambridge University Press, 2002.

Hanne Høiberg: Turen går til Malta. Oslo: Aschehoug, 2011.

NOU (Norges offentlige utredninger) 2012:2: Utenfor og innenfor. Norges avtaler med EU. Oslo: Departementenes servicecenter, 2011.

10 responses

  1. Takk for et interessant innlegg som synliggjør ditt ontologiske utgangspunkt og ditt menneskesyn, som jeg synes er helt legitime men samtidig litt gammeldags. Et spørsmål av ren nysjerrighet: Hvilke prediksjoner er mulig ut i fra denne historiefortolkningen når det gjelder de mulige konsekvensene av (1) et eventuelt tyrkisk EU-medlemskap og (2) det faktum at det er mange tyrkiske innvandrere i Europa?

  2. Takk til Hakan for kommentar og spørsmål.

    Til spørsmål 1): Kva som blir effekten av eit eventuelt tyrkisk EU-medlemskap kjem an på korleis EU er på det tidspunktet. Personleg meiner eg EU bør integrerast ein god del tettare, evt i ein indre og ein ytre krins, før eit så stort og forskjellig land som Tyrkia blir med. Og Tyrkia må sjølvsagt bli med på dei premissar som til eikvar tid gjeld. Under desse føresetnader meiner eg tyrkisk EU-medlemskap ville vera ein god ting.

    Til spørsmål 2): At det er mange tyrkiske innvandrarar og dessutan eit aukande tal andre muslimar i Europa er ikkje noko problem så lenge dei rettar seg etter gjeldande lover og bidrar til fellesskapet som gode samfunnsborgarar. Samstundes må vi andre ta rimeleg omsyn til deira religion og kultur. Korleis vi innrettar innvandingspolitikken er ei anna sak. Eg synest stort sett den er grei som han er.

    Men det du kanskje eigenleg spør om, er kva verdigrunnlag eg meiner Europa og EU bør byggja på. Der kunne eg koma meg unna ved å visa til forordet i gjeldande EU-traktat. På dansk heiter det i preambelen at stiftarane «HAR LADET SIG INSPIRERE af Europas kulturelle, religiøse og humanistiske arv, der er grundlaget for udviklingen af de universelle værdier: det enkelte menneskes ukrænkelige og umistelige rettigheder samt frihed, demokrati, lighed og retsstaten,»

    Men det var jo stor strid om det her i staden for «religiøse» burde ha stått «kristne» arv. Utan å vera personleg kristen, meiner eg det siste ville ha vore riktigast og mest presist. Eg forstår og har respekt for kvifor det ikkje vart
    slik, men meiner at det er viktig at europearane er seg bevisste sin historiske identitet, på godt og vondt. Og dagens Europa er ikkje tenkeleg utan kristendommens innverknad.

    Men det betyr ikkje at vi skal vera eksklusive og driva misjon eller religionskrig. Noko av det europeisk og global historie har lært oss, er kor avgjerande toleranse og evne til sameksistens er. Samstundes må vi stå for det vi meiner er det beste og det unike i vår arv.

    Kan eg så spørja tilbake kva du oppfattar er mitt «ontologiske utgangspunkt» og «menneskesyn,» og kvifor det er «gammeldags»?

    Mvh Tore

  3. Mange takk for et langt og detaljert svar. Du har egentlig ikke svart mine spørsmål, men jeg liker det meste av det du skriver. Jeg er heller ikke religiøs og har vært ateist hele livet. Min reaksjon til ditt første innlegg var basert på tre grunner:

    For det første var historieforetellngen om Det ottomanske riket var delvis basert på en del tvilsomme fakta om forholdet mellom religion og imperial makt. Som flere andre imperier brukte de ottomanske sultanene religionen som et middel for å oppnå makt og legitimitet i den muslimske delen av sine territorier gjennom khalif-tittelen. Dette har blitt påvist av historikerne til og med hva gjelder Abdulhamit II, som er kjent som en «islamistisk» sultan. De fleste sultanene hadde kristne mor og gresk, serbisk, fransk, osv som sitt morsmål. De fleste «vezir»ene (statsministrene) og mange hærsjefer / generaler (Pasha) ble valgt blant konvertitter som hadde andre morsmål enn tyrkisk. Både sultanene og vezirene kjente kristendommen ganske godt og innenfra, og dette er blandt de viktigste grunnene for at det multikulturelle «millet» systemet var oppfunnet. Da Fatih Sultan Mehmet erobret Istanbul kunne han kalle seg romersk keiser av to grunner: (1) fordi han egentlig hadde erobret Roma og blitt den nye keiseren i Roma og (2) fordi han hadde en gresk mor (fra Øst Roma). Den tyrkisk-muslimske delen av befolkningen ble sett ned på av det ottomanske slottet som irrasjonale, late og umoderne bønder som ikke kunne brukes i statsadministrasjonen. Parallelt med dette gjelder en direkte faktafeil i innlegget de religiøse minoritetenes status i imperiet. Det er riktig at de måtte betale ekstra skatt mot at de ikke skulle ha verneplikt. På den andre siden, i tillegg til de prilivegene som er nevnt ovenfor i forhold til statsadministrasjon, hadde grekerne for eksempel monopol i svartehavshandelen. Armenerne (og delvis også grekerne) hadde en signifikant tilstedeværelse både som ambassadører og embetsmenn på høyt nivå i imperiets utenrikspolitiske departmenter.

    For det andre, og basert på de ovennevnte fakta, kan den ottomanske imperiale makten ikke uten videre identifiseres med Islam på den essensialistiske måten som du gjør i ditt innlegg.

    For det tredje har saken nesten aldri vært en muslimer versus kristine-sak, i hvertfal i ottomanernes øyner. Det gjaldt primært territorell ekspansjon og nye skatteinntekter. Dette er en felles karakteristisk av alle imperier, og Det ottomanske «imperiet» kan ikke klandres fordi det oppførte seg som et imperium som de andre imperier.

    Til slutt brukes all denne ikke godt nok gjennomtenkte informasjonen for å argumentere for at «Det er vanskeleg å tenka seg at opplysingstida, demokratiseringa og industrialiseringa kunne ha utvikla seg i eit ottomansk-muslimsk styrt Europa». For det første er denne konklusjonen basert på delvis upresise fakta – som også har ført til et sterotype bilde av Det ottomanske riket og et feilaktig bilde av historien primært som en konflikt mellom muslimer og kristne. For det andre er det et grovt metodisk feil å konkludere noe om dagens situasjon basert på fakta så langt tilbake i historien som disse (historisk determinisme?) selv når man antar at faktaene er riktige. Vet vi noe om hvordan Det ottomanske riket hadde vært i dag hvis det hadde overlevd?

    Når det gjelder ditt «ontologiske utgangspunkt» og ditt «menneskesyn» tror jeg alt som jeg skrev ovenfor peker på mitt svar. Det forholdet som du etablerer mellom religion og identitet gir inntrykk av at du har et essensialistisk utgangspunkt i din argumentasjon. Når det gjelder menneskesyn gjelder dette forholdet du foreslår mellom identitet og politisk handling: Dette gir inntrykk av at du tror mennesket ikke kan handle utenfor de rammene som identiteten gir.

    Takk for debatten!

    • Hakan, takk for oppfølging! Berre heilt kort:

      1) Eg kan ikkje sjå at du påpeikar nokre konkrete empiriske feil i mitt innlegg. Vurderinga av kristne generelt som annanrangs innbyggjarar i Det ottomanske riket har eg frå boka av Goffmann eg siterer over. Dette kan vera tilfelle sjølv om nokre grupper og einskildindivid oppnådde særrettar og høge stillingar. Kristne betalte særskatt (rett nok varierande etter tid og stad), og ikkje berre for å unngå at barn skulle takast frå dei og tena som janissarar. Dei fekk heller ikkje ope dyrka sin religion.

      At fakta kan vera diskutable og skeivt eller mangelfullt framstilte, er noko anna. Men eg meiner at mitt innlegg og første svar slett ikkje gav noko svart/kvitt-bilde av det historiske forholdet mellom kristendom og islam eller mellom Europa og Tyrkia. Eg understreka tvert om positive og negative trekk på begge sider.

      2) Derfor meiner eg at eg heller ikkje har noko «essensialistisk» førestelling om dette. Eg har ikkje skrive, og meiner heller ikkje, at berre identitet styrer politisk handling. Generelt meiner eg at både identitet/ideologi/religion og interesser (makt, pengar, prestisje) forutan informasjon/kunnskap og andre faktorar, ikkje minst tilfeldigheiter og einskildaktørar, påverkar slik handling.

      3) Derfor – og sjølvsagt – er eg heller ikkje historisk determinist. Men fordi eg heller ikkje er positivist tillet eg meg å koma med nødvendigvis spekulative, men forsøksvis velgrunna, utsegner.

  4. Hei igjen Tore. Jeg fant ikke din påstand om minoritetenes status i Det ottomanske riket i Goffmans bok som du refererer til. Det må være noe som kan ha blitt falt ut av sin komparative kontekst. På den andre siden finner jeg akkurat det motsatte av informasjonen som du ga, i hans bok:

    «The claim is sometimes made that minorities in the Islamic state constructed by the Ottomans lived more comfortably and with less fear than they did in rival European states, and than they do in the modern secular state. Compared with the other twentieth-century states such as the Habsburgs, the French, the Venetian, or the Russian this argument certainly holds, and it probably also is valid in comparison with those modern nation states that define citizenship exclusively in fabricated categories of ethnicity, race, or religion,» ((Hoffman 2002:pp.111-112).

    Det er egentlig en stor enighet om Hoffmans observasjon i både amerikansk og europeisk litteratur om Det ottomanske riket. Hvis du stoler på Hoffman (og siden du har referert til ham antar jeg at du gjør det) er dette sitatet hans egentlige mening. Mitt videre poeng her er at toleranse, liberale, respekt for forskjeller verdier, osv har ikke nødvendigvis et opphav i et religiøst eller europeisk grunnlag. Det hadde ikke vært målbevisst å basere en europeisk identitet på disse fordii de ikke skiller mellom europeerne og «andre» på en god måte. Som en akademiker som har forsket på statsborgerskap i Vest Europa i snart 18 år kan jeg skrive under Hoffmans observasjon at minoritetenes status i Det ottomanske riket var bedre enn til og med noen av dagens vestlige demokratiske stater. Men med dette mener jeg selvfølgelig ikke at Det ottomanske riket hadde demokrati eller like mye respekt for individuelle menneskerettigheter osv som dagens demokratier. Respekten gikk ut på kollektive grupper og ikke enkelte individer – og det siste har begynt å komme under republikken.

    Når det gjelder minoritetenes privileger i Det ottomanske riket handlet dette ikke om at noen individer med minoritetsbakgrunn fikk fordeler her og der. Det var systematiske og strukturelle privileger som ble støttet og opprettholdt av staten. Med andre ord dette var en beviss politikk som definerte en arbeidsdeling mellom forskjellige «millets» (etno-religiøse grupper hvor den tyrkisk-muslimske gruppen var dårligst stilt, noe som føre til tyrkisk nasjonalisme i ettertid). Denne politikken hadde en essensialistisk antakelse om at noen religoner og kulturer passet bedre for visse oppgaver enn andre. Selv om dette var «rasistisk» i mine øyner, roses dette mye i vestlig litteratur fordi den brakte med seg større fordeler til minoritetesgruppene enn det var (og fortsatt er) tilfellet med i noen vestlige stater hvor nasjonsbyggingen hadde kommet lengre.

    Jeg mener fortsatt at innglegget har et essensialistisk preg, som generaliserer basert på en antakelse om at det europeiske dereier seg primært om forholdet mellom kristendom og islam. Fotnoten avsluttes med et skremselbilde av hva som kunne skje dersom vi i Europa hadde levd under et ottomansk-muslimsk styre nå. Jeg ga eksempler på at de ottomanske sultanene og vezierene hadde multidimensjonale identiter og andre agendaer enn å spre Islam, og du svarte med at du ikke er en positivist. Ingen av oss er ekspert på ottomansk historie, og det er derfor naturlig å gjøre faktafeil. Men man trenger ikke å være positivist for å respektere fakta og betrakte dem i faktaenes egenglige komparative kontekst. Vi er jo begge trent å gjøre akkurat dette.

    • Hakan,
      Dersom du tar med dei neste setningane i sitatet du gjengir frå Goffmann, skriv han: «Nevertheless, it would be a mistake to generalize Bodin’s observation to include every polity. For example, it is difficult to imagine a Christian or a Jew willingly giving up the guarantees of constitutional equality that many modern democracies provide for the structurally guaranteed inequalities (mi utheving) of an Ottoman millet or taife. It is no easier to visualize a Muslim willingly becoming a second-class citizen (mi utheving) in a Christian or Jewish state» (Goffmann 2002, s. 112). Goffmann snakkar her altså eksplisitt om strukturelt garantert ulikskap for kristne og jødar og omtalar dei implisitt som andreklasses borgarar.

      Elles overlet eg til eventuelle andre lesarar å vurdera om mi utsegn om at «det er vanskeleg å tenka seg at opplysingstida, demokratiseringa og industrialiseringa kunne ha utvikla seg i eit ottomansk-muslimsk styrt Europa» er essensialistisk, for ikkje å snakka om eit «skremselsbilde». Men utsegna inneber i alle fall ikkje at eg meiner at toleranse, liberalisme og respekt for forskjellige verdiar nødvendigvis har eit kristent eller europeisk opphav. I store delar av si historie har jo kristendommen og Europa vore svært intolerante.
      Tore

  5. Hei Tore – ja det er fortsettelsen av det avsnittet som jeg siterte fra Hoffman. Mitt poeng er ikke at det ikke fantes ulikheter. Peonget er at: Behandlingen av minoriteter i Det ottomanske riket var bedre enn i de andre imperiene i det tyvende århundre or enn i noen av dagens nasjonale stater. Det skriver han eksplisitt og legger til at det siste ikke kan generaliseres til å gjelde for dagens alle stater. Men dette gjør ikke hans første poeng om minoritetenes komparativt bedre status i Det ottomanske riket. Faktum er at det var en kosmopilitisk Istambulit-elite som snakket et språk som het ottomansk (en blanding av tyrkisk, arabisk, og farsi – med en bismak av gresk – som tyrkere ikke forsto). Det var bare denne eliten som hadde alle rettighetene, og ingen andre grupper. Men det har vært en typisk konservativ-kristen vane å fokusere på bare de krstines og jødes manglenede rettigheter i Det ottomanske riket. Ditt innlegg også legger vekt på bare disse to gruppenes rettigheter og ikke alle gruppene i Det ottomanske riket. Dette forsterker mitt inntrykk at tilnærmingen i innlegget et stereo-typifiserende. Den selektive måten du tolker sitatet fra Hoffman også kan betraktes som et tegn på at dette ikke skyldes manglende kunnskap, men et bevisst politisk forsøk på å konsturere en europeisk identitet. Jeg synes fortsatt at den politiske viljen til å definere Det ottomanske riket som Europas historiske «andre» (i hvertfall i kutlurell forstand) fører til fakta-blindhet og streotypier som ikke har plass i akademisk tenking. På den andre siden respekterer jeg dine synspunkter som en del av en politisk ideologi som prøver å legitimere seg. Enig i at det ikke nytter å føre denne diskusjonen videre når det er andre og mer spennende tema å skrive om. Jeg kommer til å følge med bloggen din, men med kanskje med mindre aktiv deltakelse. Jeg har en amerikansk akademisk debatt-stil som kanskje ikke passer helt inn i denne typen diskusjonsforum hvor folk pleier å være høfligere og mindre direkte.
    Beste hilsen,
    Hakan

  6. Hakan, vi snakkar nok delvis forbi einannan. Eit hovudpoeng i det opphavlege innlegget mitt var at i alle fall eg er glad for at det ottomanske riket ikkje lukkast med å ta Malta i 1565, fordi det kunne ha blitt eit bruhovud til vidare erobring av Europa. Ditt hovudpoeng synest å vera at minoritetar hadde ei betre stilling i det ottomanske riket enn i det kristne Europa. Det trur eg det er mykje i utan at eg har sett meg spesielt godt inn i saka. Men eg held fast ved at kristne og jødar var annanrangs innbyggjarar der (borgarar blir feil uttrykk). At ein del utvalde ikkje-muslimar hadde privilegiar og at den store massen av muslimske innbyggjarar også var underprivilegerte i høve til eliten endrar ikkje på det.

    «Bevisst politisk forsøk på å konstruere en europeisk identitet»? Spørsmålet føreset at det ikkje fanst nokon slik identitet. Det meiner eg er feil.

    Til slutt: eg reagerer på det akademiske maktspråket du brukar og at sterke merkelappar sit så laust: «selektiv», «skremselsbilde», «tvilsomme fakta», «direkte faktafeil»; «grov metodisk feil», og «gammeldags». Dersom dette er representativt «amerikansk akademisk debatt-stil», forstår eg betre den polariserte kulturkrigen som nå pregar amerikansk akademia og politikk. Her på berget synest eg derimot at stilen er meir typisk for blogosfæren enn for akademia.

    Men takk for dine bidrag, som uansett har fått meg til å vurdera på nytt mine standpunkt og måten eg formulerer dei på.

    Mvh Tore

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: