Dei førti dagane på Musa Dagh

Eg er nettopp ferdig med å lesa den mektige romanen De førti dagene på Musa Dagh av Franz Werfel. Den inneheld den dramatiske historia om sju armenske landsbyar på til saman fem tusen menneske i det nordaustlege hjørnet av Middelhavet, på grensa mellom Tyrkia og Syria, som i 1915 rømte opp på fjellet Musa Dagh (Moses» berg) for å unngå å bli utrydda av dei osmanske styresmaktene. Den høge porten (regjeringskvartalet) i Istanbul var då i gang med det som er blitt kalla folkemordet på armenarane i Det osmanske riket. Mykje i romanen er aktuelt i dag. Ikkje berre er anerkjenning av det som skjedde som eit folkemord ei varm politisk potet i mellom anna Frankrike. Historia er også relevant for Tyrkias forhold til EU. Ikkje minst illustrerer akademiske kontroversar omkring Det osmanske rikets overgrep mot armenarane og meir generelt om Edward Saids brannfakkel om Orientalismen frontane i Midtausten-studiar i dag .

Kartet viser den etniske samansetninga av Det osmanske riket ca 1911. Som det framgår, budde flest armenarar i aust. Musa Dagh ligg på austsida av bukta rett fram for spissen på Kypros.

Dei førti dagane på Musa Dagh er tida det tok frå dei sju landsbyane rømte heimane sine til dei som overlevde vart redda. Den sentrale figuren i romanen er Gabriel Bagradian (Moses Derkalousdian i røyndommen), som våren 1915 nyleg hadde vendt tilbake til familiegodset saman med sonen Stephan og den franske kona Juliette etter mange år i Paris. Han skjønar at dei osmanske styresmaktene planlegg nye massakrar på armenarane (det same hadde skjedd i 1895-96), 1908, 1909 og 1912) og overtel landsbyane nærast sitt gods til å forskansa seg oppe i fjellet heller enn å la seg fordriva og omkoma.

Takka vera hans leiarskap, som delvis byggjer på eiga krigseerfaring som offiser i den osmanske hæren, slår armenarane på Musa Dagh tilbake tre tyrkiske åtak. Angriparane blir påførte store tap, men mobiliserer til slutt maskingevær, bergartilleri og så store mannskap at det er klart armenarane er dømde.  Dei er dessutan i ferd med å svelta i hel, etter at all proviant er oppbrukt og tyrkarane har ført bort buskapen deira. Men heilt i siste liten dukkar ein fransk panserkryssar opp på havet utanfor. Etter nokre varselsskot avlyser tyrkarane åtaket og dei om lag fire tusen overlevande blir tatt ombord i kryssaren og tre andre franske og britiske skip som etter kvart dukkar opp. Dei vart førte til Port Said i Egypt.

Manøvrar under slaget om Musa Dagh

Dei førti dagane på Musa Dagh, som først kom ut på tysk i 1933, byggjer altså på ei sann historie. I røynda gjekk det 53 dagar før redninga kom, men den jødisk-austerrikske Franz Werfel skreiv det om til førti dagar for mellom anna å kalla fram bibelske minne om Moses» førti dagar på berget og dei førti dagane med syndflod. Werfels skildring av dei fem tusen armenaranes lagnad og det armenske folkemordet viste seg også å bli eit profetisk varsel om den jødiske holocaust under andre verdskrig.

Men sjølv om det gjekk godt til slutt med dei fleste Musa Dagh-flyktningane, framstår ikkje romanen som noko einsidig heltehistorie. Det er mange nyansar av både psykologisk, politisk og religiøs karakter. Den intellektuelle og forfina rikmannen Gabriel Bagradian er riven mellom sin identitet som europear og som armenar. Han viser seg som ein handlingas mann først når han stiller seg i spissen for sine landsmenn, men oppnår sine sigrar som militærførar på grunn av sin europeiske rasjonalitet og planleggingsevne (i tillegg til erfaringa frå Balkan-krigen i 1912). Identitetskonflikten slår også ut i hans motstridande kjensler for den praktisk udugelege franske sosietetskvinna han er gift med og den unge armenske jenta Iskuhi. Alle tre får livet sitt ødelagt av dei førti dramatiske dagane på Musa Dagh, og går tilsynelatande ei ulukkeleg framtid i møte, trass i redninga. Bagradians son Stephan har då alt dukka under. Vi forstår at hans franske oppvekst hadde gjort det uråd for han å overleva den brutale påkjenninga i det asiatiske «barbariet». Gabriel skjønar han har mista alt og blir frivillig igjen på Musa Dagh. Kva som då skjer, kan ein tenkja seg.

Det er altså til slutt Europa (ved franske og britiske krigsskip) som kjem dei sju armenske landsbyane på Musa Dagh til unnsetnad i det som må ha vore kanskje den første humanitære intervensjonen i verdshistoria. Det er også ein representant for det europeiske «sivilsamfunnet», den protestantiske pastoren, orientalisten og humanisten Johannes Lepsius, som framstår som den einaste som bryr seg om armenaranes lagnad. Hans forsøk på å overtala det tyske utanriksdepartementet til å ta affære strandar på stormaktspolitikk, men han klarar å samla inn store pengemidlar til armenaranes sak. Det er også interessant at Lepsius blir avvist av Den høge porten, men får hjelp til å overlevera pengane frå ei gruppe islamske tradisjonalistar. Dei tar avstand til regimets ungtyrkiske nasjonalisme til fordel for tanken på ein overnasjonal islamsk umma, der kristne og jødar kan utøva sin religion så lenge dei betaler skatt og elles held seg til dei gitte spelereglane. I prinsippet var det slik det gamle osmanske riket fungerte.Tyrkia nektar hardnakka å godta at det var snakk om eit «folkemord» på armenane i 1915-1916. Fleire gonger har tyrkiske styresmakter hindra at Hollywood har laga storfilm om Werfel si bok, som vart ein internasjonal bestseljar. Den amerikanske historikaren Donald Quataert understrekar då også at berre armenarar i det austlege Anatolia vart fordrivne. Armenarar som levde på Balkan eller i det vestlege Anatolia vart ikkje fordrivne. Grunnen skal ha vore at Den høge porten meinte armenarane der sympatiserte med Russland, som kryssa grensa inn i Aust-Anatolia i 1914.

Quataert peikar også på talrike regjeringsdokument som gir ordre om å ta godt vare på dei fordrivne under marsjen austover. Likevel medgir han at osmanske offiserar, soldatar og sivile embetsmenn myrda enorme mengder armenske sivile, kvinner, barn og eldre like så godt som vaksne menn. Om lag 600,000  menneske omkom på denne måten.

Quataert meiner dermed at tyrkisk nasjonalisme ikkje var årsaka til massakrane. Likeså meiner han at nasjonalisme ikkje var grunnen til at Det osmanske riket gjekk under i 1922. Det store fleirtalet av innbyggjarane, armenarar, bulgarar, serbarar, arabiske, kurdiske, tyrkiske osv. så vel som både kristne og muslimar, ville etter hans meining har føretrekt at det gamle multinasjonale og multireligiøse riket hadde overlevd.

Nasjonalistrørslene vart drivne fram av eit fåtal som søkte politiske og økonomiske fordelar dei ikkje kunne oppnå i Det osmanske riket. Avgjerande vart at dei oppnådde støtte frå dei vestlege stormaktene. Frankrike og Storbritanna overtok då også etter kvart kontrollen over store, tidlegare osmanske område, spesielt i Midtausten. Dersom dette er rett, gir det eit litt anna perspektiv på Europas rolle under i det osmanske sluttspelet enn Franz Werfels.

I 2006 trekte Quataert seg elles som styreformann for det amerikanske Institute of Turkish Studies. Det skjedde etter at Tyrkias ambassadør hadde truga med å stansa pengestøtta fordi Quataert hadde uttalt at det framleis måtte forskast på «folkemordet» på armenarane.

Men den revisjonistiske israelske historikaren Efraim Karsh tar klar avstand frå den «politisk korrekte» oppfatninga at alle problem i Midtausten er vestmaktene si skuld. Han hevdar at Den høge portens dekret om å ta god vare på armenarane under deportasjonane i 1915-16 var spel for galleriet. I følgje Karsh vart dessutan også mange armenarar på Balkan (Trakia) og Vest-Anatolia, inkludert Istanbul, fordrivne og drepne. Alle mista dessutan sine offisielle stillingar. Karsh siterer anslag på omkomne på opptil 950,000.

I følgje Karsh var det dessutan den osmanske regjeringa sjølv som var skuld i oppløysinga av riket i 1922. Trass i innstendige oppmodingar til nøytralitet frå ententemaktene Storbritannia, Frankrike og Russland valde Den høge porten å gå inn i første verdskrig på tysk side. Drivkrafta var ein tyrkisk-nasjonalistisk-islamistisk draum om eit revitalisert imperium. Derfor knuste den britiske hæren Det osmanske riket og eit nytt statssystem oppstod i Midtausten.

Kjelder:

Franz Werfel: De førti dagene på Musa Dagh. Den norske bokklubben, 1965  

Donald Quataert: The Ottoman Empire, 1700-1922. Cambridge University Press, 2000.

Efraim Karsh: Islamic Imperialism, A History. Yale University Press, 2006.

Wikipedia og BBC: sjå lenker i artikkelen.

Sarkozy som Napoleon

Sofie Gran Aspunvik samanliknar i dagens Aftenposten Frankrikes president Nicolas Sarkozy med den franske generalen og keisaren Napoleon Bonaparte (1769-1821). Sarkozy, som førre veke erklærte at han stiller til gjenval som president, er «Bonaparte i dress».  Med tanke på det tette samarbeidet mellom Sarkozy og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel i europapolitikken siterer ho ei EU-skeptisk britisk avis: «det er gode odds for at Merkozys visjon for Europa vil ende slik som Napoleons gjorde.»

Sarkozy som Napoleon. Det finst mange titals slike bilde på nettet.

Å peika på parallellar mellom Sarkozy og Napoleon er ikkje spesielt originalt (sjå t.d. dette). Det er heller ikkje noko nytt å finna bonapartiske spor i fransk utanriks- og europapolitikk. Men slike samanlikningar skjer oftast utan særleg god forståing for Napoleons historiske tyding og for dei lange linjer i fransk europatenking. Det vil eg derfor gå litt inn på her.

Napoleon Bonaparte var etter mitt syn ein overgangsfigur mellom middelaldersk og moderne fransk europatenking og mellom monarkistisk og republikansk universalisme. Han vart først møtt med begeistring i store delar av Europa som moderniserar og frigjerar frå l’ancien regime (den gamle orden). Men hans brutale okkupasjon utløyste etter kvart konkurrerande nasjonalismar som Europa først byrja å leggja bak seg etter andre verdskrigen.

Vi kan starta med delinga av Karl den Stores rike på åttehundretalet. Saksarkongen Otto gjenoppretta Det heilage romerske riket i den austlege etterfølgjarstaten, Francia orientalis, i 962. Men kongane i det vestlege etterfølgjarrike (Francia occidentalis, det framtidige Frankrike) reiste etter kvart også krav på denne arven og dermed på førarskapen i kristenheita. Den tradisjonelle franske kongetittelen rex christianissimus (den særs kristne kongen) uttrykker denne universelle pretensjonen. Mellom anna Ludvig 14. manøvrerte fleire gonger for å bli vald til keisar i Det heilage romerske riket (men habsburgarane trekte som vanleg det lengste strået).

Napoleon gjekk inn i denne tradisjonen. Mellom 1800 og 1809 etablerte han med sitt kontinentalsystem eller Grand Empire den mest effektive europeiske unionen sidan Karl den Store. Men Napoleon ville vera ein opplyst einevalds- og allherskar. Gjennom sitt system tvinga den kortvaksne korsikanaren kontinental-Europa til ei massiv modernisering i tråd med opplysingstidas universelle idear. Reformene hans medførte ei administrativ og rettsleg standardisering Europa ikkje hadde opplevd sidan romarrikets dagar.  Som døme får det her halda å nemna innføringa av det metriske systemet og utbreiinga av den napoleonske rettskodeksen.

Samstundes fremja Napoleon ein integrert kontinental økonomi med Frankrike som nav. Embargoen mot handel med Storbritannia som han innførte var meint å undergrava det internasjonale grunnlaget for britisk handels- og marineleiarskap. Det skulle også ytterlegare oppmuntra det naget mange kontinentaleuropearar nærte til britisk makt (jamfør Sarkozys pådrivarrolle i å utestenga Storbritannia frå EUs fiskalpakt på toppmøtet før jul).

Samstundes bygde han ut Paris som rikshovudstad med Roma som førebilde. Keisar Justinians Corpus juris var ein viktig inspirasjon for Code napoléon.  Napoleon brukte romerske førelegg for sine titlar som konsul (1799) og keisar (1804), og dessutan til dømes for ørnene på hærfanane sine. Han erklærte sonen sin som «Konge av Roma» og Roma som sitt rikes nest viktigaste by. Han etterlikna Karl den Store ved å invitera paven til Paris for å delta i si kroning til keisar (men i medviten kontrast til Charlemagne passa han på å setja krona på sitt eige hovud). Han søkte legitimitet og romersk-universell aura blant europeiske kongehus ved å gifta seg med ei habsburgprinsesse. Frykt for at Napoleon skulle tilrana seg krona førte til at habsburgkeisaren Leopold II la ned det tusenårige heilage romerske riket i 1806.

Roma hadde alltid vore ein modell for franske (og for andre europeiske) politiske tenkarar. Dei franske revolusjonære hylla den intense patriotismen og rettskafne nøysemda dei identifiserte med den romerske republikken. Robespierre siterte Cicero si rettferdiggjering av mordet på Cæsar for å forsvara septembermassakren i 1792: “Republikken drap dei for ikkje å falla i deira hender». Då Napoleon oppløyste den revolusjonære regjeringa og tok makta i 1799, vart han skulda for å vera ein ny Cæsar. Det var for å imøtegå denne skuldinga at han tok tittelen ‘konsul,’ som var tittelen til den fremste folkevalde i den romerske republikken.

Då Napoleon fem år seinare krona seg til franskmennenes keisar framheva han verdslege romerske trekk ved kroninga. Liksom Augustus hadde gjort i år 27 f.Kr., understreka han at han var keisar i tråd med folkets vilje og fagnad og at hans misjon var å tilføra lov, klårleik og orden til eit Europa som var splitta av strid og motsetnader. Det var derfor paven berre var vitne på Napoleon plasserte keisarkrona på eige hovud.

I memoarane sine rettferdiggjorde Napoleon seg med at han hadde prøvd å verkeleggjera Abbé Saint-Pierre sin tanke om “eit europeisk forbund” eller “felles fedreland”. Han sa at han såg fram til dagen då sonen hans, Kongen av Roma, ville  “gjenforeina Europa i uløyselege føderale band” og vona at det amerikanske systemet ville blir innført i “den store europeiske familien». Han insisterte på at hans eige mål hadde vore å oppnå dette med fredelege midlar. Berre England sin motstand hadde tvinga han til å søkja å oppretta ein europeisk forbundsstat gjennom krig.

Industrialisering, revolusjon og napoleonsk okkupasjon utløyste ein nasjonalistisk og romantisk-historistisk reaksjon i store delar av Europa. Saman med framveksten av historiefaget som sjølvstendig akademisk disiplin medverka dette til at «Europa» vart ein omstridd idé. Europatanken vart viktigare, men det vart inga semje om kva idéen innebar. Ulike grupper hadde ulike idéar om kva Europa hadde vore og skulle vera.

Dei romerske modellane som både dei franske revolusjonære og Napoleon mana fram medverka til at britar og tyskarar tok det gamle Hellas som sitt førebilde. I Storbritannia samanlikna folk sin strid mot Napoleon med dei gamle grekaranes strid mot persarane. Dei var overtydde om at den endelege britiske sigeren mot høge odds, liksom grekaranes siger, skuldast den overlegne moralen og engasjementet til eit fritt folk.

Det som er blitt kalla «Hellas tyranni over Tyskland» byrja alt i 1770-åra.  Men napoleonsk okkupasjon forsterka tyskaranes identifisering med dei gamle grekarane. I sine Talar til det tyske folk sette Fichte likskapsteikn mellom dei franske okkupantane og  imperialistiske romarar i det første hundreåret e.Kr., og mellom den greske motstanden mot romersk ekspansjon og sine tyske landsmenn. Ein intens, mest religiøs filhellenisme fekk dei fleste tyske tenkarar og diktarar til å sjå seg sjølve som greske offer for romersk imperialisme.

Tysk forskarars hovudinteresse i Hellas vart å oppdaga grunnane til den greske nedgangen for å unngå ein liknande lagnad for Tyskland. Tyske historikarar utforska spesielt årsakene til at dei greske bystatanes ikkje slo seg saman mot ytre fiendar. Dette fokuset førte ofte til forakt for gresk demokrati, ettersom gamle greske filosofar, og spesielt Platon, hadde meint at demokrati var eit hinder for effektiv styring og dermed for siger. Dermed vart Sparta modell-polisen for tyske nasjonalistar. Jamfør til dømes den pro-spartiske tendensen hos tyske klassisistar som Julius Beloch i 1890-åra og Helmut Berve på 1930-talet. Berve lovpriste naziregimet som “den sanne arvtakaren etter Sparta og den eigenlege lekamleggjeringa av Hellas.”

Dette er nok ein del av bakgrunnen for at europeiske nasjonalistar har hatt ein tendens til å tenka seg europeisk samarbeid som eit laust gresk bystatsforbund, ein konføderasjon som først og fremst skal stå saman mot ytre fiendar. Fransk europatenking har vore prega av ei spenning mellom ein slik gaullistisk modell (med Frankrike i ei førande rolle) og eit meir romersk-sentralistisk-universalistisk førebilete som tenderer mot føderalisme. Sarkozy har sjølv snakka om behovet for eit føderalt Europa, men tenker tydelegvis likevel i retning av ein mellomstatleg variant. Mot dette står den meir overnasjonale tyske forbundsstatsmodellen, som somme kanskje vil føra tilbake til forbundet som dei fire opphavlege tyske stammane i følgje mytene skal ha inngått.

Uansett historiske førelegg må dagens EU først og fremst vera i stand til å møta nåtidas og framtidas utfordringar. Og då trur eg Sarkozy (og Merkel) trass alt er meir på hogget enn konkurrenten François Hollande. Napoleon ville nok hatt stor sans for Merkozys visjon, men deltaking i prosjektet er i dag trass alt frivillig, om enn krevjande. Det er ein avgjerande forskjell mellom den gong og nå, og gir monaleg betre sjansar til å lukkast.
(Stoffet til dette innlegget er henta frå mi doktoravhandling. Der finn du også kjeldetilvisingar.)

Afrika og Europa

Ein gong eg sat og venta på seine politikarar i ein møtesal i Nigerias hovudstad Abuja, kom eg i prat med sidemannen. Han var i svart uniform og det viste seg at han var politilege med grad tilsvarande major. Arbeidsstaden var det føderale politihovudkvarteret i nærleiken. Etter at eg hadde presentert meg som norsk ambassadør, spurte han kva eg syntest om utviklinga i Nigeria. Eg prøvde å svara diplomatisk. Då smelte han til: «Nigerias ulukke er at britane trekte seg ut (i 1960). Historia viser at dei sterkaste sivilisasjonane overlever. Vi afrikanarar greier ikkje overgangen til eit moderne samfunn på eiga hand. Europa burde ha blitt i Afrika.»

Ingen «big man» i Afrika er presis; dess viktigare ein er, dess seinare kjem ein. Dessutan heitte det jo at «you Europeans have watches, we Africans have time». Så politilegen og eg fekk god tid til diskutera hans høgst politisk ukorrekte påstand. Eg prøvde å antyda at gjort var gjort og at dessutan er nasjonal suverenitet både prinsipielt og praktisk ein føresetnad for modernisering (demokratisk ansvarlegheit, nasjonalt eigarskap og alt det der). Men min historiefilosofisk anlagte nye venn heldt på sitt.

Det var faktisk ikkje første gong eg høyrde slike eller liknande utsegner i Afrika. Aldri offisielt, sjølvsagt, men i fortrulege samtalar – og i nettkommentarar. Offisielt er linja at Europa og Vesten er rota til det meste av det som er gale i Afrika. Først gjennom slavehandelen, så gjennom koloniveldet/imperialismen og utbyttinga som høyrde med det, og etter frigjeringa gjennom underutvikling og avhengigheit (nå kjem heldigvis Kina til unnsetning).

Sjølv har eg kome til at Afrikas utfordringar hovudsakleg har geografiske årsaker. Politiske, økonomiske, sosiale, historiske, klimatiske osv. problem skuldast mest grunnleggande geografisk posisjon: eit separat, enormt kontinent med konstant ekstremver. Det var i det meir tempererte Eurasia det skjedde: livleg kommunikasjon mellom ulike sivilisasjonar førte med seg handel, idéutveksling, utvikling av jordbruk, teknologi, vitskap. I løpet av middelalderen byrja Europa å ta leiinga.

Afrika hadde eit dårlegare utgangspunkt:

”…except in Egypt and other favoured regions, Africa’s ancient rocks, poor soil, fickle rainfall, abundant insects, and unique prevalence of disease composed an environment hostile to agricultural communities” (John Iliffe: Africans. The History of a Continent, Cambridge University Press 2007,  s. 1.)

 

Det lite produktive jordbruket medførte i sin tur låg folketettheit og få byar (historisk har byane vore utviklingssentra). Dette saman med det store ørkenbeltet nord på kontinentet hindra lenge afrikansk medverknad i den livlege kommersielle og intellektuelle utvekslinga i Eurasia. I den grad ein var med (i middelalderen, før europearanes ankomst), var det gjennom islam og slave- og gullhandel. Afrikanarar sør for Sahara oppfann aldri verken skriftspråk eller hjulet (noko av det mest avanserte, var produksjon av superhardt stål, men i liten skala). Men dette skuldast altså ikkje rase eller intelligens, men geografi.

Framleis utgjer lang veg til havet, vanskeleg navigerbare elvar og et tøft klima objektive skranker for mange afrikanarars deltaking i verdensøkonomien.  Dessutan inndelte kolonimaktene kontinentet i økonomisk lite formålstenlege einingar som i dei fleste tilfelle dessutan braut drastisk med lokal tradisjon. Etter uavhengigheita var det med denne bakgrunnen vanskeleg å oppnå stabilitet og utvikling. Mellom anna medverka rivalisering mellom etniske grupper og supermakter til krig og konflikt frå det seine 1960-tallet og utover.

I den grad ein kan tenkja seg dette, trur eg også at utan Europas inntog i Afrika ville dei fleste afrikanarar i dag hatt det mykje verre. Som eg har vore inne på før i denne bloggen, var ikkje det førkoloniale Afrika nokon Edens hage. Levealderen var kort, barne- og mødredødelegheit høg, det var mykje sjukdom, krig og konflikt, og utbreidd slavehandel og slavehald, blant både afrikanarar og arabarar. Det var tradisjonar som vi aldre ville ha tolerert i dag. Afrikansk levealder byrja først å stiga etter introduksjonen av vestleg medisin.

Dermed har eg ikkje sagt at det ikkje er verdifulle sider ved Afrika som har gått tapt, eller at alt europearane gjorde var bra. Tvert i mot. Men det må gå an å sjå like kritisk på afrikanske og andre samfunn som på det europeiske. Arabarar tok til dømes minst like mange afrikanske slavar som europearane, og europearane avskaffa slavehald lenge før arabarane og afrikanarane. Afrika var og er rett og slett langt mindre budd på det moderne, europeisk prega samfunnet enn Europa og Asia.

Min venn politilegen hadde nok rett i historisk sett har nokre kulturar (for ikkje å bruka det belasta ordet «sivilisasjonar») hatt større gjennomslag enn andre og at i eit langsiktig perspektiv treng ikkje det vera berre ille. Men eg har vanskeleg for å tru at han ville ha ønska at europearane hadde overtatt Afrika så fullstendig som dei gjorde med Amerika og Australia.  

Men Afrika er uansett framleis sterkt prega av Europa. Og ennå gir ingen meir bistand, handlar meir med eller investerer meir i Afrika enn Europa under eitt.  Svaret på utfordringane er ikkje å prøva å skru klokka tilbake til verken ein innbilt ideell naturtilstand eller til kolonitida, men større deltaking i den internasjonale arbeidsdelinga. Men ansvaret for det har først og fremst Afrika sjølv. Og akkurat nå ser det jo bra ut; afrikansk økonomi er i sterk vekst. Store delar av Europa derimot slit både med låg vekst og høg arbeidsløyse. Kanskje det er Afrika og Asia, og ikkje Europa, som har framtida for seg? (Slapp av, det trur eg ikkje!)

«Europa er forbode!»

I mitt tidlegare tenesteland Nigeria har det vokse fram ei muslimsk sekt som driv terroristverksemd og går under namnet «Boko Haram«. Haram (eller haraam) er eit arabisk ord som betyr «forbode av Gud»,  «synd», eller «heilagbrøde».  Å eta svinekjøtt eller å driva utruskap er haram. Det framgår av Koranen. «Boko» er eit hausaord (hausafolket bur i det nordlege Nigeria og i nærliggande delar av Sahel-beltet) som visstnok har utgangspunkt i det engelske «book», men som er blitt synonymt med «vestleg utdanning», «vestleg lærdom» eller «vestleg sivilisasjon».  Sidan «boko» i denne forstand historisk, og særleg i afrikansk kontekst, har utgangspunkt i Europa, kan Boko Haram forståast som «Europa er forbode!»

Sjølv kallar visst Boko Haram-rørsla seg for «Folk som har forplikta seg til å forkynna Profetens læresetningar og til jihad». Boko Haram sin dagsorden er å fjerna all europeisk/vestleg/sekulær påverknad og gjera Nigeria til eit puritansk islamistisk samfunn i tråd med Boko Harams tolking av Koranen, uansett om halvparten av nigerianarane er kristne. Landet skal følgja sharia-lovene, banda til Vesten kuttast, demokratiet avskaffast (som vestleg idé, sjølvsagt) og det skal slåast hardt ned på korrupsjon. Rørsla er knytta til ei rekke valdelege aksjonar i Nigeria den siste tida.

I 2011 skal Boko Haram ha vore ansvarleg for om lag 500 menneskes død. Blant desse var den 30 år gamle norske juristen Ingrid Midtgaard, som vart drepen under eit sjølvmordsåtak på FN-bygningen i hovudstaden Abuja 26. august. Midtgaard jobba for FNs program for narkotika og kriminalitet (UNODC). Eg hadde som norsk ambassadør sjølv nokre år tidlegare gått inn for at UNODC i Abuja burde få norske juniorekspertar, så eg kjenner eit visst medansvar. FN vart truleg angripe som representant for ein vestleg moderniseringsmodell. I seinare tid har Boko Haram tatt ansvaret for bombeåtak også på kristne kyrkjer. Men truleg er minst like mange muslimar som kristne drepne.

Slik religiøst grunngjeven, systematisk vald mot offentlege styresmakter er noko nytt i Nigeria (og i Afrika), i alle fall i eit slikt omfang. Men det er ikkje nytt at det oppstår puritanske jihad-rørsler i nordaust-Nigeria. I 1802 byrja fulanien Usman dan Fodio eit opprør mot den dåverande dekadansen i dei dåverande hausastatane i området. Han erobra etter kvart desse statane og også delar av det nåverande nordlege Kamerun. Han grunnla også kalifatet (nå sultanatet) i Sokoto. Sultanen her blir framleis sett som den fremste muslimske leiaren i Nigeria.

Men Boko Haram protesterer også mot den muslimske eliten. inkludert sultanen, som dei meiner er korrupt og korrumpert, berre opptatt av pengar og makt. Og her har dei eit poeng. Nigerias største «problem» er oljerikdommen, som dei oljeproduserande landsdelane ute ved kysten får størst inntekter av. Resten  blir fordelt ut over landet via føderalregjeringa i Abuja. Det meste av dei fordelte pengane blir verande hos regionale og lokale elitar og deira klientar. Lite dryp på klokkaren. Politiske og religiøse leiarar lever på ein stor fot, mens dei fattige massane må klara seg som best dei kan.

Det er ei klar årsak til misnøye. Mange er nok også opprørte av religiøse grunnar, påverka av internasjonal islamsk fundamentalisme og kanskje trent og oppmuntra av terrorgrupper andre stader i Sahel-beltet. Nokre kan dessutan rett og slett vera kriminelle. Bankran har vore ein del av verksemda som er tillagt Boko Haram.

Sektleiar Muhammad Yusuf i politiets varetekt

Men truleg ligg det meir bak.  Ein må spørja kvifor dette fenomenet har oppstått akkurat nå. Den første blodige samanstøyten mellom Boko Haram og politiet skjedde sommaren 2009, rett før eg forlot Abuja.  Då vart den dåverande leiaren, Muhammad Yusuf, regelrett avretta av politiet etter å ha blitt tatt til fange (slikt er vanleg i Nigeria). Mange andre av sektmedlemmene vart drepne.

Mange, inkludert underteikna, trudde dermed at Boko Haram var eliminert.  Men så i 2010 og spesielt 2011 kom nye aksjonar. For første gong skjedde det sjølvmordsangrep i Abuja. Det er nærliggande å tru at dette hadde med politikk å gjera. Den muslimske presidenten i Nigeria, Umaru Yar’adua, døydde i mai 2010, og den kristne visepresidenten Goodluck Jonathan frå delstaten Bayelsa i sør tok over. I april 2011 klarte Jonathan å bli vald til president, trass i at ei uskriven lov tilsa at det framleis var ein muslim frå nord som skulle hatt makta fram til 2015.

Å vera president i Nigeria gir tilgang til ufattelege rikdommar. Jonathan har nok måtta betala dyrt, ikkje minst til eliten i nord, for å få deira støtte. Men i eit land der det meste dreiar seg om pengar, vil det alltid vera nokon som meiner seg forfordelt. I tillegg har det alltid vore spenning mellom nord og sør, muslimar og kristne, og mellom ulike folkegrupper i Nigeria. Det var dette den såkalla Biafra-krigen dreia seg om. Det er dermed ikkje usannsynleg at Boko Haram blir sponsa av misnøgde elitar i nord som vil undergrava Jonathan og i alle fall gjera det uråd for han å bli gjenvald i 2015.

Kva har så dette med Europa å gjera? Vel, Nigeria er som stat eit produkt av europeisk kolonialisme og byggjer på ein vestleg modell. Mykje av korrupsjonen kan dessutan hevdast å vera eit resultat av vestleg driven oljeutvinning, som har medverka sterkt til å undergrave det tradisjonelle afrikanske samfunnet og afrikanske verdiar. Goodluck Jonathan er som kristen ein representant for vestleg kultur.

Men på den andre sida er det ingen veg tilbake til det førkoloniale samfunnet. Det var då heller ikkje statisk, men i stadig endring. Mellom anna var islam på marsj sørover mot Guineabukta då europeiske misjonærar og koloniherrar etablerte seg ute ved kysten og bevega seg nordover. Det var stor sjanse for at heile Vest-Afrika ville ha blitt muslimsk om ikkje ei motrørsle hadde kome. Dessutan hadde det tradisjonelle samfunnet mange sider ved seg som vi i dag finn heilt uakseptable.

I praksis protesterer Boko Haram og tilsvarande fundamentalistar ikkje berre mot ei (vestleg/europeisk) kulturform, men også mot det vi forstår med modernitet. Det er vanskeleg å tenka seg utvikling i tydinga brei velstandsvekst og fattigdomsreduksjon utan vestleggjering/europeisering, industrialisering og sekularisering i ein viss forstand. Reflekterte muslimar aksepterer dette.

Problemet er at det nigerianske samfunnet ennå ikkje har klart å tilpassa seg den vestlege modellen. Ein har til fulle tatt inn over seg materialismen, egoismen og pengejaget, men i langt mindre grad ideala om rettferd, solidaritet og likskap. Dette gir Boko Haram høve til å rekruttera blant sosialt misnøgde, uavhengig av kva drivkrefter som elles ligg bak. Eg har inga oppskrift på kva ein kan gjera med dette. Men det har heller ikkje Boko Haram.  Løysinga er ikkje mindre europeisering, dvs. modernisering, i Nigeria, men meir.