Bybelte-Europa eller Riks-Europa? Stein Rokkan og Europas historie

Stein Rokkan

Stein Rokkans idé om «Bybelte-Europa» har prega mange norske statsvitarars oppfatning av europeisk historie. Men nærare undersøking svekkar Rokkans framstilling. Han overvurderte byanes tyding og undervurderte Det heilage romerske riket og europeisk stormaktspolitikk i sin analyse av det moderne Europas framvekst.

(For English version, click here)

Professor i sosiologi Stein Rokkan (1921–1979) var ein av Noregs mest anerkjente samfunnsforskarar på 1960- og 1970-talet. Rokkan fann eit «stort paradoks» i den europeiske nasjonsbyggingshistoria: Kvifor oppstod ikkje nasjonalstaten i sentrum av Europa, der han så å seia kunne ha gått i dei institusjonelle fotefara til Romarriket, men i periferien rundt? Kvifor voks den moderne, sentraliserte staten først fram i Frankrike, England og Skandinavia, mens tysk- og italiensktalande område var fragmenterte til langt utpå 1800-talet (Rokkan, 1999: 128, 145, 159)?

Forklaringa, hevda Rokkan, var det store talet sterke og autonome byar i det vestlege sentraleuropeiske området som strekte seg frå midt-Italia til Nordsjøen og Austersjøen. Han kalla denne regionen «bybeltet», nokre gonger også handelsbeltet, midtbeltet, bystats-Europa, kjernelandet og «Europas ryggrad». Rokkan meinte det var for mange og for sterke byar i bybeltet til at ein fyrste kunne lukkast i å oppretta ein sentralisert territorialstat der.

Ifølgje Rokkan bygde bybeltets styrke og autonomi i første rekke på handel mellom Nord- og Sør-Europa. I antikken hadde handel med Austen over Middelhavet lagt grunnlaget for mange og sterke bystatar sør for Alpane. Ifølgje Rokkan førte islamsk-arabisk ekspansjon vestover på 600- og 700-talet etter kvart til at den europeiske langsdistansehandelen og, med den, bystaten flytta seg nordover, over Alpane, i retning Nordsjøen og Austersjøen. Rokkan meinte at romerske vegar, romarretten, nettverket til den romerske kyrkja og det felles skriftspråket latin la til rette for eit etter kvart livleg økonomisk samkvem i og gjennom det framveksande bybeltet.

I sin tur vart bybeltet svekka i takt med den oversjøiske, og særleg transatlantiske, handelens oppblomstring i tidleg moderne tid. I «periferien» var territoriet mindre urbanisert og økonomien meir avhengig av landbruk. Dessutan vart kyrkja og skriftspråket her meir nasjonalt, særleg etter Reformasjonen. Det gjorde det lettare for kongane å byggja opp éin dominerande by, den framtidige hovudstaden, som dei kunne erobra omlandet og oppretta ein sentralisert territorialstat frå (Rokkan, 1999: 143–149; 158–159).

Rokkans tankar om bybelte-Europa står sentralt i hans teoriar om europeisk stats- og nasjonsbygging og har fått mykje merksemd i sosiologisk og statsvitskapleg litteratur. Men faghistorikarar har knapt kommentert idéen, og ingen i det heile synest å ha retta kritisk lys mot sjølve førestillinga om bybeltet.[i]

I denne artikkelen argumenterer eg først at idéen om bybeltet byggjer på eit svakt historisk-empirisk grunnlag. Deretter framset eg ei forklaring på «det store paradokset» som legg monaleg større vekt på den rolla Det heilage romerske riket og stormaktspolitikken spela i Europas utvikling enn Rokkan gjer. Eg konkluderer at eit levedyktig, kosmopolitisk-føderalt tysk-romersk rike var ein viktigare grunn til nasjonalstatens forseinka inntog i det vestlege Sentral- og Sør-Europa enn omfattande langdistansehandel og sterke byar. Dette området bør derfor heller omtalast som Riks-Europa (Imperial Europe) enn som Bybelte-Europa (Citybelt Europe).

Fanst bybeltet?

Rokkan var ikkje særleg spesifikk med verken å tidfesta eller å lokalisera «bybeltet». Han definerer det heller ikkje presist, berre skildrar det på ulike måtar som «eit tettknytt band av byar, først i Romarriket, seinare i det tysk-romerske riket, (langs) dei avgjerande handelsrutene nordover, frå Italia over Alpane til Nordsjøen og Austersjøen»; «byar i handelsrutebeltet frå Middelhavet til Nordsjøen og Austersjøen»; eit «sør–nord […] bystrødd sentrum», «eit nettverk av sterke og uavhengige byar» (Rokkan, 1999: 156, 159). Særleg vantar ei nærare forklaring av kva han meinte med «by» i denne samanhangen. Kor stor måtte ein tettstad vera for at Rokkan oppfatta han som by? Kor autonome måtte byane vera for å fylla den rolla han tillegg dei? Når og i kva grad var handelen mellom byar, og spesielt langdistansehandelen mellom nord og sør, stor nok til å sikra bybeltets autonomi?

Når vi undersøker slike spørsmål, viser det seg at det var ei rekke handelsruter mellom nord og sør i Europa i middelalderen, men utan at dei framstår som noko beltemønster av byar i historiske kart (Kinder og Hilgemann, 1977; McEvedy, 1992: 103; Mackay og Ditchburn, 1997: 130, 133 [sjå kart under]; Bagge, 2004: 230). Den landverts handelen mellom nord og sør var dessutan truleg monaleg mindre enn Rokkan synest å førestilla seg, og omfanget av varer som gjekk sjøvegen tilsvarande større.

Større byar i Europa 1100-1300. Kjelde: Mackay and Ditchburn, eds., Atlas of Medieval Europe, London 1997, p. 133.

Frå slutten av 1100-talet voks det fram ein etter kvart livleg handel med tekstilar, skinn, pels og krydder mellom Nord-Italia, Spania, Sicilia og Nord-Afrika i sør og Nederlanda i nord. Varene frå sør vart frakta dels over elvar og dels med muldyr over Alpane. Omsettinga skjedde i den første perioden hovudsakleg på seks årlege varemesser i mindre byar i det autonome grevskapet Champagne (Mackay og Ditchburn, 1997: 129–131; Le Goff, 2005: 113–114). Av ulike grunnar mista Champagne-messene si tyding på slutten av 1200-talet. Ein aukande del av varetransporten gjekk då over til havgåande skip som runda den iberiske halvøya. Brugge fekk si gylne tid som handelsby, mens elvebyane Köln, Frankfurt, Genève og til dels Lyon vart nye sentra for innlandshandelen mellom nord og sør. Hovudgrunnane til byvoksteren i nord var likevel regional økonomisk og politisk utvikling og sjøverts handel i og rundt Nordsjøen og Austersjøen.

Urbane sentra langs sør–nord-aksen var av sterkt varierande storleik og type. På slutten av 1200-talet hadde dei fleste storbyar mellom 10 000 og 20 000 innbyggjarar. Det var flest byar i Nord-Italia, men busettinga var tett også i Flandern og på Sicilia. Overslaga er usikre og varierer, men dei største byane i Europa, med folketal på mellom 50 000 og 100 000, var truleg Palermo, Firenze, Venezia, Genova, Bologna, Milano, Barcelona, Cordoba, Ghent, Brugge, Köln og London. Paris var i ein særklasse, med opptil 200 000 innbyggjarar (Mackay og Ditchburn, 1997: 132; Bagge, 2004: 229; Le Goff, 2005: 102). Bortsett frå Köln hadde dei tyske innlandsbyane færre enn 10 000 innbyggjarar omkring år 1300. Dei fleste av dei var dessutan ikkje primært sentra for langdistansehandel, men for kyrkjeleg eller verdsleg forvalting og lokal handel. Det er vanskeleg å sjå noko beltemønster når det gjeld byar eller handel i dette bildet.

Det underkjente Heilage romerske riket

Dersom det empiriske grunnlaget for Rokkans førestilling om bybeltet er svakt, kva kan forklara hans «store paradoks»? Kvifor oppstod nasjonalstaten så seint i Tyskland og Italia? For å svara på dette, må vi etter mi meining drøfta samspelet i utviklinga av Det heilage romerske riket og stormaktspolitikken i Europa.

Rokkan interesserte seg lite for dette. Han viser rett nok ein stad til «Europas geopolitiske struktur», men berre for å framheva byanes geografisk varierande styrke. Når han legg vekt på «geopolitisk posisjon», er det posisjonen i høve til bybeltet det dreiar seg om. Rokkan er også innom «det internasjonale systemet», men berre i forbifarten, utan noko substansiell drøfting. Hovudgrunnen til dette var nok Rokkans samanliknande, sosiologiske forståingshorisont. Han interesserte seg for økonomiske, religiøse og innanrikspolitiske strukturar, men ikkje for internasjonal politikk. Han var oppteken av klassar, byar, kyrkjer og statsbyggjarar som agentar, men synest ikkje å ha oppfatta Det heilage romerske riket som ein sjølvstendig aktør i det heile. Hans mest eksplisitte diskusjon av Riket er følgjande veldige sveip:

The resurrection of the Holy Roman Empire under the leadership of the four German tribes did not help to unify the territory; the Emperors were prey to shifting alliances; many of them were mere figureheads, and the best and the strongest of them expended their energies in quarrels with the pope and with the Italian cities. […] The fragmented middle belt of cities and petty states was the scene of endless onslaughts, counter-moves, and efforts of reorganization during the long centuries from Charlemagne to Bismarck. (Rokkan, 1999: 146)

For Rokkan var dermed fragmentering og desentralisering det mest framståande trekket ved Riket. Han såg byar, men ikkje noko som likna ein stat. Når Rokkan ein stad går inn på tydinga av «the imperial heritage», omtalar han denne arven som ei avgjerande («crucial») årsak til demokratiets fall og fascismens framvekst på 1900-talet i Tyskland, Italia, Austerrike, Spania og Portugal (Rokkan, 1999: 237–242). For Rokkan synest «empire» utelukkande å ha tydd reaksjonær undertrykking av små nasjonar, ja, rake motsetnaden til den demokratiske, liberale nasjonalstaten som voks fram i Frankrike, England og Skandinavia.

Denne imperie-forståinga avspeglar det som kan kallast ein nasjonal-liberal tenkemåte (Bakka, 1998; Nedrebø, 2010). Dette er tendensen til å gå ut frå at nasjonalstaten er det naturlege endepunktet i historia og å meina at demokrati berre kan vera legitimt og funksjonelt under føresetnad av nasjonal suverenitet.

Nyare historieskriving har svekka slike førestillingar. Historikarar vurderer nå Det heilage romerske riket som ei særeigen, sjølvstendig statsdanning, ikkje som ein mislukka nasjonalstat (Wilson, 1999; Axtmann, 2003). Ein legg vekt på Rikets kosmopolitiske, forhandlingsorienterte og konsensusprega karakter. Nytolkinga tilseier at tydinga til Det heilage romerske riket for det moderne Europa er blitt undervurdert, og ikkje berre av Rokkan, men også av til dømes Charles Tilly (1990). Ein kort historisk gjennomgang skal illustrera dette.

Omgrepet «Heilage romerske rike» viser tilbake til keisar Konstantin si omvending til kristendommen på 300-talet. I 380 vart kristendommen romersk statsreligion, og i 391 kom det forbod mot alle andre kultar. Etter kvart vart kristendommen romanisert og heilt integrert i dei romerske riksstrukturane. Orbis terrarum (den jordiske verda) vart til orbis christianum (den kristne verda), som i sin tur utvikla seg til imperium christianum (det kristne riket, Kristenheita) (Pagden, 1995: 24).

Den siste vestromerske keisaren abdiserte i 476. Men frankarkongen Karl den Store og bispen i Roma, Leo III, oppretta saman eit nytt vestromersk rike første juledag i året 800. Europa nord og sør for Alpane vart igjen sameint under éin keisar, med Aachen som verdsleg hovudstad og Roma som åndeleg midtpunkt. For paven var dette truleg ei sjølvstendeerklæring overfor Konstantinopel og eit trekk i ein strategi for å byggja opp ein ny, lojal kyrkjelyd i vest.

Etter at Karl døydde vart Riket delt i eit vestleg, eit midtre og eit austleg frankarrike. Keisartrona vart etter kvart ståande tom. Men etterfølgjarane etter Karl, oppmuntra av paven, nærte framleis tanken på eit nytt vestleg, romersk og kristent rike. Og saksarkongen Otto I atterreiste Riket då pave Johannes XII krona han til keisar i 962. Riket til Otto omfatta dei tyske og italienske (lombardiske) kongedømma forutan delar av Det midtre frankarriket (Burgund og Lothringen).

Dette er bakgrunnen for framvoksteren i middelalderen av idéen om Det kristne/heilage riket, eller Kristenheita (Christianitas), som pavar og keisarar fremja i fellesskap, mellom anna gjennom krosstoga. På grunn av kristendommens frammarsj i Europa og islams erobringar i Asia og Afrika vart Kristenheita i seinmiddelalderen avgrensa til det geografiske Europa. Kristenheit og Europa vart eitt. Signatarane til fredssluttinga i Westfalen i 1648 oppfatta seg framleis som medlemmer av denne kristne fellesskapen. Idéen om at Kristenheita utgjorde ein overordna religiøs og politisk einskap overlevde i folkerettsleg diskurs til langt inn på 1700-talet (Hinsley, 1986: 182).

Alt på 900-talet oppstod likevel ein etter kvart opprivande strid om kven som hadde siste ordet i Det kristne riket. I byrjinga stod striden mellom paven og keisaren, og Italia var hovudslagmark. Kontroll over Italia, og særleg over den gamle rikshovudstaden og setet til St. Peter, Roma, tydde politisk, økonomisk og ideologisk dominans i Kristenheita. Keisaren tapte denne kampen, kjent som investiturstriden.

Men kapetingarkongane i Det vestlege frankarriket gjorde også krav på arven etter Karl den Store. På 1200-talet var den franske kongen blitt sterk nok til å utfordra både keisaren og paven. Til liks med sin engelske kollega, men ulikt keisaren, var han i stand til å samla under seg eit geografisk samanhengande arveland der han kunne byggja ein territorialstat. Frå nå av vart det sentraleuropeiske Riket tunga på vektskåla og det mest ettertrakta territoriet i strevet etter hegemoni, eller «universelt monarki», som samtida kalla det, i Kristenheita. Dette var opphavet til moderne europeisk stormaktsrivalisering og maktbalansediplomati.

Dei  norditalienske byane (Den lombardiske ligaen) oppnådde de facto sjølvstyre gjennom Konstanz-avtalen i 1183, sjølv om keisaren hevda de jure suverenitet over Nord-Italia inntil Det heilage romerske riket vart avvikla i 1806. Men også nord for Alpane var det nå klart at keisaren ikkje ville vera i stand til å oppretta ein sentralisert, protonasjonal stat. Det som i staden voks fram, var noko som likna ein sentraleuropeisk føderasjon.

Den gylne bullen, ei forfatningsliknande forordning godteken av keisar Karl IV av Luxembourg i 1356, innførte ein føderal struktur som kom til å prega Riket til det vart oppløyst i 1806. Bullen slo fast at keisarverdigheita skulle tildelast gjennom val (monarkar elles i Europa hadde på dette tidspunktet stort sett oppnådd arverett). Forordninga gjorde dessutan slutt på at borgarar kunne appellera til Riksdomstolen mot sine lokale fyrstar. Dette styrka fyrstanes posisjon monaleg. Men keisaren fekk ha fullmakta til å mobilisera Rikets militære styrkar og dessutan ansvaret for felles festningar, vegar og elvar. I tillegg stod framleis om lag 300 verdslege og åndelege fyrstar, rundt 2000 riddarar og 85 frie riksbyar spreidde frå Austersjøen til Sveits under keisarens overoppsyn (van Creveld, 1999: 78–79).

Vidare reformer frå 1495 til 1512 konsoliderte Riksdagen som forum for felles politisk debatt, delte Riket i ti meir oversiktlege regionale krinsar (Kreise) og oppretta to riksdomstolar, Reichskammergericht og Reichshofrat. Samstundes vart romarretten innført som jus publicum, eller Gemeines Recht (riksdekkande rett). Autonomien og legitimiteten til spesielt mindre landfyrstar og til riksbyane vart verande avhengige av keisaren, riksinstitusjonane og rikslovene.

Reformasjonen og dei påfølgjande religionskrigane medverka til meir fragmentering. Augsburg-freden av 1555 viste likevel at sentralmakta framleis var i stand til å møta strukturelle utfordringar gjennom konsensuspolitikk, mekling og kompromiss (Wilson, 1999: 26). Fredssluttinga, som godkjende lutheranismen på linje med katolisismen og vart ein del av Rikets grunnlov, var i stor grad erkehertug Ferdinand av Habsburg (keisar Ferdinand I, 1558–64) sitt verk. Katolske så vel som lutheranske fyrstar støtta opp under riksinstitusjonane og keisaren. Det vanlege synet var ennå at Det heilage romerske riket som etterfølgjar av Romarriket var det mest framståande av dei europeiske kongedømma og det siste av dei fire verdsrika Daniel hadde spådd om i Det gamle testamentet (Asch, 1997: 18–19).

«Viktig for alle, men farleg for ingen»

Det bøhmiske opprøret i 1618 og den følgjande forfatningskrisa i Riket utløyste trettiårskrigen. Men i motsetnad til den vanlege, nasjonal-liberale oppfatninga (sjå t.d. Tilly, 1990: 174), tydde ikkje Westfalarfreden av 1648 slutten for Riket. Det som skjedde, var ei vidare føderalisering og europeisering. Riket vart meir desentralisert, men samstundes ein integrert del av det framveksande europeiske statssystemet.

Det tysk-romerske riket i 1648

På den eine sida førte dermed Westfalen til at fyrstane fekk styrkt si makt ytterlegare i høve til keisaren og til at Sveits, dei nordlege Nederlanda og riks-Italia fekk folkerettsleg godkjent sjølvstende. Men på den andre sida innsåg både landfyrstane og grannelanda at det ikkje var i deira interesse å svekka keisaren og riksinstitusjonane for mykje. Landfyrstane og bystatane hadde fått styrkt sitt medvit om at ingen av dei hadde kraft til å klara seg sjølve i den brutale maktkampen som nå kjenneteikna europeisk politikk. Dessutan hadde religionskrigane stimulert framvoksteren av ein riksidentitet, uttrykt gjennom lojalitet til keisaren og patriotisk byrgskap over riksinstitusjonane (Osiander, 1994: 32).

Samstundes overtydde trettiårskrigen dei framveksande europeiske stormaktene om at viss dei hadde ei felles interesse, så var det å hindra at éi makt aleine skulle oppnå hegemoni i Europa. Dette tydde at keisaren ikkje måtte bli for mektig i høve til landfyrstane, men også at ingen andre makter måtte få kontroll over Riket. Som folkerettslege garantistar for Westfalarfreden og dermed for riksgrunnlova, sørgde den franske og den svenske kongen for det. Det same gjorde dei tre landa som deltok i Riksdagen på grunn av sine landområde innan Riket: Sverige, Danmark og, etter at valfyrsten i Hannover også var blitt britisk konge i 1714, Storbritannia (Osiander, 1994: 42, 78–79; Axtmann, 2003: 132).

I motsetnad til den sentraliserte, territorielle suvereniteten som utvikla seg elles i Europa, vart såleis suvereniteten i Riket delt både internt og eksternt. På grunn av utanlandsk innverknad og fordi Westfalarfreden gav landfyrstane visse utanrikspolitiske fullmakter, vart samstundes Riket praktisk talt nøytralisert i europeisk politikk. Liknande Sveits overlevde Riket som ei ikkje-aggressiv statsdanning fordi dette var i landfyrstanes og i grannelandas felles interesse.

Göttingen-historikaren Arnold Heeren kunne derfor med rette forklara kvifor Riket overlevde trettiårskrigen på følgjande måte:

[…] denne makelause staten hevda seg dels gjennom eiga makt, dels gjennom einskilde heldige omstende, men framfor alt gjennom ei snart allmenn overtyding om at Rikets overleving og fridom var ein føresetnad for det same for heile det europeiske statssystemet. Korleis kunne vel dette ha utvikla seg utan ein slik sentralstat, viktig for alle, men farleg for ingen? Var kanskje ikkje også tysk og dermed ein vesentleg del av europeisk kultur knytte til denne forma? (Heeren, 1809:18. Mi omsetjing)

Habsburgsk kosmopolitikk

Heeren skreiv dette tre år etter at Det heilage romerske riket vart avvikla. Men den konsensusorienterte, kosmopolitisk-føderale rikstradisjonen overlevde, målboren først og fremst av Austerrike (men også av det regionale, «tredje» Tyskland utanom Preussen og Austerrike). Den tyske konføderasjonen av 1815 atterreiste austerriksk dominans innan eit rammeverk som hadde mange likskapstrekk med det gamle Riket, til dømes ein forbundsdag og eit kollektivt tryggingssystem. Desse og andre trekk vart vidareførte i det prøyssisk-dominerte Nordtyske forbundet av 1867 og i Det (andre) tyske riket av 1871. Grunnlovene til både Weimar-republikken av 1919 og Forbundsrepublikken Tyskland av 1949 etablerte eit føderalt og liberalt system med maktfordeling både mellom sentrale statsorgan og mellom desse og delstatane (Länder). Territoria til sistnemnde samsvarte i stor grad med dei gamle rikskrinsane. Ulikt Det andre riket etter Bismarck og Det tredje riket under Hitler, heldt desse føderale Tyskland seg dessutan med ein forsonleg, europaorientert utanrikspolitikk i den gamle rikstradisjonen.

Også habsburgarriket, som overlevde til 1918, følgde gjennomgåande ein konsensusorientert, kosmopolitisk politikk internt og eksternt. Habsburgarane hadde bygd seg opp i det fleirnasjonale, austlege Sentral-Europa, ikkje gjennom krig og erobring, men ved dynastibygging og diplomati. Ei kjensle av habsburgsk, katolsk fellesskap oppstod i motstanden mot Osmanarriket. Den om lag tre hundre år lange islamsk-tyrkiske ekspansjonen inn i Kristenheita vart stansa utanfor Wien i 1683. Katolisismen var ei avgjerande kjelde til legitimitet for Habsburg-keisarane til siste slutt (Rémond, 1999: 87).

Men Habsburg-identiteten vart også styrkt gjennom opplyst politikk på 1700-talet. Til dømes var utdannings- og justisvesenet i Austerrike førebilete for resten av kontinentet. Det var den franske revolusjonen og napoleonskrigane som førte til eit stemningsskifte og til at keisaren oppheva omstridde reformer og tok avstand frå progressive opplysingstidsidéar (Ingrao, 2000: 218–231). Likevel var Det austerrikske riket til Franz I og Metternich framstegsvennleg etter samtidas målestokk. Nasjonalistiske rørsler utfordra det seinare dobbeltmonarkiets integritet, men trugsmålet vart ikkje akutt før i 1914 (Sked, 2001: 323).

Austerrike var det europeiske statssamarbeidet på 1800-talet (kongressystemet) si fremste støtte. Metternich, som opphavleg var frå Rhinland (i det «tredje» Tyskland), snakka om Europa som sitt fedreland (Kissinger, 1994: 86). Ikkje overraskande vart Habsburg-områda ei rik kjelde til planar om europeisk føderasjon mellom 1848 og 1918 (Bugge, 1995). Grunnleggjaren av Pan-Europa-rørsla i 1923, austerrikaren Richard Coudenhove-Kalergi, kom på farssida frå ei framståande adelsslekt med røter i Nederland, Belgia, Bøhmen og Polen. Liksom Tyskland, Russland og Det osmanske riket, gjekk også Donau-imperiet under først og fremst fordi det tapte første verdskrigen.

I det heile verkar det som om Riks-Europa, inkludert Tyskland, Nederlanda, Sveits og Habsburg-landa i aust, var strukturelt predisponert for ein politikk basert på konsensus, kompromiss og samarbeid både internt og på europeisk nivå. Desse delane av Europa tenderte til å bli føderalt organiserte, konsosiale (jmf. Lijphart, 1968), fleirkonfesjonelle og fleirspråklege. Rokkan sjølv erkjenner delvis dette (Rokkan, 1999: 210).

Dette er truleg også ein viktig bakgrunn for å forstå kvifor dei delane av Riks-Europa som ikkje kom under Sovjetsamveldet eller vart nøytrale under den kalde krigen, vart kjernelandet for den europeiske integrasjonen. Den europeiske kol- og stålunionen vart oppretta i 1951 med katolske kristeleg-demokratar frå det regionale Riks-Europa i viktige regjeringsposisjonar i alle seks grunnleggjarland (Flora i Rokkan, 1999: 91). Dei fremste av desse var Konrad Adenauer frå Rhinland, Robert Schuman frå Lorraine og Alcide de Gasperi frå Trentino/Sør-Tyrol. Det transnasjonalt organiserte kristelegdemokratiet, med Det europeiske folkepartiet som overbygging i dag, har heile tida vore den fremste partipolitiske drivkrafta for eit føderalt Europa (Kaiser, 2007).

Italias lagnad

Kva med Italia? Hovudforskjellen mellom Italia og Tyskland var at det i Italia ikkje ein gong fanst ei så laus statsdanning som Riket før samlinga i 1859-70. Nasjonalkjensla var dessutan langt mindre utvikla enn i Tyskland.

Inntil den nasjonale samlingsrørsla (risorgimento) byrja var suvereniteten i det som nå er Italia splitta mellom paven, dei franske, spanske og austerrikske kronene og uavhengige konge- og hertugdømme, bystatar og republikkar. Samlingsverket var i hovudsak eit erobringstokt ved kongedømmet Piedmonte-Sardinia, gjennomført utan folkeleg entusiasme og heilt avhengig av medverknad frå dei europeiske stormaktene, spesielt Frankrike. «Italia er skapt. Nå gjenstår det å skapa italienarar,» kommenterte  nasjonsbyggaren Massimo d’Azeglio i 1867.

Piedmontesisk prega nasjonal einskap vart påtvinga eit land utan historisk tradisjon for slikt. Som i Tyskland kan det hevdast at sentraliserande nasjonalisme la til rette for ei autoritær og imperialistisk utvikling på sikt. Fascismen var «ein logisk konsekvens av at samlingsverket ikkje var ein moralsk revolusjon støtta av folkemassane» (Gilmour, 2011: 332. [Gilmour har ein interessant kommentar til Italias nåverande utfordringa her]).

Så i Italia medverka bystatar i ein viss grad til å forseinka nasjonal einskap. Men også her var dei overnasjonale maktene, pavedømmet og keisardømmet, og seinare andre europeiske fyrstehus, avgjerande faktorar. Ein italiensk nasjonalstat var på ingen måte noko nødvendig eller naturleg historisk utfall. Regionalismen står framleis sterkt i Italia og mange italienarar er ennå medvitne om si innveving i Europa. Dette er truleg viktige grunnar til at Italia i etterkrigstida har vore ein pådrivar for europeisk integrasjon.

Konklusjon

Det synest altså å vera lite empirisk grunnlag for Rokkans idé om bybelte-Europa. Det var ikkje noko «belte» av byar, og byane var mindre viktige enn han trudde. På den andre sida har Det heilage romerske riket og europeisk stormaktspolitikk vore langt viktigare for struktureringa av det moderne Europa enn Rokkan erkjente. Hans nasjonal-liberale perspektiv er nettopp ei påminning om at førestillingar frå samtida alltid påverkar korleis ein tolkar historia. I dag, når Den europeiske unionen igjen understrekar tydinga av einskapstradisjonen i Europa, bør europeisk historieskriving reviderast. I den nye forteljinga om Europa bør det eg føretrekk å kalla Riks-Europa heller enn Bybelte-Europa få sin rettmessige plass. Innan fagdisiplinen samanliknande politikk bør ein i større grad sjå regional, nasjonal, internasjonal og overnasjonal politisk utvikling i samanhang. Stein Rokkans arbeid vil uansett vera ei relevant og viktig inspirasjonskjelde.

Fotnote

[1] Verken Flora (i Rokkan 1999) eller Bakka (1998 ) set søkelys på sjølve bybelte-omgrepet. Heller ikkje Tilly (1990), Therborn (1995), Bartolini (2005) eller Seip (1975), som kritiserte Rokkans tolking av norsk politisk historie, drøfta omgrepet kritisk. Søk i JStor og Google tyder på at det ikkje finst kritisk og empirisk drøfting av begrepet. Dette inntrykket underbygger Stein Kuhnle, mangeårig medarbeidar av Rokkan og professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, i ein epost til meg (05.01.11).  På den andre sida har ei forskingsgruppe leia av den franske geografen Roger Brunet nyleg peika på den urbaniserte regionen Rokkan omtalar som bybeltet som økonomisk, vitskapleg og teknologisk kraftsenter i europeisk historie. Dette området blir gjerne omtalt som «the blue banana» eller «the European backbone», men utan at det blir referert til Rokkan. Eg takkar Jan Petter Myklebust ved Universitetet i Bergen for denne opplysninga.

Merknad
Denne artikkelen er ein lettare omarbeidd versjon av ein artikkel som først vart publisert i Nytt Norsk Tidsskrift nr 3, 2011. Denne bygde i sin tur på mi prøveførelesing til dr.philos-graden 10.06.2010.

Referansar

Asch, R. G. (1997). The thirty years’ war. The Holy Roman empire and Europe, 1618–1648. New York: St. Martin’s Press.

Axtmann, R. (2003). «State formation and supranationalism in Europe: The case of the Holy Roman Empire of the German nation». I Berezin, M. og M. Schain, red., Europe without borders: Remapping territory, citizenship, and identity in a transnational age. Baltimore: Johns Hopkins University Press.

Bagge, S. (2004). Europa tar form. År 300 til 1350. Oslo: Cappelen.

Bakka, P.H. (1998). «Explaining Europe. A Weberian Reconstruction of European Political Development based on Stein Rokkan’s Conceptual Map of Europe.» Dr.philos-avh. Bergen: Universitetet i Bergen.

Bartolini, S. (2005). Restructuring Europe. Centre formation, system building and political structuring between the nation-state and the European Union. Oxford: Oxford University Press.

Bugge, P. (1995). «The nation supreme: The idea of Europe 1914–1945». I Wilson K. og J. v. d. Dussen, red., The history of the idea of Europe (83–150). London: Routledge.

Gilmour, D. (2011). The pursuit of Italy. A history of a land, its history and its peoples. London: Allen Lane.

Heeren, A. H. L. (1809). Handbuch der Geschichte des europäischen Staatensystems, und seiner Colonien. Göttingen: Römer.

Hinsley, F. H. (1986). Sovereignty. 2. utgåve. Cambridge: Cambridge University Press.

Ingrao, C. W. (2000). The Habsburg monarchy, 1618–1815. 2. utgåve. Cambridge: Cambridge University Press.

Kaiser, W. (2007). Christian democracy and the origins of European Union. Cambridge: Cambridge University Press.

Kinder H. og W. Hilgemann (1977). The Penguin atlas of world history: Volume I: From the beginning to the eve of the french revolution. Harmondsworth: Penguin Books.

Kissinger, H. (1994). Diplomacy. New York: Simon & Schuster.

Le Goff, J. (2005). The birth of Europe. Oxford: Blackwell Publishing.

Lijphart, A. (1968). The politics of accommodation. Pluralism and democracy in the Netherlands. Berkeley: University of California Press.

Mackay A. og D. Ditchburn, red. (1997). Atlas of medieval Europe. London: Routledge.

McEvedy, C. (1992). The new Penguin atlas of medieval history. London: Penguin Books.

Nedrebø, T. (2010). «Past and present sources of European Union: A comparative, historical-institutionalist analysis». Dr.philos.-avh. Bergen: Universitetet i Bergen.

Osiander, A. (1994). The states system of Europe, 1640–1990: Peacemaking and the conditions of international stability. Oxford: Clarendon Press.

Pagden, A. (1995). Lords of all the world: Ideologies of empire in Spain, Britain and France c.1500–1800. New Haven, Conn.: Yale University Press.

Rémond, R. (1999). Religion and society in modern Europe. Oxford: Blackwell.

Rokkan, S. (1999). State formation, nation-building, and mass politics in Europe: The theory of Stein Rokkan. Based on his collected works. Red. P. Flora med S. Kuhnle og D. Urwin. Oxford: Oxford University Press.

Seip, J.A. (1975). «Modellenes tyranni: Analyse av Stein Rokkans anvendelse av en sentrum-periferi modell på norsk historie.» I Periferi og sentrum i historien: Studier i historisk metode 10. Oslo: Universitetsforlaget.

Sked, A. (2001). The decline and fall of the Habsburg empire, 1815–1918. London: Longman.

Therborn, G. (1995). European modernity and beyond. The trajectory of European societies 1945–1990. London: Sage Publications.

Tilly, C. (1990). Coercion, capital, and European states, AD 990–1992. Oxford: Blackwell.

van Creveld, M. (1999). The rise and decline of the state. Cambridge: Cambridge University Press.

Wilson, P. H. (1999). The Holy Roman Empire, 1495–1806. London: Macmillan Press.

2 responses

  1. Tilbakeping: City-belt Europe or Imperial Europe? Stein Rokkan and European History « Europæus norvegicus

  2. Tilbakeping: Geert Maks Europa « Europæus norvegicus

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: